Meny
Bli medlem

Eit heilt og rikt liv

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Eldrepolitikk handlar om kvardagen til folk. Det handlar om å legge til rette for at eldre skal kunne delta i samfunnet, greie seg lenger ved eiga hjelp og velje sjølv uavhengig av inntekt og formue.

Senterpartiet meiner vi treng ein eldrepolitikk som bidreg til at folk har god livskvalitet heile livet. Difor vil Senterpartiet legg til rette slik at dei kan delta meir i lokalsamfunnet og stå lenger i arbeid dersom dei ønskjer det. Senterpartiet vil prioritere rehabilitering og hjelp til å greie seg sjølv lenger. Vi vil tilby heimetenester der folk bur, slik at fleire kan bu heime hos sine kjære så lenge som mogeleg. Senterpartiet vil gjere det enklare for pårørande ved betre omsorgsløn og gode permisjonsordningar. Vi vil også systematisere samarbeidet med frivillig sektor og frivilligsentralen.

 

Nyleg skreiv fleire aviser om at norske eldre er rikare enn før. Høg bustadformue er ingen garanti for god råd eller lettvinte, trygge kvardagar. Dei eldre blir omtala som ei einsarta gruppe, men gjennomsnittet gøymer at i alderdomen er det like mange individuell personar som elles i livsløpet. Mange har råd til å reise meir. Nokon bruker meir tid med familie og vener, medan andre har stram økonomi og tunge omsorgsoppgåver. Fleire enn tidlegare bur åleine. Difor er det viktig å legge til rette for sosialt fellesskap og ta i bruk dei ressursar dei eldre har.

 

Senterpartiet vil arbeide for liv til åra – ikkje berre år til livet!

 

Jenny Følling
2.kandidat