Meny
Bli medlem

- Eit solid oppgjer

Sist endret: 27.09.2020
- Me har lenge sagt at den norske bonden fortener betre betaling for den viktige jobben ho gjer for fellesskapet. Årets oppgjer er solid, og eit viktig skritt i rett retning, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Eg er stolt over at me framleis er det partiet i Noreg som er den sterkaste forsvararen av at me, med basis i norske ressursar, skal produsera mat her i landet.

 

Senterpartileiaren seier ho er spesielt glad for at hovudtyngda av budsjettmidlane går til distriktslandbruket.

 

- Eit levande landbruk er viktig for verdiskaping og livskraftige lokalsamfunn i heile landet.

 

Navarsete seier oppgjeret også handlar om matpolitikk.

 

- Her tyder mykje på at me har trendane med oss: Mat har vorte in, og norske råvarar blir stendig meir populære. Folk ser at norsk mat har høg kvalitet. Den er rein for giftstoff og fri for sjukdom. Og ikkje minst likar folk at dei veit kven som har stelt med kua, fora grisen og flaska kopplammet. Nærleik er ein verdi også i matpolitikken, fastslår Navarsete.

 

Navarsete meiner årets jordbruksavtale er ein god illustrasjon på kva som står på spel ved haustens val.

 

- Me tek no viktige steg i retning å tette jordbruket sitt inntektsgap til andre grupper. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Det krevst vilje og styrke. Me syner at me har viljen. Haustens val avgjer om me vil få auka styrke, avsluttar Navarsete.