Meny

Fylkerårsmøtet: - Tryggleik i kvardagen der du bur

Lokalkunnskap og nærleik er er avgjerande for beredskapen. -Det skal finnast eit nærpoliti med lokal forankring, som har nok ressursar til å handtere hendingar og drive førebyggjande arbeid

 

Tryggleik i kvardagen der du bur

Lokalkunnskap og nærleik er er avgjerande for beredskapen.

Brannane i Lærdal og Flatanger syner kor viktig det er å ha lokal beredskap innan politi, brannvesen og helse. Den lokale beredskapen har også vore avgjerande ved andre større ulukker.

To offentlege utgreiingar, politistudien og brannstudien, føreslår endringar som vil gripa sterkt inn i den lokale beredskapen i distrikts-Norge. I politistudien er tilrådinga å redusere frå 27 politidistrikt til 6 store distrikt. I brannstudien er tilrådinga å redusere frå 295 sjølvstendige brannvesen til fylkesvise brannvesen. Brannstudien foreslår vidare at dagens deltids-brannvesen vert erstatta av heiltidstilsette brannmannskap.

Forslaga føreset oppbygging av sentrale stabar, og dermed ei sentralisering av ressursane innan både politi og brannetaten. Større einingar fører til at ein misser oversikt og tapar lokalkunnskap, mangfold og engasjement. Responstida vil auka utanfor dei store sentra. Ser ein dette i samanheng med regjeringa sine planar om langt færre kommunar, vil lokal beredskap svekkjast kraftig.

Det er viktig at alle, uavhengig av bustad, skal kunne kjenne tryggheit med eit synleg lokalt politi. Det krev at desentralisert politi må oppretthaldast for å sikre lokal beredskap og nødvendig lokalkunnskap.

Store avstandar og krevjande topografi gjer at det lokale brannvesen ofte er den nødetaten som først kjem til alvorlege hending. Frivillege mannskap, som har gjennomgått opplæring og som øver jamnleg, bidreg sterkt til ei god handtering av kriser og ulukker ut frå lokal forankring og lokal kunnskap.

Hordaland Senterparti meiner at Norgeskartet saman med erfaring både frå bl.a 22.juli og storbrannane både i Lærdal og Flatanger må liggje til grunn når struktur og innhald i norsk beredskap skal fastsetjast, og ikkje teoretiske økonomiske analysar.

Hordaland Senterparti krev at:

-Alle deler av landet skal sikrast god beredskap og geografisk definert responstid.

-Det skal finnast eit nærpoliti med lokal forankring, som har nok ressursar til å handtere hendingar og drive førebyggjande arbeid også utenfor dei større sentra.

- Politistudien sitt forslag om 6 store politidistrikt vert forkasta.

-Brannvesenet skal vere lokalt forankra og ha tilgang til oppdatert utstyr. Mange stader føreset dette deltids-brannvesen med frivillige innslag som regelverket må ta høgde for. Det fulle og heile ansvaret for lokal redningsinnsats og leiing må vidareførast.