Meny
Bli medlem

Folkehøgskulelivet - meir enn berre hekling og ski i alpane!

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Kjære Unge Høgre; Slutt! Stopp opp og tenk over kva de eigentleg foreslår! Å kutte støtta til folkehøgskulane og ta vekk dei 2 studiepoenga året gir, er for meg heilt meiningslaust!
 
Eit år på folkehøgskule gir kanskje ikkje høge akademiske kvalifikasjonar. Men kven har bestemt at livet skal målast i det? Kven har bestemt at det er dei akademiske kvalifikasjonane som er viktigast, stillar høgast eller har den største rett? Eit slikt samfunn ynskjer ikkje eg! Ærleg talt Unge Høgre - ynskjer de verkeleg det?
 
Verda består av mennesker med mange forskjellige kvalifikasjonar, der alle er like viktige! Vi treng både teoretiske og praktiske mennesker! Vi må ha rom for at folk utviklar seg i forskjellige tempo, og har forskjellige målsetjingar.
Dei som treng det pauseåret, for å bli heilt sikker på seg sjølv og egne valg, har eit fantastisk tilbud i folkehøgskulen. I folkehøgskulen er det god takhøgde og gode haldningar. Å gå på folkehøgskule er forebyggande og utviklande for mange flotte ungdommar kvart år. 
 
Det er ikkje berre dei som treng eit pauseår eller tenkjeår som går på folkehøgskule. For mange er det faktisk eit naturleg førstevalg når det gjeld kva dei har lyst til å gjere, etter vidaregåande og før høgare utdanning. Vi har veldig mange sterkt akademisk anlagte elevar med vitnemål langt over snittet. Det er altså ikkje eit val mellom hjerne og hjerte, dette er folk som er sterke på begge deler, og som kjem til å prege både akademia og samfunnet generelt i åra framover også.
 
Eg jobbar sjølv på Nordfjord folkehøgskule i Gloppen. Det er ein friluftslivskule, med i år, 123 elevar. Vi lærer våre elevar mange viktige haldningar for resten av livet. Vi ferdast mykje i naturen, og derfor har vi eit naturleg og viktig fokus på miljø. Vi lærer dei å ferdast trygt i naturen, både til fots og på ski. Ja, nokre av våre elevar reiser til dei austerriske alpar, men det er berre ein av mange opplevelsar. Dei går igjennom mange tryggleikskurs; blant anna snøskredkurs og brekurs. Dei lærer seg å lese naturen! 
 
Ei av linjene på skulen heiter friluftsliv/bu og arbeidstrening. Dette er ei linje med psykisk utviklingshemma som bur på internat til liks med resten av elevflokken. Dei er med på alle felles turar, og har ein fast turdag i veka. Denne linja er frykteleg viktig for folkehøgskulelivet. Eg har ikkje tal på kor mange av elevane på dei andre linjene som takkar meg kvart år for at vi satsar på denne linja, og kor mykje den har betydd for året. Mange har ikkje møtt menneske med f.eks downs syndrom, eller ei form for  lettare psykisk utviklingshemming. Elevane våre lærer utruleg mykje i møte med andre menneske, og menneske som har heilt andre utfordringar og forutsetningar enn dei sjølv. Det gir dei ein viktig ballast å ta med seg vidare. Mange folkehøgskular satsar på slike linjer, og er med på å lyfte gode haldningar, også i møte med psykisk utviklingshemma. 
 
Personleg meinar eg at alle hadde hatt godt av eit år på folkehøgskule, og eg anbefalar det til alle eg kjenner. Det er eit år der du lærer deg sjølv godt å kjenne, der du får utfordra deg på ting du både er god på og ting du ikkje er så god på.
 
Er ikkje alt dette riktig å prioritere, til liks med gode lærar på universitet og høgskular? Er det ikkje viktig å prioritere gode haldningar, møte med andre mennesker og sin eigen personlege utvikling?
 
Kjære unge høgre; ta dykk eit år på folkehøgskule, de vil ikkje angre! Ja, de vil kanskje sete igjen med heklekunnskap; som forøvrig hadde gjort bestemor di grueleg stolt, og gode minner frå austerriske eller sunnmørske alpar! Men eg garanterar at de vil sitte igjen med så mykje meir. Meir verdifull ballast og lærdom enn de kan drøyme om at de ville oppleve og lære på 9 månadar. 
 
Kristina Tomasgard
 
 -Nestleiar i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane
 -Miljøarbeidar på Nordfjord folkehøgskule