Meny
Bli medlem

FINANSUTVALET SKJERMAR KULTURSEKTOREN

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Finansutvalet i fylkeskommunen har i dag styrka kultursektoren gjennom å auke tilskota til kulturproduksjon og til Gulatinget.

«Dette er viktig for identiteten til fylket» seier gruppeleiar i Senterpartiet Sigurd Reksnes.  – «Det er positivt at vi sjølv i trange tider finn rom til å ikkje gjennomføre kutt i  kultursektoren».

 

Det er fire aktørar som no får auka sitt tilskot til kunstproduksjon – Sogn og Fjordane Teater, Opera Nordfjord, Norsk Countrytreff og Førdefestivalen.  Det var foreslått kutt på tilsammen 200 000 kr som no ikkje vert gjennomført  – «Det er viktig for Senterpartiet at desse kulturinstitusjonane kan utvikle seg på ein positiv måte til glede for eit stort publikum» seier Reksnes. 

 

Reksnes er også glad for at ein fann midlar til Gulatinget – «dette er tusenårsstaden til Sogn og Fjordane og det er viktig at vi bidreg til at dette prosjektet kan utvikle seg vidare framover».

 

«Det er ikkje dei store pengane som går til kultur, men dei midlane dei får vert nytta på ein god og positiv måte til glede for både innbyggarane i fylket og ei stadig aukande reiselivsnæring» avsluttar Reksnes.