Meny

Færre kommunar gjev mindre demokrati

- Ei tvangskommunesamanslåing av kommunane som Høgre, Venstre, FrP og KrF vil svekke lokaldemokratiet , skriv Kjersti Toppe i BT 25. september

 Større kommunar – mindre demokrati

 Partileiarane i Høgre, FrP, KrF og Venstre einige om ein omfattande kommunereform i Noreg.  Mest sannsynleg vil det bli om lag 100 kommunar i landet. Det vil kunne bety om lag 10 kommunar i Hordaland. Dei viktigaste argumenta som blir brukt for tvangssamanslåing av kommunar er betre velferdstenester og betre kommunalt sjølvstyre.

 Denne argumentasjonen held ikkje mål. Det ikkje nokon automatikk i at store kommunar gir betre velferdstenester. I følgje undersøkingar er innbyggjarane godt fornøgd med velferdstenestetilbodet i småkommunane. Det er heller ikkje slik at store kommunar automatisk er «robuste», slik ein ofte høyrer blir sagt. I Hordaland er til dømes Bergen kommune på hælane i innføringa av samhandlingsreforma, medan mange av småkommunane i Hordaland er beundringsverdig langt framme.  Og korleis kan det ha seg at skulebygningane i den «store, robuste kommunen» Bergen har blitt så  til dei grader forsømt?

 Det er heller ikkje slik at tvungen kommunesamanslåing til nye storkommunar vil styrkje lokaldemokratiet.   I Hordaland har vi i dag 849 kommunepolitikarar. Blir det 10 kommunar i fylket, vil talet på folkevalde garantert bli halvert. I tillegg skal fylkeskommunen og fylkespolitikarane fjernast. Mange ombodsfolk frå sin region og si bygd vert fjerna.

 Klassekampen kunne 24/8 fortelje om eit nytt norsk forskingsprosjekt som har sett på erfaringane frå kommunesamanslåingar i Danmark, Nederland, Sveits og Noreg. Konklusjonen i prosjektet er klar: lokaldemokratiet minkar i takt med at kommunane har vorte større.  Større kommunar betyr mindre lokaldemokrati og større avstand mellom folket og makta. Faktorar som er vurdert i forskingsprosjektet har inkludert valdeltaking, politisk interesse og politisk kunnskap. Det siste er særleg viktig dersom innbyggarane skal ha moglegheit til å følgje med og kontrollere dei politiske prosessane.

 Kanskje vi skal sjå oss litt tilbake. I 1972 vart omegnskommunar innlemma i Bergen storkommune - med tvang. Deriblant Åsane. Mangt kan seiast om det. Men ingen kan vel hevde at denne kommunesamanslåinga har styrkja lokaldemokratiet i Åsane!  Sjølv bydelsutval utan budsjettansvar vart lagt ned av Høgrebyrådet no sist.  Lokaldemokrati har heller aldri vore desse partia sin styrke.

 

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant Senterpartiet