Meny
Bli medlem

Fylkesleder Bjarne Undheims tale til Fylkesårsmøtet.

Sist endret: 27.09.2020 #Rogaland
Gode forsamling. Me er samla her for å diskutera politikk, setje politiske mål som me vil arbeida for og samstundes ha to trivelege dagar.

 Tale til fylkesårsmøte i Rogaland Senterparti, 15. februar.

Gode forsamling. Me er samla her for å diskutera politikk, setje politiske mål som me vil arbeida for og samstundes ha to trivelege dagar. Samfunnet er stadig i endring, noko til det betre og andre ting som me må førehalda oss til enten me likar det eller ikkje. Me vert utfordra på mange måtar. Det er det såkalla trusselbiletet eg siktar til. Frå terroraksjonen mot Statoil, til heimlege politiaksjon angåande tips om mogleg anslag mot gullsmedbutikkar, og nett nå om dagen bombetrussel mot Stortinget. Dette er krevjande saker å handtera for styrande myndigheter.

Fokus i talen er retta mot valet til hausten, kva har me gjennomført og kva skal me ha som målsetjing dei neste 4 åra. Det siste tek nok statsråden og Geir mest om. Eg vil også ta eit oppgjer med signala frå Høgre om følgjene av den type politikk.

Kvifor treng me Senterpartiet?

Eg vil ta eit tilbakeblikk til året 1837 når me fekk lokalt folkestyre og formannskapsloven vart innført. Opprøret mot Embetsmennene ,norske og danske starta på bygdene og førte til det lokale styresettet me har i dag. Senterpartiet sine røter kjem også frå bygdene,  og det gjev grunn til og vere stolte av det partiet me høyrer til. Årsmøtedelegata: rett dykk i ryggen og hev hovudet stolt.

Samferdsel.

Før valet i 2005 vart det frå regjeringspartia herja med lovnadane frå dei raudgrøne om auka satsing på samferdsel. Det kunne endå til skape politikarforakt med så urealistiske størrelsar, vart det hevda frå sentrale personer i regjeringspartia. Resultatet kjenner me, perioden 2005-2009 vart overoppfylt og noverande periode auka endå meir. No ventar me på den neste satsinga;  Nasjonal transportplan, og eg er trygg på at auken held fram.

Skule og Omsorg

Eg konstaterer at emjinga frå opposisjonen angåande skuleresultat har stilna noko. Har det noko med betre resultat på målingar som er utførte? Samhandlingsreformen er innført. Den har og  ført til at kommunane tek større ansvar for utskrivingsklare pasientar,  og dei skal driva helseførebygging. Det siste er langsiktig arbeid og vanskeleg å måla. Gode resultat og tenestetilbod i skule og omsorg  krev at ein har kommunar med økonomi som taklar dei utfordringane desse arbeidskrevjande sektorane har.

Nokon som hugsar Jern Erna!

Det er svært få, om nokon,  som ikkje ser at kommunane er betre i stand til og løyse oppgåver i dag enn i 2005.

                

Olje og energi.

Olje og gass sektoren går som det susar, me som bur i Rogaland, kjenner godt til det. Spørsmål om nye leiteområder i nær framtid er også ei vurdering av kapasitet i marknaden. På vindkraft har det skjedd mykje:  Grøne sertifikat ,Høg-Jæren vindpark er bygd, klarsignal for ein av det største nasjonale vindparkane kjem i Dalane og det har begynt å røre seg med gardsmøller. Er det nokon som framleis meiner me ikkje har ei handlekraftig regjering?

Landbruk.

Det er ikkje tvil om at det vart eit skifte i landbrukspolitikken med raudgrøn regjering. Det er lenge sidan landbruket opplevde å få ei kronemessig lik inntektsutvikling som andre. Me har også fått ei ny landbruksmelding med mål om å auke produksjonen i størrelse med befolkningsveksten. Auka tollvern på volumosten og nokre kjøtslag ved årsskiftet legg og til rette for å ta ut kostnadsveksten i marknaden. Det vart mykje politisk støy rundt tollsaka, ein kunne tru at enkelte politiske aktørar sprang ærend for våre svenske naboar. Den næraste samanlikninga eg kjem støyen i denne saka er ordtaket : Å klyppa grisen gjev mykje lyd, men lite ull.

