Meny
Bli medlem

- Foreslår attval av Navarsete, Moe og Vedum

Sist endret: 27.09.2020
- Valkomiteen i Senterpartiet innstiller på attval av leiar Liv-Signe Navarsete, 1. nestleiar Ola Borten Moe og 2. nestleiar Trygve Slagsvold Vedum. Me meiner at dei tre er dei rette til å leia Senterpartiet vidare, seier leiar i valkomiteen Magnar Lussand.

- Me ser at Senterpartiet leverer svært godt på det politiske området. Og det er det som tel. Fylkeslaga har gitt sine innspel til valkomiteen, og me konstaterer at Senterpartiets leiartrio har brei oppslutnad i partiet. Komiteen har også gjennomført grundige intervju med kandidatane. Vår konklusjon er klinkande klar. Valkomiteen har tillit til leiinga i partiet. No er det opp til landsmøtet om dei vil setja sitt stempel på valkomiteens konklusjon, seier Magnar Lussand.

- Me arbeider vidare med å setje sammen forslag på resten av sentralstyret. Valkomiteen kjem til leggja fram den samla innstillinga si til nytt sentralstyre i god tid før Senterpartiets landsmøte, som er på hotell Alexandra i Loen 5. – 7. april, seier leiar i valkomiteen Magnar Lussand.