Meny
Bli medlem

Folkeavrøysting om kommunen vår

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Arbeidsutvalet i Telemark Senterparti ropar eit varsko før haustens stortingsval. «Dette valet vil bli ei folkeavrøysting om overleving av kommunen vår. Utan Senterpartiet har ein missa det partiet som står opp for eit godt lokaldemokrati og som aldri vil godta statleg tvangsamanslåing av kommunar. Det er ikkje gjennomtenkt av kva konsekvensane av dette faktisk vil vere, meiner arbeidsutvalet i Telemark Sp.

 

Arbeidsutvalet understrekar at verda ofte ser annleis ut for politikarane i Oslo, enn røyndomen folk møter ute i distrikta.

  • Politikarane frå Høgre, FRP og Venstre trur at så lenge vi gjer kommunane større, så vil kommunane automatisk bli drive meir effektivt. Dette er naivt, og syner mangel på innsikt i korleis livet ute i distrikta er. Det finst ikkje bevis på at små kommunar ikkje klarer å ivareta dei oppgåvene sine like bra som store kommunar. Tvert i mot syner forskninga at folk i mindre kommunar er meir nøgd med kommunen sin enn folk i større kommunar,meiner arbeidsutvalet.

Arbeidsutvalet  er tydeleg på at når Høgre og FRP brukar tvang til å slå saman kommunane i eit område vil dette gje innbyggjarane i området mindre innflyting over både kommunen og tenestene på.

  • Den beste måten å gje folk flest innflyting over tenestene i kommunen er at vi har en nærleik mellom oss folkevalte og innbyggjarane i kommunen. Det gir best grunnlag å bygge tillit når vi folkevalte møter veljerne både formelt og uformelt. Med store einingar blir det for lang avstand mellom innbyggjarane og dei som styrer kommunane, fastslår arbeidsutvalet i Telemark Senterparti.

Meiningsmålinga i mandagens Nationen meiner arbeidsutvalett beviser at vår måte å beskrive røyndomen på vert delt av folk flest.

  • Medan berre 28 prosent av Norges innbyggjarar ønskjer at deira kommune skal slå seg saman med ein annan, seier nesten dobbelt så mange det motsette. Når vi pratar med folk i bygda får vi tilbakemelidngar på at vi brude slå oss saman med kommune x eller y og bli ein storkommune. Senterpartiet seier ikkje at ingen kommunar skal kunne slå seg samman. Men den avgjerda skal i så fall bli tatt av folk i kommunane sjøl og ikkje av politikarane i Oslo., meiner arbeidsutvalet.

Arbeidsutvalet syner også til funn frå norsk bygdeforskning.

  • Forskar Svein Frisvoll Norsk Senter for bygdeforskning har slått fast at samanslåing av to folkefattige kommunar gjer ikkje nødvendigvis kommunane rimelegare å drifte, med mindre ein åpnar for sentralisering av folk og tenester. Dette skjønar vi som lev i distrikta. Med mindre ein ønskjer å presse folk til å samle seg på større stader vil ikkje større kommunar føre til bedre tenester. Det vil derimot føre til eit svekka lokaldemokrati, og mindre innflyting for oss alle saman, meiner arbeidsutvalet i Telemark Senteparti, Anne-Nora Oma Dahle, tidlegare ordførar i Nissedal, Olav Urbø, tidlegare ordførar i Tokke  og Torstein Tveito, noverande ordførar i Kviteseid.