Meny
Bli medlem

Forsvarsplanlegging i løynd

Sist endret: 27.09.2020
At regjeringa legg fram ein halvferdig forsvarsplan er ille, og minst like urovekkande er det at den synest å gjere dette basert på teoriar og politikk ein aldri har fremja, skriv Navarsete.
 
 
Av Liv Signe Navarsete, Senterpartiets forsvars- og utenrikspolitiske talsperson

Noko av det første Høgre lova då dei tok over Forsvarsdepartementet, var å syte for ein meir open forsvarsdebatt. Til dømes vart Forsvarsministeren sitert i Aftenposten 7. januar 2014 på at «åpenhet er viktig for meg. Og da mener jeg ikke åpenhet som et honnørord, men reell åpenhet. Åpenhet betyr særlig å bidra til et korrekt bilde av virkeligheten». Regjeringa sitt arbeid med Langtidsplanen for Forsvaret (LTP) har diverre vore prega av alt anna enn openheit.

Senterpartiet har i lang tid vore djupt uroa over nedbygginga av Hæren, Heimevernet og kystforsvaret som regjeringa føreslår i LTP. Ein Langtidsplan for Forsvaret skal naturleg nok innehalde plan for investeringar i alle avdelingane i Forsvaret. Denne er annleis. Medan regjeringa legg ein plan for investeringar i Luftforsvaret og Sjøforsvaret, vil ein ikkje vedta  plan for investeringar i Hæren og Heimevernet. Regjeringa hevdar seg så usikker på korleis Hæren og Heimevernet skal sjå ut i framtida at ein ikkje vil føreslå  investeringsplan for desse avdelingane.

At regjeringa legg fram ein halvferdig forsvarsplan er ille i seg sjølv. Men det er minst like urovekkande at regjeringa synest å gjere dette basert på teoriar og politikk ein aldri har fremja verken for Stortinget eller det norske folk. I Forsvarssjefen sitt fagmilitære råd (FMR) frå i fjor haust slo han fast at risikoen knytt til reduksjonar i landmakta «i liten grad kompenseres av NATO, med mindre det stasjoneres styrker på norsk jord til daglig, (..)» Forsvarssjefen stadfesta det all fornuft seier, at «uten evne til å yte motstand på bakken, er det en betydelig risiko for at en motpart kan nå sine territorielle mål uten at vårt nasjonale forsvar kan påvirke situasjonen». Å gjere oss avhengig av utanlandske styrkar permanent plassert på norsk jord, vil sjølvsagt redusere Noreg sitt politiske handlingsrom. Er dette ein klok strategi? USA sin komande president har alt sett spørsmålsteikn ved USA sin vilje til å forsvare andre NATO-land, om dei ikkje aukar løyvingane til sine nasjonale forsvar.

Klassekampen skreiv tysdag 13. september at analytikarar ved FFI hausten 2014 starta arbeidet med eit alternativ til dagens forsvar, då regjeringa meinte at Noreg ikkje har råd til alle dagens kapasitetar i Forsvaret. Rådet regjeringa fekk frå FFI var, i følgje Klassekampen, å førebu omlegginga av det norske forsvaret til ein ny og «radikal» forsvarsstruktur. Framtidas forsvar skulle i følgje denne studien vere meir retta mot offensive kapasitetar og utan ein tradisjonell hær.

Senterpartiet har i heile prosessen kring LTP kjempa for å sikre naudsynte kapasitetar til Hæren. Dette er kapasitetar eit samrøysta Storting fjor meinte var naudsynt. Ein sterk hær treng kampluftvern, artilleri og stridsvogner. I proposisjonen som regjeringa la fram i fjor, vart det slått fast  at «dei mekaniserte bataljonane er robuste, har god tilgjenge for bruk i alle typar militære operasjonar og dannar kjernen i kvar si bataljonsstridsgruppe». Regjeringa slo og fast at investeringar i stridsvogner ville sikre at «(forsvars)strukturen ikkje har vesentlege veikskaper som kan verte nytta av ein motstandar». Det er god grunn til å tru at det er akkurat slike manglar i Hæren regjeringa vert åtvara mot i den hemmelighaldne rapporten frå FFI.

Senterpartiet ønskjer eit norsk forsvar slik det er tilrådd i ei rekke offisielle dokument og frå Forsvarssjefen i hans fagmilitære råd i fjor haust. Senterpartiet vil at Noreg skal ha ein sterk hær i tråd med det forsvaret så godt som alle våre NATO-allierte bygger opp. At Noreg risikerer å stå att saman med Island og Luxembourg som eit land utan ein mekanisert Hær verkar ikkje som ein god strategi.

Senterpartiet har lenge meint at regjeringa legg opp til ei nedbygging av viktige delar av landforsvaret i Noreg, ei konseptuell endring av Forsvaret. Det har forsvarsministeren nekta for fleire gonger, mellom anna i Stortinget. Like fullt uttala statsministeren til NTB at forsvarsforhandlingane var vanskelege av di nokon parti ynskjer eit anna forsvarskonsept.

Det er også underleg at regjeringa i føregrip den såkalla Landmaktsutgreiinga gjennom å føreslå å redusere Heimevernet med 7000 mannskap og leggje ned viktige kapasitetar og basar. Regjeringa synest sikker på at ein ikkje treng å investere for mykje i Hæren og Heimevernet, men vil investere stort i nye overvakingsfly. Det er nær ingen dokumentasjon på om Noreg treng nye overvakingsfly. Desse flya vil truleg koste same som eit komplett moderniseringsprogram for hele Hæren.

Det er eit demokratisk problem at regjeringa synest å basere sitt forsvarskonsept på teoriar som i svært liten grad er fremja offentleg.  Senterpartiet har åtvara mot dette heilt sidan Langtidsplanen blei lagt fram: Regjeringa vil gjere Hæren og Heimevernet til ein salderingspost.

Trass i at regjeringa seinast i fjor slo fast at Noreg treng ein sterk Hær med mekaniserte bataljonar, seier Høgre og Frp no at sikkerheitsbiletet er så «annleis» at ein ikkje lenger veit kva ein treng. Dette er merkeleg. Kan Forsvarsministeren gje eit konkret svar på kva som har skjedd det siste året og som gjer at me ikkje lengjer treng stridsvognene og artilleriet regjeringa seinast i fjor haust varsla Stortinget om at dei ville kjøpe?