Meny
Bli medlem

Flyttar makta vekk frå norske domstolar og folkevalte

Sist endret: 27.09.2020
14. august er høyringsfristen for regjeringas forslag til modell for framtidige investeringsavtalar. Det mest kontroversielle med regjeringas føreslåtte modell er den såkalla ISDS-mekanismen, som vil tillate utanlandske selskap saksøke Noreg gjennom overnasjonale domstolar. Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete er bekymra over den manglande merksemda.

 - Hadde vi hatt ein slik avtale når Noreg fann olja, ville me truleg aldri kunna bygd opp eit selskap som Statoil, og heller ikkje hatt den nasjonale industrien vi har no innan olje- og gassektoren. At Noreg har hatt høve til å føre ein sjølvstendig næringspolitikk, og gjennom dette ivareta nasjonale interesser, har vore avgjerande for vår felles velferd. Slik har vi kunna bygge Noreg til det landet det er, seier Navarsete.

Denne typen handelsavtalar har fått kraftig kritikk av sivilsamfunnsorganisasjonar over hele verda. Avtalane har gjort det vanskeleg for mange land å ta vare på mellom anna miljø-, helse- eller arbeidsrettane til landets borgerar. Avtalane er kritisert for einsidig å beskytte utanlandske investorar på kostnad av nasjonale omsyn.

At dette forslaget er sendt til høyring over sommaren fører til at saken er lett å skyve gjennom utan særleg merksemd.

- Regjeringa planlegg ikkje eingong å sende saka til handsaming i Stortinget. Når ein så legg denne høyringa til sumaren setter man en effektiv stopper for at mange miljø-, bistands- eller arbeidstakarorganisasjonar får muligheit til å komme med grundige innspel. Dermed har man på ein effektiv måte hindra ein naudsynt offentleg debatt om denne typen avtalar, som kan få store konsekvensar for både Noreg og for mange utviklingsland, fastslår Navarsete.

Navarsete peker på at Senterpartiet alltid vil ha folkestyret som første prioritet.

- Slike avtalar vil flytte makta vekk frå folkestyret og frå det norske rettsvesenet og over til utanlandske juristar. Difor meiner eg denne saken fortener ein skikkelig diskusjon før ein fattar vedtak, seier Navarsete.

 

Les meir om saken i Aftenposten: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/Regjeringen-vil-innfore-kontroversielle-investoravtaler-8090857.html