Meny
Bli medlem

Fylkesleder Bjarne Undheim sin tale til fylkesårsmøte

Sist endret: 27.09.2020 #Rogaland
"Dersom eg skal prøve og summere situasjonen me står i nå og fram mot valet finn eg grunnlag for optimisme. Utviklinga på meiningsmålingane og blant folk flest peikar i positiv retning for vår del. Det vert arbeida godt i heile organisasjonen med full fokus på politikk. Medlemsutviklinga er også gledelig. Mange av våre kjernesaker er i fokus fram mot valet. Nå er mykje opp til oss sjølve, me får seie som det var skrive i Jærbladet med litt tillegg, gje bånn gass og få gjort ting."

Tale til fylkesårsmøte Rogaland Senterparti, Stavanger 2015

 

Årsmøte , ordstyrar , gjester og presse , velkommen til fylkesårsmøte i Senterpartiet. Spesielt velkommen til førstereisutsendingar og eg håpar på friske debattar.

Årsmøtet dette året må nødvendigvis ha eit stort fokus fram mot haustens kommune og fylkestingsval, som er den store organisatoriske og politiske utfordringa.

Det er også eit «spanande» år me har starta på for næringslivet i fylket vårt. Oljeprisens utvikling gjev grunn for usikkerheit i store deler av fylket. Det er mange som kommenterer og analyserer framtidig utvikling av oljepris med ulikt resultat. Eg har ikkje føresetnad for dette , men eg konstaterer at det er stor ulikskap i analysar av framtida. Ein ting er sikkert , dette skapar usikkerheit for mange og kan ha store ringvirkningar for store deler av samfunnet dersom dei dårlegaste spådommane slår til.

Då kan det i denne situasjonen være greitt at Jærbladet skriv på første sida med store bokstavar:  «Oljekrisen skaper nye jobber» og vider skriv at jærkommunane er best i landet på nyetablering.

Sveinung Svebestad ,styreleder i Nortura, tek føre seg viktigheita av matfylket Rogaland og utvikling av fornybar grøn  enegi  frå sjø og land i eit større debattinlegg i Stavanger Aftenblad.

Eg vil på det sterkaste håpa at me taklar denne utfordring på Rogalands vis, som og  Jærbladet skriv: «Me gjer gass og gjer ting».

Val 2015.

Er me klar til valkamp folkens?

Val er alltid viktig for partiet, og ikkje mindre viktig dette året. Fylkestingvalet kan med god innsats frå våre kandidatar, utviklinga i meiningsmålingar og signal frå andre parti styrkjar  moglegheitane for å koma med i fleirtalsposisjon etter valet i haust. Eg vil oppmoda våre folk om å ta signala frå Krf på største alvor og byggje vidare på dei.

Eg vil også nytte høvet til å gje ros til fylkestinggruppa for ei god og kortfatta årsmelding med oversikt over stoda i fylket.

I morgon skal me behandla og gjera vedtak om fylkesprogrammet for dei neste fire åra. Det har kome endringsforslag og fleire kjem det nok i morgon. Dette er marsjordren til politikarane våre og organisasjonen i valkampen og i neste periode.

Eit par setningar om medlemmer og medlemsverving. Me har stoppa medlemsnedgangen og faktisk hatt ein liten auke. Noko av utfordringa er å følgje opp medlemmar som går ut på grunn av manglande betaling. Tilgangen på nye medlemmer var god i 2014, 149 ny verva, men så var det den oppfølginga då. Verving av medlemmer er ein særdeles viktig oppgåve for partiet, det gjer tyngde og opplevast positivt med auke, og gjer sårt tiltrengde kroner til arbeidet me skal utføra. Rogaland senterparti er det nest største fylkeslaget, berre Oppland er større. Me har har Nord Trøndelag bak oss og eg håpar det vert slik. 

