Fylkesårsmøta til Senterkvinnene og Senterungdomen nærmar seg og skal i år vere på Skei.
Senterkvinnene sitt årsmøte startar fredag 23.1.15 kl 16.30 på Skei Hotel og avsluttar laurdag 24.1.15 kl. 15.00. Sakspapir til årsmøte finn du elektronisk på møteskya: http://1drv.ms/1F3Lklf
Innkvartering blir på enkeltrom, gi difor beskjed dersom nokon skal ha dobbeltrom. Deltakaravgift er kr 500,- for dei to første deltakarane pr. lokallag. For andre utsendingar frå lokallaget vert deltakaravgifta kr 990,-. Enkeltromtillegg er kr 300,- Rekning for deltakaravgift vert sendt lokallaga i SP.
Senterungdomen sitt årsmøte startar laurdag 24.1.15 kl 16.00 i møtelokala til Esso Skei i bankbygget, og avsluttar med lunsj søndag 25.1.15 kl. 13.30. Sakspapir finn du elektronisk på møteskya: http://1drv.ms/1w0bf7Y
Deltakaravgift er kr 300,- . Rekning for deltakaravgift vert sendt lokallaga i SP. Årsmøtet er ope for alle medlemar i Senterungdomen. Innkvartering blir på hyttene ved Esso Skei.
Påmeldingsfrist for årsmøta er måndag 12. januar til [email protected]/ 97706884
Som vanleg blir det fellesseminar med Senterkvinnene og Senterungdomen på laurdag 24.1.15 kl 10.00- 15.00.
Som vanleg eit veldig bra program, kom og bli med på ei kjekk helg!
-
Kl. 10.00-10.15 Velkomen v/ fylkesleiarane Gunn Sande og Nikolai Åshamar
-
Kl. 10.15-11.15 Temaforedrag «Kommunereform og vegen vidare» v/ Hallvard Oppedal, leiar av kommunereformutvalet Sp Sfj og ordførar i Gulen
-
Kl. 11.30 Lunsj
-
Kl. 12.30-13.15Temaforedrag «Eu/Eøs i kvinne og undomsperspektiv» v/ Erlend Herstad, sentralstyremedlem SUL
-
Kl. 13.15-13.30 Beinstrekk
-
Kl. 13.30-14.10 Temadebatt og gruppearbeid «Nytt FT-program 2015-2017» v/ Oddne Skrede, medlem i programnemda
-
Kl. 14.10-14.55 Oppspel og inspirasjon «Kommune og fylkestingsvalet 2015» v/ valkampleiar Per Rune Vereide, fylkesordførarkandidat Jenny Følling og ungdomskandidat Aleksander Øren Heen
-
Kl. 14.55- 15.00 Avslutning