Meny
Bli medlem

Fylkesleiar, Karen Marie Hjelmeseter sin tale

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Velkommen til Balestrand og to dagar med gode politiske drøftingar, uttalar og vedtak som skal peika ut den politiske kursen vår framover.

Valresultatet viser at folk i Sogn og Fjordane ynskjer ei anna retning enn den sitjande regjering med støttepartia fører oss inn i.

Dette valresultatet må vere den beste inspirasjon til å stå på for vår politikk fram mot Stortingsvalet i 2017. No skal organisasjonen byggjast vidare samtidig som me startar førebuinga til valkampen i 2017.  Ta fram dei grøne telta, vere ute, vere synlege, snakke med folk – me må holde Senterpartiet sin politikk varm.

Stortingsvalet i 2017 blir eit endå viktigare val enn det me har lagt bak oss. Distriktspolitikk må på dagsorden, og verkemiddel/rammer for å få til verdiskaping, arbeidsplassar, gode bumiljø, skule- og kulturtilbod, med andre ord levande lokalsamfunn i heile landet, kan ikkje  stå i fare. Dei må prioriterast opp, og me skal vere med på det.

 

- OG DETTE ER NOKO ANNA ENN DET ME SER RUNDT OSS NO – DER DET ER REFORMTID OG REFORMIVER OVER ALLE HAUGAR.

Reformiveren til Solberg & Co er stor, og slik eg ser det har dei gjort sentralisering til sitt mantra. Regjeringa prøver setje ut i livet sin blå-blåe politikk til fulle. Innbyggjarane kan sjølve sjå og kjenne på kroppen konsekvensane av det regjeringa leverer. På område etter område er dei etter mi meining i ferd med å demontera og utarma distrikta våre og gjerne fylket vårt spesielt.

Me kan no ta ein sveip innom nokon av reformene, det er ikkje mange der ein kan ane så mykje som eit lite snev av desentralisering og gode løysingar for oss i Senterpartiet og Sogn og Fjordane, - etter det eg greier å sjå. Det kan hende eg tek feil, men då trur eg de i salen lyt hjelpe meg.

I kommunereforma er målet til  regjeringa å redusere talet på  kommunar . Med reforma skulle det følgje med nye oppgåver til kommunane, men regjeringa har så langt ikkje  klart å synleggjera oppgåver som kan rettferdiggjera ei så massiv omorganisering av Norge. Regjeringa utelukkar heller  ikkje  tvangssamanslåing.  

Det er i dag 33 høgskular og universitet. Når det gjeld høgskule- og universitetsreforma har regjeringa varsla ei storstila samanslåing der målet er langt færre institusjonar enn i dag. Regjeringa prioriterer forskning på elitenivå og kampen om å vinne internasjonale forskningsmidlar i staden for å satse på å utdanne store yrkesgrupper som skal ivareta velferda i Norge i framtida som lærarar og sjukepleiarar.

Kommune- og høgskulereform er det som har vore mest i vinden her i fylket for tida – reformer som er avgjerande for framtida i fylket.

Når me så tek med politireforma  der Stortingsfleirtalet med regjeringa i spissen har gått inn for å redusera tal politidistrikt frå 27 til 12 og me tapte kampen om å få ein fylkesmodell så er det mykje som står på spel i fylket. Endring i overordna strukturar gir ringverknader nedover, regjeringa meiner at Norge har for mange lensmannskontor, men har så langt ikkje talfesta kor mange lensmannskontor som skal leggjast ned. I staden seier regjeringa at 90% av innbyggjarane skal ha maksimalt 45 min. køyretid til næraste lensmannskontor – det forsvinn ein del kontor i fylket vårt på desse kriteria.

Og på andre viktige beredskapsområde skal og 110-sentralane som ledd i politireforma bli samlokalisert med politiet sine operasjonssentral­ar. Det skal reduserast frå 19 til 12  110-sen­tralar. Kva som skjer med AMK-sentral­ane er vel enno uavklara. DSB ber om at det vert lagt fram sak  om omorganisering av brannvesenet, brannstudien peikar på 3-4 brannvesen i Vest politidistrikt.

Korleis kan dette bli bra? Me i Senterpartiet forventar i allefall at reformarbeidet ikkje fører til sentralisering av politikraft og svekka lokal beredskap. Lokalkunnskap, beredskap og evne til å førebyggje må prioriterast og få fokus.

Det kan vere grunn til å forfylgje dette med høgskulen. Dei står framfor viktige strategiske val. Og der eg, og eg meiner eg kan seie me i Senterpartiet, slit med å forstå at Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje kan stå på eigne bein med dei resultat dei syner.  Høgskulen leverer særs godt både i høve studentresultat, fullførte studiar på normert tid og studenttilfredsheit. Samarbeidet med næringslivet er godt og høgskulen er ein ressurs for kommunane våre, både med tanke på generell kompetanseheving og som ein leverandør av heilt nødvendig arbeidskraft til heile fylket. Skal me greie å oppretthalda ei god regional utvikling med spreidd busetnad  i landet,  treng me jamn tilgang på arbeidskraft  med høgare utdanning i alle kommunane, dette er og høgskulen  ein viktig leverandør av. 

Går me tilbake til endringar så er det mange å velje i ; Kutt i småflyplassar, Avinor skal kutte 1,5 milliardar kroner på tre år (2015-2018), fjerning av differensiert arbeidsgjevaravgift innan transport-, finans-, energibransjen vil gi stor auke i kostnadane til lokale sparebankar, kraftselskap og transportselskap, for jordskiftedomstolane er det føreslege mindre strukturendringar. Domstolsadministrasjonen arbeider med ei utredning som handlar om endringar både i tingrettsstrukturen og jordskiftedomstolen.  Dette er langt frå uttømmande.

