Meny

Etterlyser nytt bestandsmål for ulv

?Rovviltforliket seier at det skal fastsetjast nytt bestandsmål for ulv seinast innan 2013. Det vil eg ta opp med den nye miljøvernministeren i spørjetimen neste veke, opplyste stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien (Sp) då ho besøkte Øystre Slidre onsdag.
Wøien besøkte leiar i Øystre Slidre Bondelag, Ole Kristian Oldre, som driv med sau. Ho fekk orientering om dei omtattande sauetapa til ulv og jerv som har vore i Øystre Slidre denne beitesesongen. Med på møtet var også Anne Sælid Hanslien frå det lokale Bonde- og Småbrukarlaget og Arnfinn Beito frå Sau og geit.
−Den nye miljøvernministeren har ikkje meir enn tida og vegen om ho skal rekkje å leggje fram ein sak for Stortinget før nyttår, seier Wøien.
 
Anne Tingelstad Wøien (t.v.) drøftar tiltak for å redusere sauetapa til rovdyr med
sauebonde Ole Kristian Oldre. Dei fleste av Oldres eigne sauer har kome trygt heim
att i haust.
 
− Oppland tolar ikkje fleire år med så mange streifande ulvar som det har vore nå. Vi må minne Høgre om løfta dei gav i valkampen. Nå har dei fått miljøvernministerposten og kan gjere noko med det.
−Rovdyra har kosta samfunnet rundt 2 mill. kroner berre her i Øystre Slidre i sommar, opplyste Arnfinn Beito.
- Hadde vi hatt ein lempelegare fellingspolitikk, kunne lokale jegerar i samarbeid med SNO ha gjennomført ei effektiv vinterjakt for ein brøkdel av prisen.
Anne Tingelstad Wøien var oppteken av dei totale rammevilkåra for å drive næringsverksemd i områda våre framover. Ho meiner at rovdyr, vern og andre avgrensingar ikkje må få øydeleggje dei gode naturgjevne forholda for å ha beitedyr. Ho fekk også med seg lokale ynskje om ein noko smidigare forvaltningspraksis i Langsua nasjonalpark.