Meny
Bli medlem

Folk i byane treng reell makt!

Sist endret: 27.09.2020 #Hordaland#Bergen
-Folk i byane treng reell makt. Senterpartiet vil styrkja bydelsutvala, seier tredjekandidat for Bergen Sp, Steinulf Tungesvik.

Valkampslagordet til Senterpartiet er ”Nær folk”. Folk skal ha nærleik til skule, helsetenester og reell moglegheiter til å kunne påverka eigen kvardag. Dette gjeld òg for folk i byane. Likevel ser ein lokaldemokratiet i byane er svekt. I Oslo manglar bydelsutvala ressursar til å ha reell makt, og i Bergen valde høgrepartia å leggja ned bydelsstyra slik at den reelle makta for heile bykommunen no ligg hjå dei sju medlemane i byrådet.

 

-Senterpartiet vil gje meir makt til bydelsstyre og sikra dei nok ressursar slik at dei vert reelt nærdemokrati i heile landet, avsluttar Tungesvik.