Meny
Bli medlem

Fleire ledige, men regjeringa er nøgde

Sist endret: 27.09.2020
Arbeidsløysa i Noreg stig kraftig. I spørjetimen på Stortinget utfordra eg næringsministeren på om ho var nøgd med eigen innsats for å stagge den stigande arbeidsløysa, skriv Geir Pollestad.

 

 

Av Geir Pollestad, s?tortingsrepresentant Sp og leiar i næringskomiteen 

Arbeidsløysa i Noreg stig kraftig. I spørjetimen på Stortinget utfordra eg næringsministeren på om ho var nøgd med eigen innsats for å stagge den stigande arbeidsløysa. Eg fekk ikkje eit klart svar, men det var eit svar utan eit snev av sjølvkritikk. Det kan tyde på at regjeringa er nøgde med eigen innsats og ikkje ser kva dei kunne ha gjort betre. 

 

Eg meiner regjeringa ikkje har gjort nok, og med den stigande arbeidsløysa burde dei ha vore tydeleg på at ein treng fleire tiltak. Til dømes betre permitteringsreglar og tiltak for auka aktivitet mellom anna i bygg- og anleggsbransjen. 

 

Eg er heilt sikker på at me med ei anna regjering hadde hatt lågare arbeidsløyse. Senterpartiet meiner regjeringa må ha ei langt meir aktiv haldning for å sikra fleire arbeidsplasser i  Noreg. Mellom anna fornying av ferjene våre for å gje arbeid til verfta våre og midlar til ekstraordinært vedlikehald i kommunane. 

 

Kvar enkelt av oss kan og bidra til å betre situasjonen i norsk næringsliv med å kjøpe meir norske varer. Senterpartiet vil og kjøpe norsk og vil mellom anna sørge for at det nye regjeringsbygget til 16 milliardar vert "made in Norway", av norske materiale og norske entreprenørar.