Meny
Bli medlem

Forsvar utan folk?

Sist endret: 27.09.2020
Om regjeringa får det som ho vil om ny langtidsplan for Forsvaret, vedtek Stortinget ein halvferdig langtidsplan som kan bryte med berebjelken i norsk sikkerheitspolitikk sidan 2. verdskrig, skriv Liv Signe Navarsete.

 

- Av Liv Signe Navarsete, utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet

 

Stortinget handsamar i desse dagar Regjeringa sitt forslag til ny langtidsplan for Forsvaret. Om regjeringa får det som ho vil, vedtek Stortinget ein halvferdig langtidsplan som kan bryte med berebjelken i norsk sikkerheitspolitikk sidan 2. verdskrig. 

 

Alt før langtidsplanen vart lagt fram, åtvara eg sterkt mot det som i følgje lekkasjar var regjeringa sin plan. I april varsla DN at regjeringa planla å leggje ned Kystjegerkommandoen, Sjøheimevernet samt begynne å plukke frå kvarandre vår siste brigade. No har me svaret. Kystjegerkommandoen og Sjøheimevernet er føreslege nedlagt, medan Hæren vert skyvd ut i ei eiga «landmaktutgreiing». Å skyve landmakta ut i ei eiga utgreiing medan Stortinget er invitert til å vedta kostnadskrevjande investeringsplanar for Luftforsvaret og Marinen, vil gjere Hæren og Heimevernet til ein salderingspost på forsvarsbudsjettet. 

 

Hæren er i dag underfinansiert. Naudsynte investeringar som regjeringa allereie skulle ha sikra er sette på vent. Hæren manglar i dag luftvern og fungerande stridsvogner og artilleri. Det betyr i praksis at hærstyrkane våre er forsvarslause mot utanlandske fly, og at deira kampkraft er tydeleg svekka. At hæren treng opprusting er det ikkje tvil om. Ei rekkje utgreiingar slår dette fast. Seinast i årets forsvarsbudsjett lova regjeringa at «tunge, nye materiellprosjekter som oppgradering av stridsvogner og kampluftvern settes nå i gang». Regjeringa har ikkje følgd opp det dei lova Stortinget så seint som i fjor. Kva ventar dei på?

 

I rapporten frå forsvarssjefen sitt fagmilitære råd frå i fjor haust gjorde forsvarssjefen det klårt at risikoen knytt til reduksjonar i landmakta «i liten grad kompenseres av NATO, med mindre det stasjoneres styrker på norsk jord til daglig, (..)» Forsvarssjefen stadfesta det all fornuft tilseier, nemleg at «uten evne til å yte motstand på bakken, er det en betydelig risiko for at en motpart kan nå sine territorielle mål uten at vårt nasjonale forsvar kan påvirke situasjonen.»

 

Klassekampen avdekka fredag 8. juli at ein kritisk rapport frå Forsvarets Forskingsinstitutt, som omhandla konsekvensane av kutt i Hæren, vert halden hemmeleg. Rapporten slo i følgje Klassekampen fast at utan ei mekanisert fullverdig brigade, vil Noreg ikkje vere i stand til å møte sjølv ein lett styrke som tek seg inn i dei nordlegaste delane av landet. Eg sende førespurnad til Forsvarsministeren der eg bad om at Utanriks- og forsvarskomiteen fekk presentert forskarane sine konklusjonar. Statsråden avviste dette.

 

I følgje Klassekampen har Forsvarsministeren sjølv åtvara regjeringa mot å satse einsidig på såkalla «strategiske kapasitetar», dvs. kampfly, ubåtar og spesialstyrkar.  I følgje Klassekampen vedgjekk statsråden at dette ville vere eit brot med det som har vore norsk forsvarspolitikk sidan me gikk inn i Nato i 1949 og svekke norsk forsvar, noko ein motstandar ville utnytte. 

 

Sjølv om investeringar i forsvarsteknologi er viktig, er det både hisitorielaust og naivt å tru at ein kan byte ut folk med teknologi. Ingen krigar er vunne utan menn og kvinner på bakken. Noreg må ikkje stille seg i ein situasjon der me har svekka den forsvarsgreina der det tek lengst tid å få alliert støtte, landmakta, medan me einsidig byggjer opp den forsvarsgreina allierte raskare kan kome fram med støtte, luftmakta. Hæren må til ei kvar tid utgjere kjernen i det territoriale forsvaret av Noreg. Luft og sjømakt må støtte opp om Hæren sine operasjoner. John Olav Egeland har oppsummert problema med langtidsplanen på ein treffande måte: «Skal Norge bestå som en uavhengig nasjonalstat, er det bare norske soldater som til sjuende og sist kan være kjernen i et militært forsvar.»

 

Eit forsøk på å erstatte menn og kvinner med fly vil gjere Noreg i stand til å lage store krater per forsvarskrone. Men det medfører også at me set inn det meste av investeringane i den forsvarsgreina. Det vil likevel ikkje gjere Forsvaret i stand til å trygge Noreg mot dei mange ulike trugsmåla me kan møte. Regjeringa peikar sjølv i langtidsplanen på mange ulike trugsmål og oppgåver Noreg står ovanfor: Hybridkrigføring, press mot vår suverenitet over norske naturresursar eller omfattande og koordinert terror. Felles for alle desse trugsmåla er at om dei vert store nok treng me menn og kvinner med forsvarskompetanse, både til lands og til sjøs. Då er det ein dårleg idé å leggje ned Kystjegerkommandoen og Sjøheimevernet og å redusere Heimevernet og svekke Hæren. Som Harstad sin ordfører sa så klart til Utanriks- og forsvarskomiteen under høyringa til langtidsplanen: Vil de ta ansvaret for å bombe Alta frå lufta?