Meny
Bli medlem

Folkevalgt sjukehusstyring

Sist endret: 27.09.2020
Spesialisthelsetenesta står overfor store utfordringar dei kommande åra med ei aldrande befolkning, fleire kronisk sjuke og sterk auke i psykiske lidingar. Eit godt helsetilbod til desse menneska må vere uavhengig av tilknyting til arbeidslivet, kvar i landet ein bur, og økonomiske evne. Eit godt spesialisthelsetenestetilbod er derfor eit spørsmål om politiske prioriteringar.

Dagens føretaksmodell har vist seg ikkje å fungere fordi det politiske ansvaret vert pulverisert. Administrasjonen har vekse på bekostning av faglege stillingar. Tilliten mellom dei tilsette og leiinga er fleire stader svekka slik at arbeidsmiljøet er blitt dårlegare. Tilbod er sentralisert, som har ført til svekka tryggleik og beredskap for folk i distrikta. Dette er eit brot på det overordna målet om likeverdige helsetilbod, som Senterpartiet er tufta på.
 
Senterpartiet vil sikre folk eit desentralisert sjukehustilbod som dei kan vere med å påverke. Stortinget må derfor få framlagt ein plan for spesialisthelsetenesta som rullerast kvart fjerde år , på same måte som Stortinget behandlar Nasjonal Transportsplan. Som ein del av denne planen må Stortinget definere innhaldet i eit lokalsjukehus. Senterpartiet meiner at lokalsjukehus som eit minimum må tilby beredskap innan både kirurgi og medisin, anestesi, laboratorietenester og røntgen, og også føde – og barselavdeling når dette er nødvendig ut frå beredskap og avstander. .
 
Ved eitkvart sjukehus og større sjukehusavdelingar må det vere ein stadleg leiing, med eit samla ansvar for fagleg kvalitet, tilsette og budsjett.
Senterpartiet vil oppløyse  den regionale foretaksmodellen og beholde statlig eierskap, men demokratisere og desentralisere styringa  til 20 regionale sjukehusstyrer tilsvarande dagens lokale helseforetak. Desse skal ha utvida styringsansvar innanfor ramma av nasjonal finansiering og prioriteringar i Nasjonal Sjukehusplan. Dei regionale sjukehusstyra skal ha  fleirtalet av medlemmane  som er oppnevnt av fylkestinget.   På denne måten vil ein sikre politisk demokratisk forankring og styring innanfor dei nasjonale rammer som Stortinget vedtar i Nasjonal sjukehusplan og dei årlege budsjetta. På sikt skal ansvaret for ansvaret for sjukehusa overføres til regionalt folkevalgt eierskap.

Senterpartiet meiner at aktivitetsbasert finansiering har hatt for stort fokus.  Finansiering  av spesialisthelsetenesta må derfor baserast på rammefinansiering.

Samhandlingsreforma er ein viktig reform som skal knytte kommunane si primærhelseteneste betre saman med staten si spesialisthelseteneste. Nærleik til tenestene er for mange eldre, kronikarar og psykisk sjuke avgjerande for å få til dette. Spesielt er det viktig at tilbodet for dei med psykiske lidingar vert utvida i kommunane og i distriktspsykiatriske sentra. Tidleg førebyggande innsats i kommunane må prioriterast, saman med fleire døgnplassar ved distriktspsykiatriske sentra.