Meny
Bli medlem

Forenkling av byggjereglar- Eit enklare Noreg!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Senterpartiet er sterkt oppteke av desentralisering av reell makt, mynde og kapital. Reduksjon av lovar, forskrifter og av statleg byråkrati er sentrale punkt i Senterpartiet sitt nye program.

 

 

Det er difor særs gledeleg at den raudgrøne regjeringa og kommunal -og regionalminister Liv Signe Navarsete nå foreslår forenkla reglar i samband med bygging. «Vi ynskjer at byggesaksdelen i plan- og bygningsdelen skal vere ein JA lov». Det skal ikkje vere naudsynt å søkje om enkle tiltak dersom det er i samsvar med plan og regelverk. Eksempel er tilbygg og garasjar.

Nabovarsel er ikkje lenger naudsynt der tiltak er tidlegare avklart i detaljregulering.

Forslaga inneber også at dei som skal bygge for støre tryggleik for at prosjektet ikkje forseinkas. Saker skal nå handsamas innan 3 veker

 

Også landbruket får ein eige sak ved at vi foreslår at driftsbygningar opp til ein viss størrelse skal kunne bygga utan søknadsplikt til kommunen.

 

Dette betyr at det blir enklare og raskare å byggje hus. Etter 3 veker skal saka vere ferdigbehandla i kommunen og spaden settas i jorda.

Forenklingane i sum vil spare mykje tid, frustrasjon og ressursar for den einskilte, byggjenæringa og redusere antal saker i kommunane med 20-30 %.

 

Forenkling reduserer tidsbruk og kostnader i alle ledd. Dette er særs viktig i eit høgkostland som Noreg. Desse forslaga er ei byrjing. Senterpartiet er klare for å sjå på ein stor reduksjon av lover og forskrifter innafor alle samfunnsområder. Den sikraste måten å gjere det på er å overføre makt og mynde til lågast mogeleg nivå.

 

Det skal ikkje stå på Senterpartiet- Eit enklare Noreg!

 

Olav Urbø

1.ste nestleiar Telemark Senterparti