Etter ein tung periode i starten av året med mykje uro kring val av ny leiar har ting roa seg og organisasjon og politikarar har igjen fokus på politikk og politisk arbeid. Partiet har gått seg til i opposisjonsrollen etter åtte år i posisjon. Våre stortingspolitikarar er på sakene stort sett på ein konstruktiv måte. Det må også for dei vera lov å minna nåverande regjeringsparti på lettvinte løysingar på bompengar og Krekar saka. Krekar saka, som alle parti ynskjer å få effektuert utvisingsvedtaket, har nærmast utvikla seg til ei sak som ikkje er nasjonen verdig. Saka har fellestrekk med ein tidleg amerikansk såpeserie på 70- talet , me gjekk lei desse også. Per Sandberg er vel nærast ein kjøgemeister i denne saka. Me har erfaring i dette partiet med innslag i dagsrevyen som vart gjengangarar. Innslaget  Anders Magnus i dagsrevyen fekk med Per Sandberg om kva som skulle skje med Krekar må verte ein «klassikar» i så måte.

Geir ,som leiar i Næringskomiteen, har ein viktig og tung jobb og har markert Senterpartiet på ein god måte i desse sakene. Han har også markert  andre saker på ein slik måte at han er den Rogalandsrepresentanten som er suverent mest synleg i media. Me på fylket får mange og gode tilbakemeldingar på jobben du gjer.

Det store biletet i politikken er at regjeringspartia slit, og det med store bokstavar, og det er ikkje vårt problem. Senterpartiet vert sterkt utfordra av den politikken regjeringa vil gjennomføra. Eg trur det er to ord som dekkjer det meste , sentralisering og minst mulig politikk: Det vil sei marknad for mest einkvar pris. Eg har alltid hevda at markedet er eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv. Politikk handlar om å setje seg mål for ei ynskeleg samfunnsutvikling og deretter setje inn politiske virkemiddel for å nå målsetjinga. Det er vel ingen som er i tvil om at det store biletet i rikspolitikken også gjeld i fylket, og derfor er Arne Bergsvåg og hans våpendragarar viktige i fylkestingvalet til hausten.

Kommunereforma  på regjeringas premisser er eit stort sentraliseringsprosjekt. Den såkalla ekspertgruppa, kva nå definisjonen på ekspert er, har lite berørt  undersøkingar som nokså eintydig syner at små kommunar har meir tilfredse brukarar enn større. Danskane er klare på at det vert meir makt til administrasjonen etter deira reform og mindre til politikarane, å du og du, eg som trudde det var betre tenester og meir lokaldemokrati det handlar om, så feil kan eg ta!

Skatteinnkrevjing og naudetater som politi, lensmenn, brannvesen og naudsentraler er sett i spel i ei varsla stortingshandsaming.  Me kan fort ende med ei massiv nedlegging av det som går på innbyggjarane sin tryggleik og nærleik. Med NAV i minne kan ein spørje om alltid «elefantsjuka» er til det beste. Det er eit gamalt utrykk som seier at vinninga går opp i spinninga, og eg trur framleis det held.

Når eg først er innom slike ting som sit fast i skallen og kan brukast til meir enn påtenkt, kjem eg på det som før bar namnet televerket : Spør før du graver. Det er tydeleg at denne mindretalsregjeringa ikkje lever etter det i overført tyding . Eg vil nærast kalla det auksjonsmetoden, dei har ein utropspris og får dei ikkje bod høgt nok trekkjer dei saka. Statsrådane Listhaug og Mæland er store i utbodauksjonariusar. Tilbodet i  Jordbruksavtalen vart avist av partane og gjekk til lukka utbod i Stortinget, der utbodet på maks melkekvote var ein millon liter. Solgt ! Krf  fekk tilslaget på 900 000. Seinare vart det utbod på dobling av kyllingkonsesjon frå årleg produksjon på 140 000 til 280 000 kylling. Solgt til Venstre! Utbodet når det gjeld priskontroll og konsesjon på landbrukseigedom er foreløpig ikkje avklara. Statsråd Meland fekk ord på seg for å selja Norge stykkevis og delt og har foreløpig sett fleire prosjekt på vent .

