Meny
Bli medlem

Eit angrep på det norske folkestyret

Sist endret: 27.09.2020
For Høgre og Frp må TISA-avtala fortone seg som ein våt draum. Desse partia ynskjer å selje ut større deler av Noregs eigedom. Fagforbundet har kravd folkerøysting om avtala. Mykje tyder på at dette kan bli naudsynt, skriv Liv Signe Navarsete.

Av Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant, utanrikspolitisk talskvinne for Senterpartiet


Noreg deltek i desse dagar i forhandlingar om TISA-avtala. Dette er ei internasjonal avtale som omhandlar handel med tenester, der det er forhandlingar mellom 22 partnerar (inkludert EU) og 50 land.

Prinsippa for TISA-avtala er på mange område lik målet med eit EU-medlemsskap, nemleg å fjerne nasjonale reguleringar.

Trass i streng løyndom, tyder lekkasjar på at avtala mellom anna er tenkt å ha to klausular: Standstill- og ratchet-klausulane.

Desse klausulane vil hindre Noreg i å reversere tidlegare konkurranseutsetting av ein gitt marknad, sjølv om ein skulle sjå uheldige resultat av ei slik liberalisering. Vidare vil Noreg binde seg til at framtidige regelendringar alltid skal skje i ytterlegare liberaliserande retning.

Aldri å ta inn att ei privatisert teneste

TISA-avtala fører til at Regjeringa og Noreg vil vere juridisk forplikta til aldri å ta inn att ei teneste i offentleg regi når den først er konkurranseutsett.

Eit døme på konsekvensane er når regjeringa no vil privatisere posttenestene i Noreg.

Privatisering av postleveransane vil gjere det dyrare å sende post utanfor Oslo, og vil spesielt skade arbeidsplassane og busettinga i norske distrikt.

TISA-avtala vil gjere Noreg juridisk forplikta til aldri å gjere postleveransane til ei offentleg teneste i offentleg regi att, uansett kor mange arbeidsplassar som går tapt utanfor Oslo som følgje av privatiseringa frå dagens regjering.

Våt draum for Høgre og Frp

For Høgre og Frp må TISA-avtala fortone seg som ein våt draum. Desse partia ynskjer å selje ut større deler av Noregs eigedom.

Eit døme er Flytoget, som kvart år sida 2006 hatt overskot på over 100 millionar kroner. Dette har gitt rom for blant anna fleire sjukeheimar, skular og vegar i Noreg.

Likevel vil Regjeringa selje Flytoget, gjerne til utanlandske eigarar. Høgre sin stortingsrepresentant, Linda Hofstad Helleland, har sagt at det er viktig for Høgre å selje unna Flytoget raskt. Helland har slått fast at Regjeringa skal «skvise så mye tannkrem ut av tuben» at ei ny regjering ikkje får gjere om att på Regjeringa si privatisering av felles eigedom.

Med TISA-avtala trong ikkje Høgre lenger å frykte valet i 2017. Noreg vil uansett verte overstyrt av utanlandske juristar, slik at vi får meir privatisering og mindre samhald.

Hemmelege TISA-forhandlingar

Forhandlingane om TISA-avtala er hemmelege, utan at det vert gitt tydeleg uttrykk for årsakene til det. Det er avgjerande at folk får informasjon om kva som no skjer.

Sentrale klausular må fram på bordet og diskuterast. Folkevalde må legge grensar for kva Regjeringa kan forhandle om.

Leiar av Fagforbundet, Mette Nord, meiner at kampen mot Tisa-avtala blir like viktig som EU-kampane i 1972 og 1994, og har kravd folkerøysting om avtala. Mykje tyder på at dette kan bli naudsynt.

Det norske folk har tidlegare vist at dei både kan og vil vinne kampen for nasjonalt sjølvstende.