Meny
Bli medlem

Faktabasert kommunedebatt

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland
Samhandlingsreforma vert nytta som prov for at små kommunar ikkje taklar kompliserte oppgåver. Sanninga er at det i Hordaland er dei større kommunane som ikkje har tilpassa seg samhandlingsreforma.

Kommentator Frøy Gudbrandsen frydar seg over at kommunar skal tvingast til å bli større (BT 30.10).  Det kritikkverdige er at BT og Gudbrandsen har hatt alle moglegheiter til å løfte ein kunnskapsbasert debatt om dette i si avis, men har ikkje gjort det.  Ikkje i valkampen, og ikkje etterpå.

Til dømes skriv Frøy Gudbrandsen: « allerede nå strever de minste med å håndtere kompliserte oppgaver, som samhandlingsreformen har gitt dem flere av..» Gudbrandsen er ikkje den fyrste som brukar Samhandlingsreforma som argument her. Men det gjer det ikkje meir rett av den grunn.  

For småkommunar har takla samhandlingsreforma relativt godt.  Kommunar har fått ansvar for å etablere akuttsenger. Fleire mindre kommunar i Hordaland har etablert eit slikt tilbod allereie, men dette er enno ikkje på plass i Bergen.  Kommunar har fått ansvar for utskrivingsklare pasientar.   Bergen kommune og andre store kommunar som Lindås og Askøy klarar ikkje å ta i mot.

Viseadministrerande direktør Anne Lise Faugstad i Helse Bergen stadfestar i BT 29.10 at det ikkje er dei minste kommunane som klarar seg dårlegast i Hordaland.

Ein rapport frå Helsedirektoratet i 2006 viser same tendens i fastlegeordninga; den har fungert best i små og mellomstore kommunar. I småkommunane var legane flinkare til å reise på heimebesøk og ta seg av sårbare pasientgrupper – slik som eldre, rusmisbrukarar, psykiatriske pasientar osv.  I desse kommunane hadde dei betre fagleg samarbeid og  betre rutinar for medisinbruk.

Gudbrandsen hevdar likevel at mange små kommunar har «mye å tene på å bli en del av Bergen». Kva kunnskapsgrunnlag ligg til grunn? Er det skulevedlikehaldet som lokkar?

Gudbrandsen skriv lett harselerande at kommunesamanslåingar ikkje vil kunne skje frivillig fordi norske kommunar ikkje vil la muligheita til ein god bygdekrangel passere.  Dette er mistillit til folk og folkevalde som bur i små kommunar.

BT burde heller bidra med fakta og blant anna diskutere erfaringane frå Danmark. Vi veit at lokaldemokratiet vart svekka. Vi veit at det ikkje vart billegare. Uansett meiner Gulbrandsen at større kommunar er svaret her.  Nedlegging av fylkeskommunen også.  Men kva var spørsmålet?