I førre veke gjorde hovudutvalet for samferdsle vedtak om kriteria som skal ligge til grunn for tildeling av pengar. 60 millionar skal gå til vegane som tidlegare har vore «gløymt» i den forstand at det ikkje har vore løyvd midlar til anna enn vintervedlikehald. Nå ser det ljosare ut både for Varlandsvegen, Fiskestigen, Lårdalsvegen og vegen gjennom Åmotsdal som kan vere blant dei som kan håpe om å bli prioritert.
60 millionar kroner høyrest mykje ut, men samtidig veit me at når mange vegar treng opprusting så blir kontoen raskt tom. Det er difor gledeleg å registrere at fylkestingsrepresentanten Beate Dahl Eide (SP) seier: «Det er vegar over heile fylket, men det er nok spesielt i øvre delar av fylket at misnøya har vore størst med kvaliteten på desse fylkesvegane» Me som bur her oppe kjem difor til å fylgje spente, forventningsfulle og fulle av optimisme med når neste episode av «100 millionar til kvardagsvegar» kjem måndag 28.januar!