Meny
Bli medlem

Folkestyre og frivilligheit

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Her er kommunereformutvalet si tilråding til fylkesårsmøte, som blei samrøystes vedteken.

Innleiing

Kommunereforma som er lagt fram av den blå-blå regjeringa syner at det er ei reform for sentralisering og tvangssamanslåing av kommunar mot lokal vilje. Motivet er å skape såkalla «robuste» kommunar og reforma er prega av hastverk og pisk for å få teikne eit nytt kommunekart frå departementskontora.

 

I Noreg jobbar lokale folkevalde heile tida for det beste for sine innbyggarar og Senterpartiet har ei grunnleggande tru på at dei lokale folkevalde tek dei beste avgjerdene på vegne av sine innbyggarar. Er føremonene større enn ulempene vil dei folkevalde vurdere og eventuelt gjennomføre ei samanslåing på eiga han. Senterpartiet frykter at med ei sentralt styrt reform som den som regjeringa no har sett i gong, vil det ende med mykje pengar og energi brukt utan resultat.

 

Forankringa bør vere i at verda endrar seg, men med respekt for at det er anna enn tal innbyggjarar som gjer at ein kommune har livets rett. I kor stor grad ein bidreg til fellesskapet med gjennom verdiskaping bør og takast med i rekneskapet og at vi er eit langstrakt land med ein utfordrande geografi som gjer at ein må sjå på meir enn tal folk som bur i kommunen.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner at ingen kommunegrenser er hogge i stein, men for å få vellukka endringar i strukturar, må endringa skje nedanfrå og i tråd med lokale behov og ynskje.

Tidspress og uklåre rammer

Kommunane har fått særs lite tid på seg til å gjere arbeidet og det er viktige delar i reformarbeidet som ikkje er klarlagt. Oppgåver og inntektssystem er vesentlege delar for kommunesektoren og lokale folkevalde skal ta avgjerder som får innverknad på folk sin kvardag utan å vite føresetnadane. Det er eit godt prinsipp i offentleg forvaltning av saker skal vere godt utgreidd. Innbyggjarane har krav på å få god og riktig informasjon om dei skal kunne forventast å kunne ta del i folkerøystingar eller andre folkehøyringar.

 

Medan det i starten av reformarbeidet var stort fokus på oppgåver, har fokuset flytta seg til inntekt og størrelse i folketal. Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner at oppgåvene må på plass først, før ein lokalt ser på kva som kan vere fornuftig i eigen kommune. Utan klåre og nye oppgåver, er det ikkje behov for at kommunane ser på strukturane.

 

Inntektssystemet som er sendt på høyring, vitnar om at dette i stor grad vert nytta som eit middel for å tvinge kommunar saman i staden for ei utvikling av heile landet. Systemet vrir pengar inn mot sentrale områder og områder med vekst, særskilt kjem store kommunar med vekst godt ut, små og mellomstore kommunar med låg eller ingen vekst er taparane. Sjølv med kommunesamanslåingar vil denne problemstillinga bestå og samla sett blir det mindre pengar til kommunale tenester.

Regionreform

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner eit regionalt folkevald nivå er avgjerande viktig for å løyse oppgåver som kommunane vert for små til å løyse, og som ein ikkje er tent med at statlege organ løyser.

 

Dagens fylkesmodell fungerer godt, og er godt rusta til å ta på seg nye oppgåver. Til liks med kommunereformarbeidet må det i arbeidet med regionreform ligge til grunn ei endra oppgåvefordeling før ein endrar struktur. Senterpartiet meiner eit regionalt folkevald nivå kan løyse oppgåver som staten i dag regionalt enten ved fylkesmann eller direktorat har ansvar for. I tillegg kunne fylkeskommunen påteke seg oppgåver som kommunane i utstrekt grad løyser gjennom interkommunalt samarbeid.

 

Med denne bakgrunn meiner Senterpartiet at dagens fylkesgrenser er godt eigna til å tene innbyggarane i Sogn og Fjordane. Me meiner og at dagens organisering står seg også i framtida, og ynskjer ikkje å gå inn i ein vestlandsregion. Dersom kommunereforma vert gjennomført på ein slik måte at kommunekartet vert vesentleg endra, bør dette opp til ny drøfting.

Demokrati og folkestyre

Den demokratiske dimensjonen ved kommunestrukturen er ikkje vektlagt høgt nok i diskusjonane om samanslåing. Nye kommunegrenser skapar endra avstandar mellom veljar og folkevald. Nærleik er viktig for å skape eit levande demokrati i kommunen og er ein verdi som må drøftast på line med økonomisk-rasjonelle vinstar ved samanslåing.

 

Senterpartiet meiner at før folkevalde gjer vedtak om endring av kommunegrenser, må innbyggarane i dei aktuelle kommunane høyrast. Endringar i kommunegrenser er ei så stor endring at folket sjølve må gje råd til politikarane før vedtak. Alle innbyggarane må få moglegheit til å seie si meining, noko som spørjeundersøkingar basert på eit tilfeldig utval ikkje tek i vare.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane meiner:

  • At det ikkje skal nyttast nokon former for tvang i spørsmål om kommunesamanslåing. Endringar i kommunestruktur skal skje ut i frå lokale initiativ.
  • At oppgåver og inntektssystem må vere klarlagt og vedteke av Stortinget før kommunestrukturar vert drøfta.
  • At ein ser kommunereform og regionreform i samanheng før ein ser på kommunestrukturen.
  • Nye oppgåver er ein føresetnad for regionreforma.
  • At konsekvensane for eit fylke av å miste kommunar må utgreiast.
  • At innbyggarane skal høyrast i rådgjevande folkerøysting før endring i kommunegrensene.