- Sandra har gjort Senterungdommen kjent blant mange fleire enn før, både unge og gamle. Hennar arbeid har ført til at Senterungdommen har hatt stort gjennomslag i partiet, m. a. gjennom store politiske sigrar på Senterpartiets landsmøte i april, seier Senterpartileiar Liv Signe Navarsete.
- Det at Sandra Borch går av som leiar i Senterungdommen er eit stort tap for organisasjonen. Senterungdommen er ein sjølvstendig organisasjon, og dei må no sjå seg om etter ein ny leiar. Det er svært mange dyktige personar i Senterungdommen, som nyleg har gjort ein strålande innsats i valkampen. Eg håpar at både dei og andre fortsett vil utfordra partiet og tenkja mange nye tankar. Eg er viss på at Senterungdommen vil fortsette å spela ei stor rolle i Senterrørsla og i norsk politikk i tida framover, seier Navarsete.
- Eg tar Sandras kritikk mot sentralstyret på største alvor og har respekt for at ho bruker sin posisjon til å setje fokus på det ho meinar bør bli betre. Det er eg trygg på at Sandra gjer av kjærleik til partiet. Eg kan forsikra Senterungdommen om at sentralstyret skal gå grundig inn i den kritikken som no vert retta mot oss, seier Navarsete.
- Eg er trygg på at Sandra Borch har ei framtid i Senterpartiet, dersom ho sjølv ynskjer det. Ho er garantert ikkje ferdig i politikken, og eg gler meg til å sjå Sandra på nye arenaer i framtida, seier Senterpartileiar Liv Signe Navarsete.
.