Meny

Enklare kvardag for pårørande

I kvart einaste lokalsamfunn i Noreg gjer pårørande ein innsats for nærståande eldre. Dei fortener å bli verdsett, synleggjort og få ein enklare kvardag. Vi bør lage ordningar som gjer at fleire kan få og gje familiebasert eldreomsorg. Det skal ikkje vere avhengig av at du har romsleg bankkonto, eller av at dei pårørande har ein romsleg arbeidsgjevar

Senterpartiet lanserte omsorgsløn for pårørande i 1985. Det er på tide å forenkle ordninga og gjerne henne tilgjengeleg for langt fleire, slik at du og dine får større valfridom enn i dag. Finland har ei velfungerande, enkel ordning, som når mange. Det er i hovudsak den modellen vi no bør innføre: Ei forenkla omsorgsløn med lågare inngangskrav, nokre få nasjonale satsar, og gode ordningar for avlasting.

 

Samtidig bør du ha same rett til fri med løn når mor di brekker lårhalsen som når toåringen får omgangssjuke. Det vil lette kvardagen for dei som ikkje kan trappe ned jobben for å ta seg av foreldra, men opplever tidsklemme nummer to når ungane har flytta ut og det plutseleg er generasjonen over som treng tilsyn, oppfølging, køyring, henting og nærleik. Alle som treng det må få sjukeheimsplass, derfor må vi gjere det vi kan for at dei som kan og vil greie seg heime, ikkje på sjukeheim.

 

Dei offentlege velferdsløysingane skal bli tilpassa den einskilde og familien, ikkje kommunen, staten og systema. Målet med Senterpartiets eldrepolitikk er å gje rom for liv til åra, ikkje berre år til livet. Du skal få vere enkeltmenneske og individ også når du ikkje lenger greier deg sjølv. Dei pårørande har gjerne ”dei varmaste hendene”, og kan gje omsorg med meirverdi. Ei betre omsorgsløn, ”omsorgsfri” med løn og betre oppfølging av pårørande vil gje rom for omsorg som betrar livskvaliteten til dei som er så fysisk friske at andre treng sjukeheimsplassen meir. Eg vil jobbe for at desse sakene står høgt på lista når Sp skal forhandle om ei ny regjeringsplattform, Soria Moria 3, etter valet.