Meny
Bli medlem

Fylkesårsmøte 2014 er i gang!

Sist endret: 27.09.2020 #Rogaland
Les fylkesleder Bjarne Undheim sin tale til fylkesårsmøte!

Tale til fylkesårsmøte Rogaland Senterparti, Haugesund 2014 Årsmøte, ordstyrar, gjester og presse, velkommen til Haugesund og 2 dagar med politisk verkstad og diskusjon. Spesielt velkommen til førstereisutsendingar og senterungdommen som har mange ekstra observatørar med. Det gror godt i ungdomsorganisasjonen (209 medl.).

Årsmøtet i fjor var retta mot stortingsvalet og fokus på «Poddlesten på tinget». Det klarte me og eg vil nytta høvet til nok ein gong å takka dykk, og hels heim til resten av organisasjonen.

Me tek heile Noreg i bruk er målsetjinga til Senterpartiet. På stortinget for heile Rogaland seier Geir. Nåverande regjering er ei utfordring for desse målsetjingane. Me feirar 200 års jubileum for grunnloven, det er 20 år sidan landet stemde nei til EU og samstundes har me den mest EU vennlege regjeringa på lang tid. Me har endåtil eigen EU minister og han har det travelt, kanskje for travelt. Kva sa Vidar Helgesen i Bryssel om tollvern? Det verka krystallklart då han var i Bryssel, kanskje noko meir uklart seinare. «What does the fox say»

Det kjem også ei kommunereform me må ta stilling til, Geir går meir inn på den. Me har fått ein Landbruk og Matminister som reiser landet rundt for å lytta, som ho seier. Det er lite som tyder på lytting når det gjeld oppheving av priskontroll for landbrukseigedommar. Skriv til kommunane om å sjå bort frå nåverande priskontroll går ut samstundes med høyringsbrev, syner det motsette av å lytta!

Samferdselsektoren fekk eit kraftig løft i førre periode, det er starta og fullført mange prosjekt. Ryfast er påbegynt, ferjefri E39 på Vestlandet er vedteken, dette er store og viktige vegprosjekt for heile Rogaland. Mesteparten av dykk har vel registrert debatten mellom Samferdselsministeren og Geir, der ministeren påstod at det var monopolpengar Geir opererte med. Ministeren måtte på skriftleg spørsmål i Stortinget gje vår mann rett. Det var skikkelege pengar, me likte den, Geir. For å seia det med Fritjov/Øvind Blunk sine ord, «den satt i sikringsboksen».

Eg registrerer også bekymring frå Ryfylke om all investering i framtida skal gå til sentrale område, eg deler bekymringa. Det bør vel heller ikkje overraska nokon at Høgre er eit sentraliseringsparti.

Jordvern er ikkje vern av bonden som nokre trur. Folk er meir opptekne av å ta vare på matjorda i dag enn tidlegare. At berre 3% av arealet i Noreg er dyrka og vel 1% er egna til korndyrking i ein verden som balanserer på nok mat sig inn hjå folk. Det kan sjå ut som «folk flest» forstår dette betre enn Ministeren som ikkje vil gripa inn i salet av kornsiloane i Stavanger. Kortvarig gevinst ved sal i staden for beredskapslagring av korn for folk og dyr kan fort visa seg å vera ei særdeles dårleg avgjerd. Den Raudgrøne regjeringa halverte nedbygging av matjord i sin periode. Starten på blå blå perioden lovar ikkje bra.

Senterpartiet var tydelege før valet på at dette var eit retningsval. På enkelte områder var signala meir tydelege enn andre. Det ser dessverre ut til at me får meir rett enn me likar!