Søndagsopne butikkar er ei sak der regjeringa er på kollisjonskurs med «mannen i gata» . Denne saka inneheld mange ting. Dagen er framleis farga rød på kalenderen. Det er mange som har yrke som gjer at dei må arbeida på det som framleis kallast heilagdag. Er det nødvendig å skape endå fleire som må ha ubekvem arbeidstid på søndagar, og endå fleire som ikkje kan ha familietid saman. Det er mange som snakkar om kvalitetstid, ikkje minst småbarnfamiliar, då må i alle fall søndagen takast vare på for flest mulig.

Ein kort sving innom kommuneøkonomi. Hovudbilete er meir pengar til vekstkommunar og mindre til andre som stort sett er distriktskommunar. Eg kjem sjølv frå ein vekstkommune og ser dei utfordringane det medfører, men eg får ein bismak av at kompensasjonen kjem frå kommunar som kan ha motsett utfordring av vekst. Det er vel ikkje anna å venta frå den regjeringa me har nå. Det føyer seg inn i sentraliseringsånda som rår nå.

Nå kjem eg til den reviderte avsnittet av talen.

Tiggarsaka fekk etter mi meining eit rett utfall i går. Senterpartiet snudde i saka. Eg har aldri likt saka, men førehaldt meg til programmet. Eg brukar og være klar i ord, og dette har vore ei sak som meir og meir utvikla seg til det eg kallar dridsak. Me  behandla saka på Landsmøtet i Loen og programfesta  tiggarforbod, så kunne me sei that´s it?

Er det ei skam å snu dersom ein får meir og meir tenkt, argumentert og ser dei ulike sidene av ei sak som framstår nærast skammeleg for nasjonen. Norge med Nansen, hjelpeorganisasjonar, gjevarglede og eit stort internasjonalt ry for humanitært arbeid.

Høyringsnotatet frå Justisdepartementet, som ligg i saka, er det fleire mediar som stiller spørsmål om regjeringa har lese. Eit av argumenta som vert flittig brukt , er bakmenn og menneskehandel. Etter departementet si vurdering er straffeloven tilstrekkelig for å dekke dette problemet.

Det er understreka at tiggerforbodet ikkje gjelder til veledige og almennyttige formål, altså ,den som samlar inn pengar for å hjelpe andre i naud skal få lov, men den som desperat trenger pengar skal straffast.

Det er også eit paradoks at barn som samlar inn godteri og liknande frå framande  med å gå julabukk eller eit gresskar på hovudet kan få lov, men menneske med desperat behov for mat skal straffast.

Eg er overtydd om at det var rett og snu på grunn av utvikling av saka og eit auka engasjement frå medlemmer/grasrota. Den kritikken ein får hjå regjeringspartia trur eg me lever med. Det var utan tvil også gryande motstand hjå det eine regjeringspartiet. Det og snu i denne saka syner at Senterpartiet tek signal frå medlemmene på alvor. Det er eit ordtak som seier: Mat å drikke og godt gangsyn så kjem du langt i livet.  

Dersom eg skal prøve og summere situasjonen me står i nå og fram mot valet finn eg grunnlag for optimisme. Utviklinga på meiningsmålingane og blant folk flest peikar i positiv retning for vår del. Det vert arbeida godt i heile organisasjonen med full fokus på politikk. Medlemsutviklinga er også gledelig. Mange av våre kjernesaker er i fokus fram mot valet. Nå er mykje opp til oss sjølve, me får seie som det var skrive i Jærbladet med litt tillegg, gje bånn gass og få gjort ting. Når ein er gardbrukar er det for tidleg og snakka om årets avling, men politisk vil eg utrykkja at det ser ut til og verte ei god haustavling! På Jæren er det ikkje vanleg og bruka ordet «morna» når nokon går. Eg må innrømme at eg godt kan tenkje meg ein situasjon der eg i tilfelle får bruka det Jærske «Ha det».

Til slutt Årsmøte, eg ser fram til generaldebatten og friske innlegg.

Takk for oppmeksomheita.