Meny
Bli medlem

Frå bypakke Grenland til bypakke Telemark

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Eg har lyst å døype om Bypakka til Bypakke Telemark! Dette er det største samferdselsløftet for Grenland og Telemark på lang lang tid. Det er eit spleiselag der vi sammen bestemmer oss for å løfte Grenland. Løfte Telemark.

 

 

Grenland er motoren i Telemark. Går Grenland bra, går Telemark bra. By og land er gjensidig avhengig av kvarandre. Også i Telemark. Grenland treng øvre Telemark. Øvre Telemark treng Grenland. Vi treng eit sterkare Telemark. Eit grønnare Grenland, der vi får eit etterlengta infrastrukturløft er heilt avgjerande for å styrke Telemark.

 

Den pakken vi har til behandling idag har eit innhald som på ein flott måte realiserar både heilt sentrale vegprosjekt og ei lang rekke tiltak som betrar forholda for både kollektivreisande, syklistar og fotgjengarar. Det er jo ikkje slik at vi som mennesker tilhøyrer berre ein kategori. Vi er ikkje berre bilistar eller berre fotgjengarar. Dei fleste av oss er både bilistar, kollektivbrukarar, fotgjengarar og syklistar i løpet av eit liv. Det som får fleire til å bruke buss, gå eller sykle til jobb, fører til færre bilar på veien, mindre slitasje på vegane, mindre forurensing osb. Vi blir stadig fleire menneske i dette landet. Forsåvidt i  verden. Fleire mennesker fører til auka transportbehov, både av mennesker og varer. Derfor er det avgjerande å få fleire til å velge alternativ til bilen. Om Grenland blir kvalt av privatbilar som står i kø, og varer står i kø ut og inn, vert det lite utvikling.

 

Diskusjonen om bompengar eller ikkje er mildt sagt eit sidespor, som det er ganske utruleg at vi fortsatt brukar energi på. Dei fleste andre byregionar i landet har i dag ein eller annan form for bompengar. Dei har verken stagnert eller dødt hen, tvert i mot, dei fleste har ei langt betre utvikling enn vi har i Grenland. Dette handlar om kva Grenland vi vil ha. Kva slags utvikling vil vi vere med å bidra til. Oslo er den hovudstaden i Europa som veks raskast. Omkransa av bomstasjonar. Som sørgar for at ein får realisert viktige samferdselsprosjekt raskare.

 

Den raudgrønne regjeringa har løfta samferdselsbevilgningane i Norge til eit historisk høgt nivå.. Senterpartiet har hatt samferdselsministeren heile denne perioden.  Bondevik II-regjgeringa hadde samferdsel langt nede på prioriteringslistene. 3 OPS-prosjekt som vi betalar nesten ein halv milliard i året på endå er vel det einaste som står på skrytelista etter den perioden. Samferdsel har no fått ein heilt anna posisjon i norsk politikk. No konkurrerar ein om å bevilge mest pengar og å framstå mest mogeleg positiv til samferdsel. Det synes eg er bra, for det fører til at det blir brukt meir pengar på eit utruleg viktig område.

 

Frp har på mange vis misforstått begrepet samferdselspolitikk. Samferdselspolitikk handlar ikkje om å stå i vegkryss å rope om behovet for ny veg. Det handlar om å finne løysingar, å sørge for at det vert bygd vegar og anna infrastruktur. Det handlar om gjennomføringskraft. Det har i alle fall fleirtalet i denne salen, som i dag går inn for denne bypakka.

 

Så er det slik at ei kommune, Bamble, kan sjå ut til å ikkje bli med på dette spleiselaget, fellesskapet for eit sterkare Telemark. Det er synd, og eg håpar at politikarane i Bamble ombestemmer seg. Ved å gå ut av bypakka i siste sving sviktar Bamble både egne innbyggarar som då går glippe av ei lang liste med prosjekt i si eiga kommune, og ein sviktar resten av Grenland og Telemark, og vender ryggen til fellesskapet. Bamble har effekt av bypakka frå dag 1. Grenland er ein felles bo- og arbeidsregion. Bamble ser seg tydelegvis ikkje som ein del av denne om dei trekker seg ut av det her samarbeidet.

 

Vi skal snart i gang å rullere fylkesvegplanen. Det er store behov for oppgradering av vegane i Telemark. Om Bamble no trekker seg ut av fellesskapet, så er det uaktuelt å la kommunen vere gratispassasjer å få realisert vegprosjekt gjennom fylkesvegplanen som ein bevisst velger å ikkje løyse gjennom bypakka. Då stiller Bamble bakerst i køen. Det er ikkje slik at ei kommune skal kunne melde seg inn og ut eit fellesskap etter som det passar. For å ta ein samferdselsmetafor:  Toget går no. Om Bamble vil vere med så må dei vere på plass når toget går. Dei kan ikkje hoppe på verken på Nelaug eller Moi for å få rabatt på billetten. Det oppsiktsvekkande ville vere å la Bamble vere gratispassasjer i eit felles spleiselag.

 

Telemark har vore lamma av bompengeangst og beslutningsvegring i altfor lang tid. Derfor har ikkje vi fått realisert mange av desse prosjekta før. Det har svekka Telemark. Bypakke Grenland. Bypakke Telemark. No skal vi løfte Grenland. Løfte Telemark. Gjennom å gjennomføre både fase 1, 2 og 3 av denne Bypakka.