Når det gjeld den nye regjeringa sin økonomisk fordelingspolitikk er det ikkje skattelette til folk flest som er resultatet. Kr 100,00 i skattelette til dei som tener under 150000tusen og ca 40 tusen til dei 25 tusen personer i landet som tener over 2 millioner. Det er folk flest det, ja ja det er litt av ei målretting! Me ser også distriktspolitiske verkemiddel som det vart kutta i. Dei landbrukspolitiske verkemidla fekk ca 100 mill i kutt i budsjettet. Skal me ta på alvor alle utspela til Landbruk og Matministeren er det feil med det meste for ikkje og seia alt. Når det er så galt at ein høgreordførar på Jæren framfor 700-800 tilhøyrarar i full offentlegheit ber fint om at dei ordningane som fungerer godt må bestå, ja det seie sitt. Me hadde tidlegare Næringsminister Ansgar Gabrielsen frå Høgre som ved eit høve beklaga at verktøykassa var tom, det gjaldt politisk verktøy for det øvrige næringsliv. Det som ser ut til å vera målet for denne regjeringa i landbrukspolitikken er å tøma ut «verktøykassa» for landbrukspolitikk så raskt som muleg. At Frp vil dette er inga overrasking ,men at eit seriøst næringsparti som Høgre vert med på ferda forundrar meg.

Kommunane fekk også eit løft under den raudgrøne regjeringa, Jern Erna vart ho kalla då ordførarar demonstrerte i Oslo. Kva som er i vente av økonomiske rammer gjenstår å sjå. Skulle det braka laust med WTO forhandlingar under nåverande regjering nyttar det ikkje med den unfallenheita som Minister Vidar Helgesen tilkjennega i Brussel. Har friskt i minne Utanriksminister Jan Petersen i WTO samanheng uttrykte «Norge skal bidra aktivt til» «ikkje stå i vegen for» ein avtale i WTO. Det var ikkje eit ord om balanse i avtalen, noko som er vanleg i slike avtaler. Det minner mest om Bjørn Eidsvåg sin song «Eg ber på mine kne».

Dei retningsval og signal denne regjeringa sender ut etter kort tid fjernar politiske verkemiddel som bryt med vår politikk «me tek heile landet i bruk» Det er lenge sidan det har vore ei regjering som fører ein politikk som bryt så sterkt med den grunnleggjande holdninga til Senterpartiet. Som de forstår årsmøte, me vert ikkje arbeidslause. Som Elvis syng «Are you looking for troble, you have come to the right place».

Stundom må det store hendingar til for at fleire skal få augene opp for ting som andre ser som viktige og sjølvsagte. På grunn av unormalt lite nedbør og tørke har me hatt fleire store brannar som har råka mindre lokalsamfunn sterkt. Desse store hendingane har gjennom TV ruta formidla sterke bilete av lokalsamfunn som oppfører seg som ein stor familie når dei vert råka av det som vel mest må karakteriserast som ei katastrofe når hus og heim ligg i ein ruinhaug. Det er sterkt å sjå samhaldet og det å stilla opp for kvarandre langt utover det eg trur er gjengs oppfatning i samfunnet. Eg har retta meg i ryggen når dei har snakka med ordførarar på desse stadane og det med lita skrift i botnen på TV ruta står Sp.

Det må vera på sin plass etter slike hendingar å stilla store spørsmål med dei store samanslåingane/sentralisering av beredskapen som er foreslått for brann og politi. Nærleik og lokal kunnskap er viktig når liv og helse står på spel.

Ei anna sak som også er aktuell i tida er KS sin strid med lærarane. Sjølv om dette er ei sak for partane må det vera rom for eit politisk parti å ha meiningar om eit så sentralt område i vår opplæringspolitikk. Rekruttering til læraryrket, læring og skule er eit politisk ansvar. Den nye regjeringa starta med å ta «gulerøtene» frå elevane, nå tek dei «gulerøtene» frå lærarane også. Me er alle interesserte i at borna skal gå på ein god skule og møta engasjerte og førebudde lærarar. Lærarane har eit komprimert arbeidsår, som vil seia at dei arbeider meir når elevane er tilstades. Lærarane har tilpassa seg den eine reforma etter den andre, trykksverta er knapt tørka før neste kjem. Det synest å vera dårleg samsvar mellom å satsa på læraren samstundes som ein legg seg kraftig ut med yrkesgruppa. Det er mest som ein kan mistenkja KS for å ha søkt råd hjå Gerhard Heiberg og IOC.

