Meny
Bli medlem

Fleire med låg inntekt kan bli bustadeigar

Sist endret: 27.09.2020
Ved betre samordna bruk av dei bustadsosiale verkemidla kan fleire med låge inntekter bli bustadeigarar. ? Regjeringa ønskjer at flest mogleg skal kunne eige bustaden sin, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ved betre samordna bruk av dei bustadsosiale verkemidla kan fleire med låge inntekter bli bustadeigarar. Det syner ein ny rapport frå NOVA.

– Regjeringa ønskjer at flest mogleg skal kunne eige bustaden sin. Det er difor nyttig med auka kunnskap og kompetanse om kva som skal til for at dei med låge inntekter skal kunne eige bustad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Rapporten frå NOVA tek for seg utfordringar og problemstillingar knytt til om hushald med låge inntekter har potensial til å eige bustad. Hovudkonklusjonen er at langt fleire kan bli bustadeigarar dersom ein nyttar dei bustadsosiale verkemidla som startlån og bustøtte godt. Mellom anna syner rapporten korleis kommunar som har etablert mange vanskelegstilte i eigd bustad jobbar.

– Det er alltid nyttig å sjå korleis kommunar som lukkast arbeider. Ikkje minst er det viktig at andre kommunar også kan lære av dette, seier Navarsete.