Meny
Bli medlem

Fleire flyktningar og bustader til Vinje

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Vinje Senterparti meiner Vinje kommune bør ta imot flyktningar òg i åra som kjem. Mottak og integrering av flyktningar er ei viktig samfunnsoppgåve. Det er eit kommunalt ansvar i ein nasjonal dugnad. Vinje Senterparti vil ta imot minst 10 nye flyktningar kvart år.

 

Det har vore ei utfordring å skaffe nok bustader til flyktningane. Vinje Senterparti vil bygge minst 12 nye bustader for flyktningar. Med tilskot frå husbanken og finansiert husleige gjennom integreringstilskott frå Staten blir ikkje kostnaden for desse bustadene høg. 

 

Jon Rikard Kleven

Ordførarkandidat for Vinje Senterparti