Meny
Bli medlem

Enda friskare folk

Sist endret: 27.09.2020
Stortingsmeldinga om folkehelse er nærast bygd på Sp sine kjerneverdiar: Individet sitt ansvar for eige liv, og eit fellesskap som stiller opp når det trengst, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Ho meiner stortingsmeldinga om folkehelse viser denne balansen godt.

Det norske folket har god helse. Levealderen har auka jamt, og vil halde fram å auke. Men usunt kosthald, overvekt og stillesitjing trugar den positive utviklinga.
- Me skal gjere det enklare for folk å ta ansvar for si eiga helse, seier Sp-leiaren.

Betre form, betre læring
Navarsete trekkjer særleg fram satsinga retta mot born og unge. Ho er uroa av tal som viser at 15-årige gutar brukar 70% av si vakne tid på å sitje stille framom TV og på internett. Færre born og unge syklar noko enn før.
- Eg er difor glad for at regjeringa no vil vurdere korleis skuledagen kan organiserast slik at elevane er sikra minst ein time fysisk aktivitet kvar dag. Erfaringar mellom anna frå mitt eige heimfylke, Sogn og Fjordane, viser at dette er mogleg.

Ekspertane meiner eit slikt tiltak vil ha positiv effekt.
- Det er dokumentert at ein time fysisk aktivitet kvar dag gjev betre fysisk form. Men like viktig: Ein finn ein positiv samanheng mellom fysisk aktivitet og læring, slår ein begeistra partileiar fast.

Navarsete er også glad for å kunne varsle at ho i kommunebudsjettet for 2014 har fått sett av 180 millionar kroner til å styrkje helsestasjonane og skulehelsetenesta.
- Samfunnet har gjeve dagens unge ein drøss av moglegheiter. Samstundes er det mange som slit med høge forventningar og høgt press. Eg trur ikkje me som er vaksne heilt kan forstå den summen av krav ungdommane våre møter til prestasjonar på skulen og idrettsbanen, til utsjånad og oppførsel.

Navarsete peiker på at skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er lågterskeltilbod i barn og unge sitt eige miljø. Det skal vere lett å oppsøkje desse tenestene, og høgare kapasitet gjer det lettare for fleire å få hjelp. Den auka pengesekken tilsvarar for eksempel 300 nye helsesøsterstillingar.

Kvardagsaktivitet i kortreist natur
Navarsete slår eit ekstra slag for kvardagsaktiviteten til folk, og den kortreise naturen.
- Treningssenter er vel og bra, men undersøkingar viser at det å gå - fotturar i skog og mark - er den vanlegaste fysiske aktiviteten i alle aldersgrupper. Tre av fire går på tur, og når me spør, svarar folk at det å røre seg i naturen og i nærmiljøet er det dei aller helst vil gjere meir av.

- Me skal sikre den kortreiste naturen nær der folk bur. Bu- og nærmiljø som gjer det lett å vere aktiv er viktig både for fysisk og psykisk helse, seier Navarsete.
Stortingsmeldinga varslar ein strategi for aktivt friluftsliv allereie før sommaren, og ein handlingsplan for å sikre friluftsområde.