Meny
Bli medlem

Forslag til forenklingar i byggjereglane

Sist endret: 27.09.2020
Siktemålet med endringsforslaga som no vert sendt på høyring, er å effektivisere byggjesaksprosessane. ? Eg ynskjer ein enklare kvardag for folk flest, for utbyggjarar og kommunar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

 

Det skal ikkje vere naudsynt med kommunal saksbehandling av garasjar og mindre tilbygg som er i samsvar med plan og regelverket elles. Slike saker skal kun registrerast i kommunen, og tiltaket kan setjast i verk etter tre veker. Merknader frå grannar skal ikkje ha innverknad på sakshandsamingstida i byggjesaker. Ved tydeleggjering av grannar sin posisjon og avgrensing av klageretten skal grunnlaget for omkampar i sakshandsamingsprosessane bli mindre. Forenklingsgrepa skal samla gje meir  likebehandling og føreseielege prosessar.

Framlegga inneber større tillit til at den einskilde tar ansvar for avklaring av at bygjetiltaket er i samsvar med regelverket.

– Me vil gjere det enklare og raskare , og gje større ansvar til den einskilde utbyggjar. Dette vil òg gje færre omkampar i planprosessar som fører til frustrerande forsinkingar, seier Navarsete.

Høyringsnotatet inneheld òg forslag om oppheving av dei obligatoriske godkjenningsordningane for føretak som skal ha ansvarsrett i byggjesaker. Hovudsystemet i lova elles for ansvar og kontroll blir ikkje endra.