Meny
Bli medlem

Førehandsstemminga er starta

Sist endret: 27.09.2020
12. august starta den ordinære førehandsstemminga til stortings- og sametingsvalet. Veljarane kan stemme på førehand fram til og med fredag 6. september. - Valdeltaking er viktig for å styrke demokratiet, og eg oppfordrar alle til å bruke stemmeretten, sa Liv Signe Navarsete då ho førehandsrøysta i Arendal.

- Kommunane har lagt til rette for at alle skal få stemme ved valet, anten på førehand eller på valdagen.  I fire veker kan ein finne vallokale over heile landet,  seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er kommunane som tek imot førehandsstemmer. Kommunen informerer om kvar vallokala ligg, opningstider og korleis ein går fram for å stemme. Ved førehandsstemminga kan veljarane stemme i kva som helst kommune i landet.

- Valdeltaking er viktig for å styrke demokratiet, og eg oppfordrar alle til å bruke stemmeretten, seier Navarsete.

Før den ordinære førehandsstemmeperioden startar, er det motteke til saman 14.604 tidlegstemmer. Det er over dobbelt så mange som i 2009 og 2011.

Kommunal- og regionaldepartementet har utvikla ein nettstad der veljarane kan søkje opp vallokale, anten i nærleiken av der ein er eller i heile landet, dei kan finne opningstidene til vallokale og kart. Sjå vallokale.no.

Valdagen er måndag 9. september. Nokre kommunar har to-dagars val, her kan veljarane også stemme søndag 8. september. På valdagen må alle veljarar stemme i kommunen der dei er manntalsførte.

Veljarar kan berre stemme ein gong. Det er viktig at alle tek med legitimasjon!