Meny
Bli medlem

EU-forslag kan truge norske flyplassar

Sist endret: 27.09.2020
- Eit nytt EU-forslag kan truge norske flyplassar i distrikta, seier Geir Pollestad (Sp).

EU-kommisjonen føreslår at store flyplassar ikkje lenger skal kunne ta imot statsstøtte.

—Forslaget kan truge dei flyplassane vi har i Noreg, seier Geir Pollestad, statssekretær i Samferdselsdepartementet og førstekandidat for Senterpartiet i Rogaland.

EU-kommisjonens forslag til nye retningsliner for flyplassar og flyselskap har som mål å avgrense offentleg finansiering av luftfart. Ifølgje forslaget skal flyplassar med meir enn 200 000 passasjerar i året ikkje lenger kunne få offentleg støtte til drifta.

Dei skal i staden finansiere seg sjølv gjennom avgifter. Kommisjonen førselår at den statlege støtta skal fasast ut gjennom ein overgangsperiode på ti år.

—Vi er ikkje ferdige med å analysere kva som vil bli konsekvensane, men vi fryktar at dei vil bli store om dette forslaget blir gjennomført, seier Pollestad.

I fjor gjekk berre sju av Avinors 46 flyplassar med overskott. Dette var flyplassane i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Bodø og Ålesund.

—Norske flyplassar treng betydeleg statleg finansiering. EU ser på dette som eit spørsmål om fri konkurranse. Men fly er ein del av den grunnleggjande infrastrukturen i Noreg, seier Pollestad.