Meny
Bli medlem

Fleire utleigebustader til vanskelegstilte

Sist endret: 27.09.2020
? I ei tid med høge leigeprisar og ein pressa bustadmarknad, er det viktig å hjelpe dei som sit nedst ved bordet. Regjeringa gjer difor framlegg om å auke ramma for tilskot til utleigebustader med 33,3 millionar kroner i revidert budsjett for 2013, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Mange kommunar melder om for få eigna bustader til vanskelegstilte. Dette gjeld mellom anna i arbeidet med å busetje flyktningar. Kommunane har busett mange flyktningar dei siste åra, men behovet er framleis stort.

Framlegget om den ekstra auke på 33,3 millionar kroner i revidert budsjett, kjem i tillegg til den tidlegare auken på 44,4 millionar kroner i år. Den samla tilsegnsramma for 2013 blir etter dette på 521,9 millionar kroner. Regjeringa vil halde fram med å styrkje tilskotet og vil gjere framlegg om å auke tilsegnsramma med 66,7 mill. kroner budsjettet for 2014.

– Eg er særleg oppteken av å skaffe trygge og stabile buforhold for vanskelegstilte barnefamiliar, utsette unge, flyktningar og personar med rusproblem og psykiske lidingar. Difor er eg svært nøgd med regjeringas framlegg om å styrke tilskotet til utleigebustader både i 2013 og 2014, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.