Meny

- Framleis petroleumsfritt Lofoten, Vesterålen og Senja!

- Ein må finne rett balanse mellom fiskeri, miljø, petroleum og annen bruk av havet. I eit av verdas mest verdfulle havområde, Lofoten, Vesterålen og Senja, må fiskeri og miljø ha forrang. Vi går imot at desse områda blir opna for olje- og verksemd i neste stortingsperiode. Senterpartiet bør også seie nei til oljeverksemd i Nordland 6 og 7 og Troms 2.

Framleis petroleumsfritt Lofoten, Vesterålen og Senja!

 

Hordaland Sp meiner ein bør gå mot at Vesterålen, Lofoten og Senja blir opna for olje- og verksemd i neste stortingsperiode. Senterpartiet bør også seie nei til dette i Nordland 6 og 7 og Troms 2. 

Senterpartiet seier i gjeldande partiprogram at vi ikkje ønskjer olje- og gassutvinning i Vesterålen, Lofoten og Senja. Dette bør framleis være standpunktet i stortingsvalsprogrammet for neste periode som landsmøtet i april 2013 skal vedta. 

Konsekvensane ved eit uhell i dette området er, etter Senterpartiet si meining, for store til at vi kan ta sjansen. Det er sterke argument mot å opne for petroleumsaktivitet i dette viktige matfatet. Området er også er eit viktig gyteområde for fleire fiskeslag, mellom anna for den siste robuste torskestamma i verda.

Senterpartiet er opptatt av fiskeri og reiseliv. Det ligg enorme verdiar i desse næringane, som vi vil ta vare på. Sjølv om det er forventa å vere store olje- og gassverdiar i området må ein hugse på at fiskeri- og reiseliv er evigvarande ressursar og representerer høgare verdiar enn nokre års petroleumsutvinning. Det må leggjast til rette for anna næringsliv i området.

Hordaland Sp meiner at ein må finne rett balanse mellom fiskeri, miljø, petroleum og annan bruk av havet. I eit av verdas mest verdfulle havområde, Vesterålen, Lofoten og Senja, må fiskeri og miljø ha forrang.