Meny
Bli medlem

Fritt privatiseringsval

Sist endret: 27.09.2020
Fritt behandlingsval debatterast i dag tirsdag 14. april i Stortinget. ? Høgre og Framstegspartiet har fått støtte frå KrF og Venstre om innføring av helsereforma Fritt behandlingsval. I følgje desse partia er dette den største helsereforma på mange tiår. Medan KrF og Venstre gikk til val saman med Senterpartiet mot å svekke offentlege sjukehus med ei slik privatiseringsreform, har dei no snudd. Dette er lite truverdig, seier Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson og Stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Fritt behandlingsval er ei reform som er bygd på auka konkurranse og meir privatisering av sjukehustilbod. Det er ei ideologisk og politisk fundamentert reform, ikkje ei reform som helsevesenet eller pasientane har etterspurt. Senterpartiet meiner at hovudmålsettinga for norsk helsevesen må vere å yte gode og likeverdige spesialisthelsetenester til alle som treng det når dei treng det. Vi meiner at Fritt behandlingsval ikkje støttar opp om dette målet.


Senterpartiet vil kjempe for eit sterkt offentleg eigd og styrt helsevesen, der ideelle tilbydarar er dei viktigaste samarbeidspartnarane og private kommersielle tilbydarar eit nyttig supplement. Fritt behandlingsval er ei reform for dei ressurssterke pasientane og for dei som vil tene pengar på pasientbehandling. Reforma vil føre til at Stortinget mister verktøy for å planlegge helsetilbodet for heile befolkninga og distrikta risikerer å miste enda meir av sitt nærmaste behandlingstilbod.


Fritt behandlingsval betyr i praksis at alle kommersielle sjukehustilbydarar skal kunne drive pasientbehandling betalt av staten. Auka konkurranse om pasienten er i reforma eit mål i seg sjølv. Konsekvensen er at offentlege sjukehus vil kunne tappast for kompetanse samtidig som dei blir ståande att med vanskeligaste og mest kostbare behandlingane, og skal ha ansvar for både utdanning av helsepersonell, forsking og akuttilbod.


At innføring av helsereforma Fritt behandlingsval er den største helsereforma på mange år, har Høgre og FrP rett i. Det er eit oppgjer mot det offentleg eigde og styrte helsevesenet, og vil opne dørene for ein kommersiell helsemarknad i Noreg. Reforma vil tene pasientar med avklarte tilstandar og lønsame behandlingar. Men aller mest vil reforma tene kommersielle tilbydarar som no får drive pasientbehandling utan krav til avtale med offentlige sjukehus.

Staten betalar.