Meny
Bli medlem

Eit langt større løft i naudhjelp er naudsynt!

Sist endret: 27.09.2020
I budsjettavtala som vert lagt fram i dag vert det bere gjett ei mindre auking i løyvingane til naudhjelp i Syria sine nærområde. Senterpartiets utanriks- og forsvarspolitiske talskvinne, Liv Signe Navarsete, meiner regjeringa ikkje gjer nok for å betre tilhøva i flyktningmottaka i Libanon, Jordan og Tyrkia.
- Til tross for at spesielt Frp tidlegere har gått høgt på bana og lova store midlar til hjelp i nærområda, vert ikkje dette prioritert i statsbudsjettet. Ein kan ikkje argumentere med at ein vil hjelpe fleire i nærområda, når ein ikkje følgjer opp dette i praksis, seier Navarsete.

- Ei rekkje hjelpeorganisasjonar har peika på Noreg i år burde gå føre som eit døme til etterfølging, og løyve 3 milliardar til naudhjelp og humanitær bistand til Syria sine nærområde. Dette har Senterpartiet følgt opp, men regjeringa og samarbeidspartia sviktar. I regjeringa sitt opphavlege budsjettforslag mangla det 1,75 milliardar for å nå målet, og med denne avtala manglar det fortsatt 1,7 milliardar, forklarar Navarsete

 Navarsete peikar på at flyktningane i desse områda manglar det mest grunnleggande.

-          Situasjonen er så ille at Verdens matvareprogram har vore tvinga til å skjære ned distribusjonen av mat. Dei har kutta ut utdelinga av matkupongar til mange av dei syriske flyktningane som oppheld seg i nærområda til Syria. I Jordan  har over halvparten av dei som har motteke stønad til mat opplevd å miste den. Dette er ein situasjon omverda må ta større ansvar for, seier Navarsete.

Navarsete gjentek initiativet som Senterpartiet var først ute med, og som regjeringa seinare har følgd opp,  nemlig å arrangere en gjevarlandskonferanse for det humanitære arbeidet ovanfor flyktningar frå Syria.

-          Skal ein slik gjevarlandskonferanse bli ein suksess må Noreg her må gå føre og legge eit substansielt bidrag på bordet. Det er heilt uakseptabelt at FN ikkje ein gong har midlar til å sikre flyktningane mat, fastlår Navarsete.