Meny
Bli medlem

Fylkeslag i senterpartiet er uroa over tapa som beitenæringa lir til rovdyr

Sist endret: 16.03.2017 #Hordaland#Sogn og Fjordane
Les brevet som senterpartiet sine fylkeslag i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder har sendt til Klima- og miljødepartementet v/ Statsråd Tine Sundtoft.

Fylkeslag i senterpartiet er uroa over tapa som beitenæringa lir til rovdyr

Les brevet som senterpartiet sine fylkeslag i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder har sendt til Klima- og miljødepartementet v/ Statsråd Tine Sundtoft.

 

Uttale i samband med departementet sitt møte med rovviltnemndene 24.09.2014

Senterpartiet sine fylkeslag i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder er uroa over tapa som beitenæringa lir til rovdyr. Einskilde husdyreigarar i Sogn og Fjordane har i inneverande beitesesong hatt urovekkande høge tapstal til jerv. Dette er godt dokumentert av Statens Naturoppsyn. Stortingsmelding nr 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur legg føringar for rovdyrforvaltinga i Noreg. I tillegg kjem representantframlegg 163 S (2010-2011) frå alle parlamentariske leiarane på dåverande storting. I dette ligg ei rekke presiseringar til stortingsmeldinga.

Senterpartiet byggjer sine innspel til dykkar møte på ein føresetnad om at
bestandsmåla står fast, samt definisjonen av desse som vart konkretisert i pkt. 2.1.7 i nemnde rep.framlegg. «Rovviltforvaltningen skal skje på en slik måte at antallet ynglinger holdes så nær bestandsmålet som mulig, og forvaltningen iverksetter de tiltak som er nødvendig i tråd med teksten nedenfor.»

Vår oppfatning er at forvaltninga ikkje har følgt opp dette i inneverande år. Denne påstanden bygger me på avviket mellom tal registrerte ynglingar sett opp mot bestandsmålet som stortinget har fastsett. Me hevdar og at ein ikkje har følgt opp med tilstrekkelege uttak av jerv i region 1 då det i vinter vart registrert 8 individ (DNA-spor) i Sogn og Fjordane, medan det kun vart teke ut 2 på såkalla ekstraordinært uttak. I tillegg vart ein jerv påkøyrd og drepen av bil. Stortingsmeldinga er tydeleg på at det ikkje skal vere ynglande jerv i region 1. Det skal heller ikkje vere jerv med skadepotensiale.
Me ber om at ein frå politisk hald i departementet fylgjer opp forvaltinga slik at stortinget sine vedtak vert overhaldt.

Hovudårsaka til at ein har eit høgt tal registrerte individ i Sogn og Fjordane, då i sær nær fylkesgrensa mot Oppland, er mest truleg ein konsekvens av at ynglesona for jerv i Oppland vart flytta inntil fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Me ber om at ein flyttar ynglesona tilbake der den var, slik at ein får ei ynglefri buffersone opp mot Sogn og Fjordane. Dette er og viktig for å redusere spreiing av jervebestanden til større deler av region 1, som er eit prioritert beiteområde. Dersom dette ikkje er politisk ynskjeleg må statens naturoppsyn sine løyvingar til sporing og registrering aukast. Statens Naturoppsyn må óg drive sporing og registrering i lisensjaktperioden, det er då sporingsforholda i fjellet er gode.

Lisensjakt er meint å fungere som bestandsregulerande tiltak. Dette fungerer svært dårleg slik det er i dag. I store deler av region 1, og då i sær dei områda med store tap, er topografi og natur av ein slik art at jakt utan tekniske hjelpemiddel som f.eks snøskuter er det nesten umogeleg å få til felling. Det å gi løyve til å spore opp jerv med snøskuter og å ha tilsyn med aktiverte jervefeller vil vere eit forenklande grep. Kommunane bør kunne gi dispensasjon til dette til f. eks dei kommunale og interkommunale fellingslaga.

Karen Marie Hjelmeseter   Jostein Ljones     Bjarne Undheim    Thor Jørgen Tjørhom

Sogn og Fjordane SP          Hordaland SP        Rogaland SP           Vest-Agder SP