Meny

Fylkesbudsjett 2017

Sist endret: 16 03 2017
Vi treng offensive og innovative miljø som ser utfordringane og moglegheitene for å vidareutvikle eller skape nye arbeidsplassar på våre råstoff. Råstoff er både alt frå jord-, skog- og vatn og avfall.

Aud Hove sitt innlegg i debatten om fylkesbudsjettet for 2017, på fylkestinget 14.12.2016.

Vi har eit stort ansvar! Eit ansvar for å forvalte til det beste for kvar enkelt av oss, for kommunen, regionen, fylket og landet. I solidaritet med Europa og verda!

Vi har eit stort ansvar, kvar enkelt av oss, for at vi og andre skal ha like moglegheiter til å skape oss eit leverbrød. Ein god barndom, eit utdanningssystem som gjev rom for oss alle og eit arbeidsliv som arbeidstakar eller arbeidsgjevar.

Vi får eit stort ansvar, når vi får våre stemmer ved kommune, fylkes- og stortingsval. Eit ansvar for å gjere kloke vedtak og stikke ut vegen for framtida.

Vi har fått ei ombudsrolle som ikkje alltid er like lett å fylle. Ei ombudsrolle som skal målbære det som skjer rundt i heile Oppland og finne dei tiltaka og satsingsområda som kan vere felles, og dei som kan vere regionale utifrå dei naturgjevne forutsetningane ein region har.

Luksusproblem er også problem. Vi har god økonomi, store naturressursar på land og til havs. Vi har hatt ei fantastisk utvikling i løpet av 1900-talet i Norge. Med vasskraft som har lagt grunnlag for industri, med eit landbruk  i kvar krik og krok, og med fiskeri og havbruk langs heile kysten. Vi hadde kloke politikarar som skjønte at oljen måtte sikrast på norske hender og klarte å bygge det velferdssamfunnet som mange missunner oss i dag.

Men vi har eit luksusproblem. Korleis forvalte desse verdiane vidare og behalde vårt demokratiske system og eit samfunn som gjev alle moglegheiter til eit godt liv?

Av dei største utfordringane i verda er klima og folketalsutvikling og folkevandring. Dette krev tiltak og berekraftig næringsutvikling. Det blir hevda at det ikkje nyttar kva Norge gjer i den store samanhengen og derfor treng vi ikkje gjere tiltak i forhold til klima og miljø.

Vi må ikkje ta for gitt at vi fortsatt vil ha reint vatn i vår elvar og vatn i framtida, om vi ikkje gjer tiltak.

Vi kan ikkje ta for gitt at vi fortsatt kan produsere rein mat i framtida om vi ikkje legg til rette for det.

Vi kan ikkje tru at det vi forureinar her ikkje vil skade oss sjølve på lang sikt.

Vi kan ikkje forvente at andre land skal gjere tiltak og grep i forhold til forureining, og at vi sjølve skal fortsetje med same forbruksmønster som det vi har i dag. Det blir som å si at naboen skal avslutte festen ved midnatt, medan du sjølv har nachspil til morgonkvisten. Som dei fleste av oss veit, er det mykje lurare å gje seg ved midnatt

Vi har trua på at samfunnet og kvar enkelt av oss vil vere med på den klimadugnaden vi treng og den omstillinga som skal til for å skifte retning mot ei grøn framtid. Her er det ikkje eit fasitsvar, men mange element og endringar som skal til. Vår rolle som fylkeskommune er å legge strategiar, mobilisere og samordne og koordinere offentleg innsats og virkemiddelbruken.

Posisjonen sine justeringar på fylkesrådmannen sitt forslag til budsjett handlar om å spisse og samle våre økonomiske midlar.

   - Vi satsar på heile fylket ved å opprette ei søkbar ordning, grøn framtid, på 35 millionar for berekraftig og      framtidsretta næringsutvikling.

- Vi opprettar ei breibandssatsing på 12,1 millionar for å støtte opp om dei prosjekta som ikkje når opp nasjonalt gjennom NKOM.Den nasjonale potten er altfor liten. Det er avgjerande for å gje heile Oppland like moglegheiter at alle har god nok nettdekning. Teknologi og nettløysingar utan breiband eller anna nettdekning blir som nye bil utan veg!

- Dei regionale utviklingsmidla vart fyrst teke ned i forslag til statsbudsjett med over 17 millionar, men no kjem det inn att ca 10 millionar. Derfor har vi berre justert ned litt på Innovasjon Norge, regional utvikling og omstillingsmiddel, for å halde oppe på 2016 nivå stadsutvikling, reiselivet sine fellesoppgåver, partnerskapet med kommunane og kommunalt næringsfond.

Vi treng offensive og innovative miljø som ser utfordringane og moglegheitene for å vidareutvikle eller skape nye arbeidsplassar på våre råstoff. Råstoff er både alt frå jord-, skog- og vatn og avfall.

Vi treng teknologiutvikling og innovative nettbasterte løysingar, både innan offentleg og privat sektor, innanfor næringsutvikling og som klimatiltak.

Vi treng gode samarbeidspartnarar, som Innovasjon Norge, FoU-miljøa, fylkesmannen, KS, NHO, LO og  faglag og organisasjonar.

Våre regionale planar for kompetanse, samferdsel og verdiskaping skal utarbeidast med utgangspunkt i våre mål om klimanøytralt Oppland innan 2025, med berekraftig verdiskaping og velferd. Desse planane vil, i tillegg til planstrategi og fylkesbudsjett, vere blant våre viktigaste styringsverkty for å nå våre mål.

Omstillinga til ei grøn framtid har berre så vidt byrja. Og for å sitere ein statsråd: Det går ikkje over!