Meny
Bli medlem

- EU utfordar grunnlova

Sist endret: 27.09.2020
- Regjeringa forhandlar om norsk medlemskap i fleire nye EU-byrå som kan gjere vedtak som overstyrer norsk lov på fleire sentrale område. Korleis dette skal gjerast utan å bryte Grunnlova, får me ikkje vete, sa Liv Signe Navarsete i Stortingets EU-debatt.

Liv Signe Navarsete, Senterpartiets medlem i utenrikskomiteen sitt innlegg i Stortingsdebatten om redegjørelsen om viktige EU- og EØS-saker av ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU:

 

«Dei seie at han Jeppe drikke, men dei seie ikkje keføre han drikke.»

Når me no endeleg har fått Grunnlova på nynorsk, var det vel på tide å få Holberg på «sognamaol» i denne sal – til glede for nokre og kanskje til forarging for andre, t.d. for representantane for «Det konservative parti», for å halde oss til partinamnet frå 1884.

Men attende til Jeppe. Kva har Jeppe med dagens tekst å gjere? Vel, eg trur nok at Jeppe som dansk medlem av EU også i 2014 hadde kjent trong for å drukne sorgene sine, til liks med mange likesinna i EU. Kanskje hadde han også valt å verte sitjande heime på valdagen, til liks med fleirtalet av veljarane i EU – alle som kjenner på at avstanden mellom folk flest og elitane i Brussel har auka, slik som NRK sin korrespondent Befring så treffande sa det i sin kommentar i går. Kanskje hadde han også kjent på at mange av dei små problema som eingong var nasjonale, hadde tårna seg opp til å verte uoverstigelege problem i Brussel.

Folkeleg opprør

Dei seier at folk røysta på høgrepopulistar ved EU-valet, men ikkje kvifor folk røysta på høgrepopulistar og parti på ytste venstre i politikken. Kommentarane til EU-valet frå mange forståsegpåarar her heime på berget har dessverre vore lite analytiske og til dels provoserande for alle dei gode kreftene i EU som har stemt imot meir union og for større sjølvstende for sitt eige land. Dei har stemt imot ei utvikling dei ser ber i feil retning, der EU sin medisin medverkar til å forsterke dei økonomiske og sosiale problema i mange EU-land.

Dessverre har det folkelege opprøret i enkelte land også gitt seg utslag i auka oppslutnad om parti som nører opp under rasistiske og framandfiendtlege haldningar. Senterpartiet og den organiserte nei-sida i Noreg har alltid markert klar og tydeleg avstand til slike haldningar og slike parti og rørsler. Vårt nei til EU er eit ja til folkestyre, miljø og solidaritet.

Årsaka til at desse partia har hatt ein så sterk vekst, er at dei i mange land har vore dei einaste EU-kritiske røystene. Folk som seier nei til elitane sine prioriteringar av finanssektor og marknadstenking framfor arbeid, hus og velferd til folk flest, har nytta den moglegheita som fanst til å uttrykkje dette. Men langt frå alle anti-EU- og anti-establishment-stemmer gjekk til parti og lister på ytste høgre fløy. Nokre vil kanskje seie heldigvis for oss. Eg vil seie heldigvis for EU.

Ikkje alle anti-EU-stemmer til ytste høgre

I Sverige gjorde Miljöpartiet eit godt val, og Vänsterpartiet fekk framgang. Centern gjorde eit mykje betre val enn dei andre på den borgarlege sida. I Danmark gjorde sentrum–venstre-alliansen Folkebevægelsen mod EU sitt beste val på 20 år og vann att plass i parlamentet. Fleire døme finst.

Deltakinga ved val til Europaparlamentet har gått jamt nedover, samstundes som EU-institusjonane i Brussel steg for steg har teke til seg meir makt. 43 pst. er tangering av botnnivået frå førre val, i 2009. Det er godt mogleg at nokre av dei som sit i EU-parlamentet, føler at dei har fått meir makt, men veljarane deira føler stadig meir avmakt.

Då eg høyrde statsråd Helgesen sine ord førre tysdag, var det sjølvsagt nokre saker vi var samde om. Det er bra at regjeringa set grenser for kor mange milliardar ho er villig til å betale EU for ein avtale som skal vere på «gjensidig fordelaktig basis». Problemet til statsråd Helgesen og regjeringa er at dei tviheld på at det ikkje finst alternativ til dagens EØS-avtale. Slik sett er regjeringa her heime ein parallell til elitane i EU, som hevdar at det ikkje finst alternativ til dagens politikk i EU. Med dagens politikk kan EU halde fram sin urimelege utpressing av Noreg i forhandlingane, for dei veit at til sjuande og sist vil regjeringa og stortingsfleirtalet seie ja til ein enda dyrare og dårlegare avtale, fordi dei ikkje ser andre alternativ.

EU utfordar grunnlova

Regjeringa forhandlar om norsk medlemskap i fleire nye EU-byrå som kan gjere vedtak som overstyrer norsk lov på fleire sentrale område. Innanfor energisektoren har regjeringa føreslege at EU-organet ACER skal kunne avgjere kor mykje Noreg skal betale i saker der nasjonale organ er usamde om kostnadsfordeling for infrastrukturprosjekt av felles interesse. For banksektoren legg dei opp til at Finanstilsynet i Noreg skal vere forplikta til å rette seg etter vedtak fatta av EU sitt finanstilsyn. Korleis dette skal gjerast utan å bryte Grunnlova, fekk me ikkje vete. Eg håpar me får vete meir om det i dag. Eg vonar også at me i løpet av denne debatten får klarlagt frå statsråden kva som må til for at regjeringa vil krevje at vedtak skal gjerast med to tredjedels fleirtal i denne sal.

2014 skal vere eit år for å hylle det norske demokratiet og den norske Grunnlova, ikkje for å hylle EU. Regjering og storting skal vere folket sine representantar og vareta norske interesser. I sak etter sak vert norske interesser truga av EU. Då trengst det ei regjering som står opp, og som tydeleg forsvarer næringslivet i distrikta, sparepengane til norske bankkundar og vilkåra for norsk matproduksjon.

Senterpartiet ville vore eit godt val for festebonden Jeppe. Hadde han vore vitne til lovprisinga av EU i denne salen førre tysdag, trur eg derimot fort han hadde teke seg ein støyt til.