Kva med det politiske bilete fram mot 2014 og stortingsvalet 2017? Det kan vera greitt å sjå litt bakover når ein skal sjå framover. Nybrotsarbeidet med eit raudgrønt samarbeid starta før valet i 2005. Eg trur det er rett å seia at rogalendingen var noko spørjande til dette i starten, kunne dette gå godt, endåtil med SV. Slik eg oppfattar situasjonen nå er at Senterpartiet har fått god utteljing for samarbeidet, er omkvedet, sjølv om det er ting me kunne ynskt betre. Eit samarbeid må byggja på å gje og ta. Når me høyrer korleis landbrukspolitisk talsmann Knut Storberget Ap omtalar landbrukspolitikk nå er det ikkje tvil om eigarskapet til landbrukspolitikk som er skapt gjennom 8 års samarbeid ligg der. Det er også gode moglegheiter for samarbeid med dei andre to sentrumspartia i åra som kjem. Det eg vil fram til er at me må ta vare på det samarbeidet som har vore. Samstundes må me evna å samarbeida konstruktivt for å byggja opp sentrum. Senterpartiet sette fram eit dok 8 forslag ang tollsaka og denne fekk også tilslutnad frå Krf og Venstre. Når dette er sagt er det sjølvsagt i opposisjon moglegheiter for å synliggjera eigen politikk betre. Senterpartiet er eit sentrumsparti som kan samarbeida i begge retningar, dersom nokon var i tvil.

Årsmøtet, styret i Rogaland Senterparti, lokallaga og politikarar på alle nivå, me treng ein dugnad for å trimma opp heile organisasjonen fram mot valet i 2015 og 2017. Me må rett og slett snu steinar for å verta betre. Politikken er fastlagt i vedtekne program, det gjeld å synleggjera den, vera på «ballen». Me treng fleire medlemmar. Eg pleier spøkefullt å seia at me har nokre få ledige plassar att.

Stortingsrepresentant Geir Pollestad, fylkespolitikarane våre med Arne Bergsvåg i spiss og alle kommunestyrerepresentantar me har. Kva er heilt nødvendig for at desse skal fungera? Det er oppegåande lokallag og medlemmar. Det er ingen som kan fyka utan bakkemannskap. Senterpartiet er kjent for ein aktiv og god organisasjon, men alt går å gjera betre. Eg siterer frå evalueringsrapporten: Me må ha eit Senterparti som medlemmane er stolte av (kvar er Sp pinsen…?). .

Eit Senterparti som inspirer til lokallagsinnsats. .

Eit Senterparti som engasjerer til god politikk over heile landet. .

Eit Senterparti som vil byggja samhald og samla laget. .

Eit Senterparti som er ein me-organisasjon.

Årsmøte, eg har lyst å utfordra dykk til å koma med eit forslag frå kvart lokallag om kva dykkar lokallag ser som det viktigaste tiltaket me samla kan gjera for organisasjonen for å lukkast endå betre i kvardag og valkamp. Send svar på e-post eller lapp her og nå til ToneKalle. Treng ikkje å vera doktoravhandlingar, men me tek mot alt.

Ein sving innom val av nytt sentralstyre. Vår leiar Liv Signe går av som leiar 7. april og heile sentralstyret har stilt plassane til disposisjon. Det som nå vert viktig er at valkomiteen får arbeidsro, set saman ei leiing som samlar partiet, representerer breidda i partiet og har gode samarbeidsevner. Me må ha forventningar om at valet får slutt på personstrid, indre uro og støy.

For å bruka bilete til å beskriva den politiske situasjonen me nå ser avteikna seg, samanliknar eg å stå framfor ei godt utvaksen gras-kjelva og godt vèr i sikte. Då er det å fylla traktoren med diesel, smørje opp slåmaskinen og gje gass. Går ut frå eg ikkje treng fullføra biletet. «Tog de an?»

Avslutningsvis vil eg bruka Martin Kolberg sin talemåte: Organisasjon, organisasjon, organisasjon. Dersom me vil ha fleire « Geira, Bergsvåga og Kvadsheima» med komande val må me byggja organisasjon, driva godt politisk handverk og byggja fleire «profilar»

Eg ser fram til ein god frisk debatt på årsmøtet.

Takk for at de lytta til meg.