Dette var ein kjapp runde av noko av det som er gjort.(som Tønes i frå Haua synge: alt det goa grase eg he sleie)

Det står mykje på spel for bygdene og kommunane sin muligheit for å yta gode tenester i valet til hausten, og det er ikkje å ta hardt i.

Vårt utgangspunkt er å vinna valet, sjølvsagt. Me skal fortelje kva me vil dei neste 4 åra. Men, og det er eit stort men;  eg er lei av og høyra på ullen tale frå Høgre om eigarskap til våre kraftverk, kommuneøkonomi, jordvern, tollvern ,overføringar jordbruket og luftige måtar å finansiera store samferdselprosjekt.  Dette er store og viktige spørsmål for mange, ikkje minst for Rogaland. Meiningsmålingane for vår del er ikkje dei beste for tida. I store deler av media er allereie dommen felt . Det er ikkje berre sikkert at det vert eit skifte ,men spørsmålet er kor stor høgresida vert. Dette bør me ta som ein kraftig motivasjon fram mot valet, for å hindre høgresida i å vinne.

Når det gjeld kommuneøkonomi og kommunesamanslåing er oppskrifta frå Høgre sterk lut. Ei omfordeling av 2,2 milliardar frå dei kommunane med dårlegast økonomi  til dei med størst skatteinngang og best økonomi. 11 kommunar stikk av med 2 av dei 2,2 milliardane, og dette er kommunar med høg skatteinngang som går godt. Når ein samstundes legg til signala frå Høgre om tvangsamanslåing av kommunar , vert dette hard kost:  Vil du ikkje, så skal du. Senterpartiet meiner det å yta gode tilbod for innbyggjarane  må vere malen for om kommunen er stor nok. Det må også vera innbyggjarane sjølve som tek stilling til samanslåing, og ikkje eit nymotens  embetsvelde som trer dette ned over hovudet på folk. Eg ser også at Arbeiderpartiet prøver seg på same manøver, det vert ikkje meir rett av den grunn. Kort oppsummert: Vil du ha dårlegare tilbod i din kommune , og tvangsamanslåing av din kommune med andre kommunar,  STEM HØGRE.

Jordvern er ei varm potet i Rogaland, spesielt på Jæren. Me har ein fylkesordførar frå Høgre som før jul 2011 på NRK lokalfjernsyn presterte å uttale: Vi kan ikkje bygge på knattar og knausar. Ho sikta til Lyefjell. Praksis i dag er å kjøra vekk matjord og anna masse, så skyt ein knattar og knausar , knuser dette til høveleg størrelse og køyrer dette tilbake der ein fjerna matjorda frå.  Dette er ikkje for alle å forstå! Det er mange som skylder på jordvern når det er høge prisar og for få bustader i marknaden. Det er ein for enkel skildring. Sparing i bustad er truleg den største og beste plassen ein kan ha  kapital i dag. Lån pengar og bygg ein bustad er omkvedet. Min påstand er at det er berre ei gruppe folk som vil ha lågare bustadprisar, og det er dei som ikkje har bustad. Dei som har bygt bustad vil ha stigning,  dei såkalla bustadutviklarane har interesse av oppgang og slepp ikkje fleire bustader enn dei får selt i marknaden til god pris. Det er ikkje jordvern som er det store hinderet.

 Det kjem stadig ulike forslag til løysing på utfordringa knytta til bustadbygging og jordvern. Eit slikt forslag er å flytta matjorda til andre plassar. Det er mange men i ei slik ordning. For å auka matproduksjonen treng me meir dyrka jord, det er få områder arronderingsmessig som ligg til rette for den flyttinga. Det meste av nye område treng grøfting i botn. Det er meir nedbør i desse områda, ikkje så mange døgngrader, seinare vår og tidlegare haust. Korn- og grønsaksproduksjon har små moglegheiter i slike område. Me har berre 3% av landet som er dyrka, og  1,5% er egna til kornproduksjon. Det er ikkje tvil om  at framtida tilseier at me  får bruk for alt areal og meir til.

 

Det ser endeleg ut for at ein kan få fart på Sandnes aust. Dette kan på sikt ta unna mykje av veksten i regionen. Samferdsel utfordringar knytt opp mot Sandnes aust må på plass slik at ein har gode kollektivløysingar på plass. Det er store utfordringar, økonomisk og sosialt,  for ein kommune som må ta så store deler av den regionale veksten. NRK- programmet Brenner frå Sandnes var ikkje ein god søknad for ekstra midlar til kommunen for å løyse dei store utfordringane.

