Senterpartiet legg i dag fram sitt alternative budsjett. – Budsjettframlegget inneheld ei lang rekke viktige tiltak for fylket vårt og Sogn og Fjordane Sp har fått stort gjennomslag for viktige saker i vårt fylke, seier fylkesleiar i Senterpartiet Sigurd Reksnes. – Senterpartiet sitt budsjettframlegg har ei heilt anna innretning enn regjerings sitt framlegg. Her brukar vi den politiske verktøykassa til å motverke sentralisering og styrke distrikta. Der Regjeringa og støttepartia bevisst driv sentralisering, driv Senterpartiet ein aktiv distriktspolitikk der heile landet skal takast i bru, seier Reksnes.
- I staden for ei villa nedbygging av tenestetilbod i store delar i landet frå den blå-blå regjeringa med støtte frå Venstre og Kristeleg Folkeparti, ynskjer vi eit systemskifte som aktivt arbeider for å utvikle tilbod, infrastruktur og næring i heile landet, seier Reksnes. - I 2017 er det val av nytt storting. Vårt alternative statsbudsjett viser kva som er viktig for Senterpartiet og som syner kva vi vil arbeide for om vi kjem i posisjon.
Reksnes held fram at det er mange einskildtiltak som gjeld fylket vårt i budsjettet. Reksnes vil særleg framheve:
• Ein styrka kommuneøkonomi med 94,4 mill. kroner meir til kommunane i Sogn og Fjordane enn regjeringa sitt opplegg (oversikt er vedlagt). Dette vil betre økonomien i alle kommunane i fylket.
• 22 mill. kroner i tapskompensasjon til Sogn og Fjordane fylkeskommune og 34,3 mill. kroner meir til regional utvikling og 11,9 mill. kroner meir til næringsretta tiltak som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift.
• 20 mill. kroner til utbetring av flaskehalsar på E39 Byrkjelo – Sandane.
• 20 mill. kroner til planlegging og oppstart av E39 Sande-Myrmel.
• Sogn og Fjordane får 7,3 mill. kroner meir til fylkesveier, 47,9 mill. kroner meir til tunnelvedlikehald og 10,5 mill. kroner meir til båt- og ferjedrift enn regjeringa sitt framlegg. Senterpartiet føreslår også 100 mill. kroner til fylke med store båt- og ferjeutfgifter.
• 75 mill. kroner meir til flaum og skredførebygging nasjonalt.
• Utviding av Vik fengsel (21 mill. kroner).
• Auke tilskotspotten til breiband med 200 mill. kroner (nasjonal satsing).
• 100 mill. kroner til innovasjonsordninga for fornybar bygging av skip og auke i avskrivingssatsen for skip frå 14 til 20 %.
• Betring i kraftverkskatten i Noreg som vil gje betre kommuneøkonomi i kraftverkkommunane, og legge grunnlag for reinvesteringar i kraftverka.
• Auka kapasitet ved barnehusa (nasjonal satsing på 14 mill. kroner – medrekna oppretting av satelitt i Førde).
• Styrking av distriktspolitiet med ei nasjonal satsing på 500 mill. kroner.
• Nasjonal satsing på investeringsmidlar i landbruket med 200 mill. kroner.
• Auka tilskot til Den norske kyrkja med 50,0 mill. kroner og rentekompensasjon for kyrkjebygg med 1,5 mrd. kroner (auka søknadsramme - nasjonal satsing).
• Tilskotsordninga til fiskerihamner vert auka med 20 mill. kroner.
- Lista kunne vore laga mykje lenger, seier Reksnes, - mellom anna er det ei lang rekke nasjonale satsingar som og vil vere viktige for vårt fylke. No skal vi jobbe for å få gjennom mest mogleg av dette i Stortinget. Eg veit at både KrF og Venstre er samd i mange av desse punkta – no er det opp til dei om dei ynskjer å støtte desse og på den måten vere med å arbeide for politisk fleirtal for desse sakene.
– Det blir ein spennande budsjetthaust, avsluttar fylkesleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane Sigurd Reksnes.
- Senterpartiet ynskjer ei desentraliseringsreform – vårt alternative statsbudsjett er eit godt utgangspunkt for dette.
TABELL MED OVERSIKT OVER KOMMUNEØKONOMIEN.
Råme-tilskot |
Råme-tilskot med Sp |
Tiltakspakke med Sp |
Kommune-garanti med Sp |
Total endring med Sp |
Endring i % med SP |
|
KOMMUNANE I SOGN OG FJORDANE |
6 491,4 |
6 585,5 |
0,0 |
0,3 |
94,4 |
1,5 % |
1401 Flora |
657,0 |
666,3 |
0,0 |
0,0 |
9,4 |
1,4 % |
1411 Gulen |
163,9 |
167,2 |
0,0 |
0,0 |
3,3 |
2,0 % |
1412 Solund |
66,5 |
66,3 |
0,0 |
0,2 |
0,0 |
0,0 % |
1413 Hyllestad |
99,7 |
100,3 |
0,0 |
0,0 |
0,6 |
0,6 % |
1416 Høyanger |
253,1 |
255,2 |
0,0 |
0,0 |
2,1 |
0,8 % |
1417 Vik |
176,8 |
177,5 |
0,0 |
0,0 |
0,7 |
0,4 % |
1418 Balestrand |
94,4 |
94,2 |
0,0 |
0,1 |
0,0 |
0,0 % |
1419 Leikanger |
132,8 |
138,4 |
0,0 |
0,0 |
5,6 |
4,2 % |
1420 Sogndal |
401,7 |
408,3 |
0,0 |
0,0 |
6,6 |
1,6 % |
1421 Aurland |
118,1 |
119,0 |
0,0 |
0,0 |
1,0 |
0,8 % |
1422 Lærdal |
138,1 |
139,3 |
0,0 |
0,0 |
1,1 |
0,8 % |
1424 Årdal |
302,0 |
302,7 |
0,0 |
0,0 |
0,7 |
0,2 % |
1426 Luster |
308,0 |
310,6 |
0,0 |
0,0 |
2,6 |
0,8 % |
1428 Askvoll |
194,5 |
197,7 |
0,0 |
0,0 |
3,2 |
1,6 % |
1429 Fjaler |
197,6 |
199,2 |
0,0 |
0,0 |
1,6 |
0,8 % |
1430 Gaular |
186,2 |
193,1 |
0,0 |
0,0 |
6,8 |
3,7 % |
1431 Jølster |
188,2 |
189,8 |
0,0 |
0,0 |
1,6 |
0,8 % |
1432 Førde |
687,8 |
695,5 |
0,0 |
0,0 |
7,7 |
1,1 % |
1433 Naustdal |
174,8 |
181,2 |
0,0 |
0,0 |
6,4 |
3,7 % |
1438 Bremanger |
255,9 |
258,0 |
0,0 |
0,0 |
2,1 |
0,8 % |
1439 Vågsøy |
344,1 |
349,2 |
0,0 |
0,0 |
5,1 |
1,5 % |
1441 Selje |
172,8 |
175,1 |
0,0 |
0,0 |
2,2 |
1,3 % |
1443 Eid |
324,8 |
330,2 |
0,0 |
0,0 |
5,4 |
1,7 % |
1444 Hornindal |
83,4 |
84,0 |
0,0 |
0,0 |
0,7 |
0,8 % |
1445 Gloppen |
353,8 |
363,9 |
0,0 |
0,0 |
10,2 |
2,9 % |
1449 Stryn |
415,4 |
423,4 |
0,0 |
0,0 |
8,0 |
1,9 % |