Meny
Bli medlem

-Frykter mer kriminalitet i Telemark

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Senterpartiets stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide frykter det blir mer kriminalitet i Telemark om mange av dagens lensmannskontor legges ned og antallet politidistrikt reduseres kraftig.
 
- Ei utvikling der politiet skal verte eit slags aksjonspoliti som skal "rykke inn" når det har skjedd noko - og så reise att  - skremmer meg! Politiet må være nær og tilstades der folk bur. Det vert utan tvil dårligere forebyggande arbeid om politiet ikkje har lokalkunnskap og forankring, tilliten til politiet vil forvitre og resultatet kan verte mange svarte hol i Telemark, der det vert fritt fram for dei ønsker å drive med t.d. organisert kriminalitet.
 
- debatten er idag prega av ei overdreven tru på at stort er godt. Folk er ikkje klar over kva desse endringa eventuelt vil bety. Nærpolitiet er ein saga blott om disse forslagene gjennomføres! Tanken bak politiet si organisering har fram til idag vore eit reelt nærpoliti, som og har ein forebyggande funksjon ved at dei tilsette er ein del av eit lokalsamfunn, både i bygd og by. Eit meir sentralisert politi vil og verte eit politi som har meir avstand til si eiga befolkning.
 
- lokale lensmenn og tjenestemenn (og kvinner...) som kjenner sitt lokalmiljø, som driv forebyggande arbeid i skule og barnehagar og som er aktive i sitt lokalsamfunn kan ikkje erstattast av politienheter som rykker inn når noko skjer. Store operasjonssentralar som dekker så store geografiske områder at lokalkunnskap er umogeleg aukar risikoen for feil, risikioen for at hjelpa kjem seint fram, risikoen for at vi ute i distrikta fullstendig miste tilliten til at politiet kan hjelpe oss om behovet er der.
 
Dahl Eide seier at manglande ressursar i politiet er hovudårsaka til at diskusjonen om lensmannskontora kjem. Dahl Eide og Senterpartiet meiner at politibyråkratiet har vekse seg for stort og at det vert vekke for mykje ressursar på veg ut i dei ulike politidistrikta. Vi må sørge for at fleire ressursar kjem ut i politidistrikta. - Vi kan ikkje finne oss i å verte viska vekk frå politikartet på grunn av for lite ressursar. Vi i Senterpartiet står på for nærpolitiet.