Meny
Bli medlem

Framtida til Tokkesamfunnet- nedlegging av oppvekstsenter.

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Endra økonomiske forhold i Tokke og mogeleg nedlegging av oppvekstsenter har sjølvsagt prega kommunen og frontane ser ut til å hardne til. Tokke Arbeiderparti som har fleirtal i formannskapet røysta for rådmannens alternativ 3 som er nedlegging av alle oppvekstsenter inkludert barnehagar og SFO. Bare Barnehagen i Lårdal er utelatt grunna for liten kapasitet i Høydalsmo. Det blir i media forsøkt tona det ned men det går ikkje i politikken. Tilrådinga frå formannskapet til Kommunestyret står der, svart på kvitt! Dette er dramatisk kjære tokkebuarar og med konsekvensar for heile tokke samfunnet som dei færraste har tenkt gjennom, skriv Olav Urbø, leiar i Tokke Senterparti.

 

 Det eg saknar aller mest er å sette dette inn i ein støre samanheng og kva vi ynskjer for kommunen. Eg er viss på at alle meiner at det er viktig at vi så mange folk  i kommunen at vi er robuste. Det betyr at vi har eit tilfredsstilande tenestetilbod både frå det offentlege og ikkje minst frå det private. Like viktig er det at verksemdene får tak i kritisk kompetanse. Dette er heilt avgjerande for å vere eit robust samfunn og i framtida. For å greie det må færrast mogeleg flytte ut og flest mogeleg flytte inn. Vi er avhengig av at ungdomen vår kjem attende og vi treng dei alle.

Ein flyttar ikkje heim att til ein kommune men til sine røter. I dei aller fleste tilfelle flyter ein heim att til bygda du er ifrå, anten det er Dalen, Austheii, Byrte eller Lårdal.

Å bestemme seg for å flyte er ein stor prosess og ein vil sjå på kva samfunnet har å tilby der ein vurderer å flyte attende til og kva for tenestetilbod som finst i ikkje for lang avstand. Ein god barnehage og skule i akseptabel avstand er sentralt i så måte.

Difor er sak om skule  ikkje ei isolert sak. Det er i høgste grad ei sak som og må setjast inn i ein totalsamanheng og  i alle lokalsamfunn heng alt saman med alt. Ein er nøydd til vurdere vedtak på eit område opp mot konsekvensar på andre områder og korleis det påverkar utviklinga i kommunen totalt sett. Min påstand er at nedlegging av oppvekstsenter slik som vedtaket nå ligg vil føre til at mange barnefamiliar som vurderer å flytte heim att nå vil tippe på eit nei. Ingen barnehage/sfo i akseptabel avstand, 45 minutt-1 time på buss for ein 6 åring til skulen kan vere det som vert utslagsgjevande. Eit anna eksempel kjenner eg godt til og det er kor viktig barnefamiliar er for Åmdalsverk Daglegvare. Ein reduksjon av barnefamiliar vil vere ein høgst reell trussel mot ein frå før sårbar butikk.

Scana Mar-El AS er ei høgteknologi bedrift med 35 tilsette og er i dag Tokke kommune største 100 % private verksemd. Tilgang på kritisk kompetanse er heilt avgjerande for denne type verksemd. Teknisk sjef hjå Scana Mar-El er eit typisk eksempel på at kritisk kompetanse flyter heim til sine røter, ikkje til kommunen. Det var anten Lårdal eller å verte verande i Vestfold. Heldigvis for Scana Mar-El AS og Tokke vart det Lårdal. Teknisk sjef flytte heim att til ei bygd som sjølv hadde mobilisert for eige framtid og som hadde eit tilbod som gjorde det attraktivt å flytte heim.        

Det blir påstått at endra skulestruktur har i ettertid vore positivt, også for dei det gjaldt. Eg avviser ikkje det på generelt grunnlag. Til det er sakene for forskjellige. Når det gjeld Fyresdal som det har vore referert til så er det delevis korrekt. Nedlegging av Hauggrend/Veum har så langt eg veit ikkje ført til negativ endring av verken busetnad eller anna. Når det gjeld Kilegrend er situasjonen heilt motsett, nedlegging av skulen har påverka utviklinga i negativ lei. Kva er det som er mest likt situasjonen i Tokke ? Frå Hauggrend er det 10 minutt til kommunesenteret. Frå våre oppvekstsenter er det frå 30 minutt til 1 time med skulebuss. Saka er nok mykje nærare Kilegrend eller Hauggrend.

Det blir og påstått at ein desentralisert struktur ikkje har ført til auka folketal. Min påstand er at situasjonen hadde vore mykje verre viss vi ikkje i alle desse år har greitt å ha eit tilbod i heile kommunen. Sentraliseringskreftene er enorme i samfunnet og eg er redd dei i tillegg vil akselerere framover.

Når ein kommune må kutte slik som i Tokke kjem og dramaturgien i språket.» Ikkje forsvarleg» er eit eksempel på slike. Med all respekt kjære sambygdingar, ikkje bruk slike ord. Det blir konsekvensar og det vil merkas, ingen tvil om det. Samstundes så må vi ikkje gløyme at vi framleis har mykje støre ressursar enn det som er vanleg i kommune Noreg. Vi må justere tilbodet ned mot det som er vanleg i kommune Noreg. Det er manglar og utfordringar i mange kommunar, ingen tvil om det. Men Kommune Noreg er ein del av den største og beste velferdsstat som verda nokon gong har sett. Det er difor full mogeleg å redusere kostnader utan at det vert uforsvarleg på nokon som helst måte.

Diskusjonen om korleis utvikling i grendene påverkar utviklinga i kommunesenterert Dalen er fråverande. Som innbyggar i Skafså og nå Dalen  bekymrar det meg veldig. I Tokke er det eit skjebnefellesskap mellom grender og Dalen. Kommunen har satsa på Dalen. Ein stor del av auke i lånegjeld, frå 16 mill.kr i 2004 til 166 millionar i 2014 har gått til denne satsinga. Noko som gjer at vi har eit flott kulturhus, ny skjerma eining og ein av landets mest moderne barnehagar.  Det har vore stor einigheit om dette, både politisk og blant innbyggjarane. Dalen er ein fantastisk stad men er Dalen robust nok åleine ? Det er nokon som trur at struktur endring vil vere ein fordel for kommunesenteret Dalen. Dette er fullstendig feil ! Både grender og Dalen vert skadelidande.

Mange vil avvise dette med anten at det ikkje stemmer eller at dette var nå veldig pessimistisk. Då må de i alle fall fyrst ville viljuge til å svare på fylgjande spørsmål som innbyggar:

-Kva meiner du er akseptabelt tilbod/avstand til barnehage/sfo for at du ville ha flytta heim att ?

- Synest du det er greitt å sende 6 åringar på ein smekkfull stor skulebuss i 45minutt-1 time der 6 åringen er minst og sårbar og skal dele buss med elevar frå vidaregåande ?

-Kva for aktivitet og tilbod er det generelt i nærområdet ?

-Desse tre spørsmåla vil sterkt påverke framtidig tilflytting og folketal samla sett.

Dette er sannsynlegvis dei tre fyrste spørsmåla småbarnsforeldre som vurderer å flytte attende vil stille seg. Det er sjølvsagt at det må vere eit godt kvalitativt tilbod innan skule, barnehage og sfo.

Så får de utifrå eigne svar vurdere om min analyse er korrekt eller ei.