Det vert hevda av enkelte at Senterpartiet ikkje har politikk for storbyar.  Me har i salen levande bevis for det motsette. Martin Håland og hans gjeng er godt synlege i Sandnes, det same må seiast om Bjarne Kvadsheim i Stavanger.

 

Sandnes aust kunne vore påbegynt for 3-4 år sidan dersom den dåverande høgrestyrte kommunen hadde teke fylkesplanen på alvor,  og ikkje stanga hovudet i veggen på Vatne i fleire år. Når det gjeld  arbeidet med transportløysingar på heile Jæren, spesielt Nord-Jæren, har ein surra vekk 3-4 års arbeid på grunn av dårleg arbeid og forutinntatte standpunkt om bybane. Det er kanskje på sin plass å minna om rotet til Bybanekontoret opp i dette. Slett arbeid med den første konsekvensutredninga førte til at Samferdselsdepartementet måtte få utført dette arbeidet på nytt.

Kampen frå Høgresida for bybane og ikkje bussløysing vart lokalt støtta av Høgreordførarane på Jæren. No er dei same ordførarane bekymra for kva dei får inn av prosjekt i Jæren pakke 2, endå til er den eine ordføraren sterkt kritisk til sin eigen Fylkesordførar. Dersom det ikkje var for alvoret i saka, er det mest komisk det som nå skjer. Når ein vel løysingar som er 4-5 milliardar dyrare , må det gå ut over andre prosjekt. Det har ikkje mangla på åtvaringar om dette. Nå set Rogaland Senterparti  vår lit til at Nasjonal Transportplan vil få fortgang i denne saka. Ansvaret for tapt tid kviler eine og åleine på Høgre. Me har store forventningar til framlegg av Nasjonal Transportplan på mange områder. Eg nemner E134,E39, Rv13,Jæren pakke 2 og Rogfast i stikkords form. Gruppeleiar i Fylkestinggruppa, Arne Bergsvåg,  går meir inn i dei enkelte sakene.

Det er mange som soler seg i glansen av matfylket Rogaland, men fortener dei det? Landbruk og næringsmiddelindustrien er den største landbaserte  etter olje og gass i Rogaland. Det burde vere ein sjølvsagt ting at rammevilkåra, for ei så stor næring  i dette landet med klare politiske målsetjingar, får vilkår som andre næringar. Som eg har sagt, det vart eit tydeleg skifte i rett retning i 2005 med den raudgrøne regjeringa. Men det er rett å slå fast, det går for sakte i rett retning. Nokon har ivra for at Senterpartiet burde gått ut av regjeringa når ein ikkje har fått til meir. Mitt motspørsmål er då. Treng me mindre Senterpartipolitikk, eller treng me meir? Får me fleire stemmer, får me meir til folkens! Eg kan også bruke eit bilete frå 17.mai aktivitetar. Mange har eit forhold til tautrekkingskonkurranse.  Er nokon i senterpartiet,  eller endå til andre parti, som tviler på kva side me er på? Det trur eg er innlysande, og me slit i tauet det me klarar. Dette har Høgreordførarane i Hå og Bjerkreim også innsett. Dei har offentleg  utalt ,etter tollsaka, at Senterpartiet har ein betre landbrukspolitikk. Det er nok verre med moderpartiet til desse to ordførarane. Leiar, nestleiar og næringspolitisk talsmann i Høgre, Svein Flåtten, vil reversera tollendringa på ost og kjøt dersom dei kjem i posisjon. Flåtten har endå til sagt at det skal skje før han tek av seg frakken, dersom dei   flytter inn i regjeringskontora! Ikkje nok med det,  men dei skriv også at Jordbrukspolitikken må ha ei gradvis tilpassing til ein eventuell WTO avtale. I klar tale betyr dette ein reduksjon av den generelle tollbeskyttelse, altså prisreduksjon til landbruket. Høgre har også i mange av dei siste åra gått inn for å redusera overføringane til landbruket. Høgre si alternative landbruksmelding inneheld også klare føringar når det gjeld tilskotsordningar som gjeld geografi og områder for og oppnå mest mulig effektiv utnytting av jordbruksarealet. Dette betyr at Jæren, med sitt store volum av kilo og liter, vil få reduserte priser på leveransar, og dette er ikkje småpengar ein snakkar om. Distrikta med mindre volum og meir tilskotsmidlar vil kjenne det både på pris og tilskot.

