Meny
Bli medlem

- Eit nei til TISA er ja til folkestyre!

Sist endret: 27.09.2020
- Nei til TISA er ja til å sikre folk moglegheit til å påverke si eiga framtid, arbeidsliv, miljø og helse, sa Liv Signe Navarsete på aksjonsdagen mot TISA.

Appell av Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Senterpartiet og tidlegare partileiar og statsråd, heldt på Eidsvolls plass framfor Stortinget på den aksjonsdagen mot TISA 10. oktober 2015:

 

Kjære alle saman  
Kva er eigentleg TISA? spør mange meg om. TISA er ei handelsavtale, og dei har me jo mange av - så kvifor uroe seg? 
Kjerneområda for forhandlingane flyttar seg frå tollspørsmål og grensehandtering til forhold innanfor grensene, inkludert reguleringar, standardar og støtteordningar», står det i regjeringa si eiga stortingsmelding om handel og globalisering. Det store spørsmålet i TISA-forhandlingane, som eg har stilt mange spørsmål om til regjeringa utan å få eit einaste klargjerande svar, det er på kva område kjem TISA til å endre reguleringar og standardar i Noreg? På kva måte vil TISA avgrense vår moglegheit til å styre landet vårt til det beste for kvar enkelt innbyggjar?

I vår kom den hittil største lekkasjen av forhandlingsdokument frå dei kontroversielle TISA-forhandlingane. Lekkasjen viser kor ille hemmeleghaldet kring forhandlingane er. The European Federation of Public Service Unions – altså den europeiske unionen for tenestesektoren – som er stor, seier at TISA vil avgrense regjeringa sin rett til å regulere høgare standardar. Standardar som er i folket si interesse, innan klima, helse, utdanning, avfallshandtering og kraftverk. Det vert vanskelegare å regulere energisektoren, telekommunikasjonar og dataflyt over landegrensene. Og i ei tid der mange land prøver å kome til hektene etter finanskrisa, vil det altså verte vanskelegare å regulere nett den sektoren – finanssektoren.

Ei av dei mest oppsiktsvekkande avsløringane som har komen fram i debatten kring TISA, er at regjeringa ikkje har skrive noko reelt mandat for forhandlingane. Eit mandat er ei bestilling frå dei folkevalde til handelsbyråkratane som forhandlar på vegne av det norske folk. Utan ei klar bestilling, får handelsbyråkratane meir makt til å forhandle slik dei sjølv meiner er riktig. I og med at konsekvensane av TISA kan bli svært store for mange i Noreg, er ein slik mangel på politisk styring svært urovekkande.

TISA kan legge til rette for ei omfattande privatisering av norske velferdstenester. Det blir ingen returbillett, og makta vert flytta frå opne prosessar i kommunestyre og storting til lukka styrerom i globale selskap. Kor lett blir det å ringe et globalt oppkjøpsfond og seie frå at mor di ikkje får den omsorga ho treng?

Utviklingslanda sette ned foten i siste runde i WTO. Dei vil ha same retten som oss til å verne sitt næringsliv, setje vilkår til nasjonale arbeidsplassar og utvinning av deira naturressursar. Slik me har bygd vår rikdom på konsesjonslover og lovverk som sikra norsk eigarskap og norske arbeidsplassar. Slik vart Noreg eit rikt land. No pressar ein rik overklasse fram ei avtale der utviklingslanda ikkje får høve til å påverke. Men dei kjem til å merke konsekvensane!

Me møter no mykje av den same forma for argumentasjon kring TISA-avtalen som me møtte i debatten før me underteikna EØS-avtalen – ein kombinasjon av latterleggjering og skjønnmåling. Før EØS-avtalen fekk me garantiar: Norske arbeidsreglar ville ikkje verte påverka. Differensiert arbeidsgivaravgift var ikkje på nokon måte trua.

Konsesjonslovene for vasskrafta var ikkje relevant for EØS. Importmonopolet til Vinmonopolet hadde heller ikkje noko med EØS å gjere. Reguleringar av utanlandsk eigarskap i finanssektoren i Noreg kunne me fint styre som me ville. 100 prosent av løfta eg no ramsa opp, er brotne. Har nokon av dei som gav desse garantiane, nokon gong teke ansvar for det i etterkant? Svaret er nei. I dag høyrer me representantar frå dei same partia gi garantiar for offentleg kontroll med tenestemarknaden etter at ein TISA-avtale vert innført.

Ein av USA sine leiande forhandlarar kring handelsavtalar, Ron Kirk, blei i forbindelse med forhandlingane om TPP-avtala (Trans Pacific Partnership) spurd om kvifor ein ikkje kunne offentleggjere utkasta til avtaletekstane ein forhandla om. Kirk svarte at dei hadde erfaring i at å offentleggjere avtaleutkast til handelsavtaler gjorde det vanskelegare å få vedteke avtalane. Hemmeleghald ga USA både forhandlingsstyrke og gjorde det lettare å få deira forhandlingspartnarar til å gå med på ting dei «elles ikkje ville».

Kirk kunne også slå fast at førre gong USA offentleggjorde ein avtaletekst før forhandlingane var ferdige, blei det «umogleg» å få avtala vedteken. Lærdomen var klar: For å kunne binde landet sitt til ei overnasjonal avtale, må ein syte for at folket får vite minst mogeleg. Det er vanskeleg for folk å seie nei til noko ein ikkje veit kva er.

Difor godtfolk! Same kor mange forsøk på latterleggjering og motførestellingar skal me saman arbeide hardt for å snu kvar einaste stein. Noreg skal ikkje meir oppleve at me gir nasjonal suverenitet utan å ha full oversikt over konsekvensane av det me gjer.

Eit NEI til TISA er ja til folkestyre!
Nei til TISA er ja til å sikre folk moglegheit til å påverke si eiga framtid, arbeidsliv, miljø og helse! Til å behalde nasjonal og lokal styring over velferdstenestene!
Eit NEI til TISA ja til internasjonal solidaritet!