Når det gjeld E.Ø.S er det stor skilnad på utnytting av handlingsrommet med raudgrøn regjering  og Bondevik 2 regjeringa. Det minna mest om å sitja stilt i båten under den førre regjeringa. Den sitjande regjeringa har utnytta rommet for differensiert arbeidsgjevaravgift, sikra heimfallsrett til vasskrafta og nå sist tollgrepet. Regjeringa står opp for Norske interesser. WTO forhandlingar var ei stor utfordring under førre regjering. Eg hugsar som om det skulle vore i går, eit innspel under utanriksminister Jan Petersen frå Høgre. ”Noreg skal bidra aktivt til ein ny avtale”. Det andre sitatet var: Noreg skal ikkje stå i vegen for ein ny avtale, sitat slutt. Ikkje eit ord om balanse i avtale, eller retten til eigen matproduksjon. Kombinasjonen av eit eventuelt regjeringsskifte og fortgang i ein WTO avtale er ikkje lystig tankegang.

Kvifor eg brukar mykje tid på Høgre sin politikk,  er at det er framtida til matfylket Rogaland som står i fare. Landbruket har allereie i dag låg inntening, og er ei av dei næringane som har effektivisert mest dei siste 10 åra. Samstundes skrik  oljefylket etter arbeidskraft, og oppi dette skal me sikre rekruttering til landbruksnæringa. Klagesangen om å arbeida for 2, og inntekt for 1, er rett framstilling  frå næringa. Høgrepolitikken vil føra til endå meir arbeid, og endå dårlegare inntekt. Senterpartiet har slagordet: Me tek heile landet i bruk. Dette gjeld landbruk og andre næringar, og det er ikkje tvil om at i mange bygder er landbruk ein av berebjelkane.

Summen av Høgrepolitikken for kommunane og landbrukspolitikken er dramatisk for bygdene. Er det svenske tilstander som er målet for den type politikk?

 Ein liten visitas innom KrF. Eg er skuffa over at KrF på eit så tidleg tidspunkt velde å stå som garantist for ei blå-blå regjering. KrF marknadssfører seg som ein garantist for landbruket med blå-blå regjering. Perioden 2001-2005, som var sist gong KrF var saman med Høgre i regjering, vart overføringane til landbruket redusert med 900 millionar, endå til med KrF i statsministerstolen. Det verkar naivt å tru at ein skal oppnå meir denne gongen med Høgre og eit anna parti som vil kutte mykje meir enn Høgre, og det er vel små muligheiter for at KrF får statsministerposten!  Det har ikkje mangla på åtvaringar frå sentrale KrF personar frå den tida om valet nåverande leiing har gjort. Kva ein slik garanti er verdt, står opp til veljarane å ta stilling til. 

 

Så eit par helsingar til Statsråd Slagsvold Vedum.

Hels Jens og sei at utan ein jordbruksavtale av eit anna kaliber enn forsøket i fjor,  kan me gløyme valet til hausten. Eg vil ikkje gå i Jaglandfella og kome med tal, men det må andre bollar til.

Den andre helsinga går til Senterpartiet sentralt. Statsråden har sjølv sagt at ein ikkje skal føreta kutt i overføringar som rammer Jæren, likt det kalvehoppet ein gjorde i 2010. Det stoler eg på. Nå føregår eit anna arbeid som eg trur kan føre til noko av det same. Ein gjennomgang av distrikt og verkemiddel er på gang,  om ikkje ferdig. Eg vil åtvara sterk mot å endra på nåverande  forskjellar mellom område og  jamstore bruk. Det er lett og stable tall om denne saka frå fleire dersom det vert nødvendig. Statsråd Sponheim prøvde noko liknande, men stoppa det i valåret 2005. Riis Johannesen arva dette, men la arbeidet vekk. Dersom de rotar med dette i valåret eller eit anna år,  er det ikkje noko vinnarsak.

Med desse orda takker er for merksemda frå dykk. Eg håpar på god debatt og friske meiningar. Målsetjinga er klar!

PODLESTEN PÅ TINGET.