(Det er svært alvorleg og dramatisk at gode fagmiljø og kompetansearbeidsplassar forsvinn ut av fylket.)

Senterpartiet sin politikk blir utfordra, ingen tvil om det. Men me er i opposisjon, Krf og V er støtteparti til regjeringa…….eg er ein av dei som lurer på om denne politikken passar desse partia?

I morgon skal me ha mini-seminar, løfte blikket og sjå inn i glaskula. Fem område har me valt oss ut, fem område som er viktige for Sogn og Fjordane. Kommune- og regionreform: korleis vil kartet bli sjåande ut, får me nye oppgåver? Landbruk: skal me framleis ha eit landbruk i Sogn og Fjordane, og kva må til? Innvandring og integrering: Sogn og Fjordane treng auke i folketalet og innvandrarar kan bli ein ressurs og bidra til nyskaping, får me det til? Skule og utdanning: Korleis  vere ein god skuleeigar, kva skal til for at me framleis skal vere i toppen når det gjeld skuleresultat? Og til slutt næring: Nye og eksisterande arbeidsplassar hand i hand, kva må til for å ha eit livskraftig næringsliv i Sogn og Fjordane?

-Viktige tema, der det vert avgjerande at Senterpartiet og Senterpartiet sine løysingar kan få gjennomslag og vinne fram - me må meisle ut gode og framtidsretta strategiar.

Lat meg ta fram nokre viktige moment;

Kommunereforma.

Ja på kommunestruktur skjer det no meir på eit år enn dei siste 50 år. Det er eit formidabelt press, pålegg om utgreiingar dog utan at det er plikt, - først var det økonomiske gulrøter og no er det  økonomisk pisk. Det er ufint og utidig press på kommunane.

Nytt inntektssystem for kommunane er på høyring. I forslaget får dei største meir og dei minste får mindre. Dei største taparane i forslaget er kommunar mellom 10- 20 000 innbyggjarar. Dei me tidlegare trudde var desse sokalla robuste kommunane. Ja, ja, slik kan det gå, seier eg. Vidare er eg redd for at fjerning av regionaltilskot og basistilskot  til mindre kommunar vil vera eit aktivt press for å true igjennom kommunesamanslåing fordi økonomien blir for vanskeleg. Resultatet kan bli store avstandsulemper og dårlegare tenester til folk i distrikta. Det vil ikkje Senterpartiet vera med på.

Kommunesamanslåing skal vere tufta i lokalt initiativ og folkeavrøysting, og slett ikkje gjennom urimeleg økonomisk press – sler de dikka saman no så skal de få behalde goder, gjer de det ikkje så skal de straffast i nytt inntektssystem.

Senterpartiet er nødvendigvis ikkje i mot kommunesamanslåingar, men me er for lokalt demokrati. Det er eit paradoks at det som regjeringa kallar ei demokratireform vert gjennomført på ein slik måte ,- udemokratisk.

Difor er det godt å sjå at senterpartistar i kommunestyra rundt i kommunane krev folkeavrøysting før eventuell samanslåing.

Det er og verdt å merke seg at bakom lurer ei regionreform, som i følgje ein stortingsrepresentant her i frå fylke vert sagt skal bli : eit kart teikna med hard hånd og det skal bli langt tøffare og kjappare enn kommunereforma.

 

Ser me bort frå kommunestrukturen og andre offentlege tilbod, -tidlegare omtalt som pressa,- så er gjerne landbruket ein heilt avgjerande faktor for å oppretthalde desentraliserte og godt fungerande lokalsamfunn i fylket vårt.

Landbruket er kanskje den næringa som er mest avhengig av politiske rammevilkåra. Innan landbruket i fylket står mjølkeproduksjon for den største verdiskapinga, 58% er knytt til mjølkeproduksjon, 22% til sauehald. Frukt og bær på tredjeplass med 8%. 4840 personar er sysselsette i jord- og skogbruk og i landbruksbasert industri. Næringsmiddelindustrien er den største industribransjen i fylket. Dette viser at matproduksjon og matnæringane betyr mykje for utviklinga i Sogn og Fjordane og vestlandet.

 

Spørsmålet må vera, skal me ha eit landbruk i Sogn og Fjordane eller ikkje? Er svaret ja, så må me arbeide for det som vil gi ei sterk og framtidsretta yrkesgrein. Eg tenkjer at for oss her i Sogn og Fjordane vil det vera viktig å stimulere til auka produksjon, kvalitet og inntening i landbruket. Gardsbruka må bli tryggare og meir attraktive som arbeids- og buplassar. I nasjonal samanheng er fylket prega av mange små bruk, vanskeleg topografi, store avstandar mellom bruka og store avstandar til marknad og omsetning. Det å ta utgangspunkt i eksisterande bruksstruktur. Styrking av distriktsretta verkemiddel knytt til grovfòrbasert produksjon av storfekjøtt, lammekjøtt, mjølk og produksjon av frukt og bær vil vera viktige grep for å få eit levande landbruk i Sogn og Fjordane. Nasjonale og regionale løyvingar til investeringar må vera ei kontinuerleg prioritering.

Alternativet til dagens landbruk kan bli eit industrilandbruk med austeuropeisk arbeidskraft – det ynskjer me ikkje.

 

Ei lita sak innan landbrukspolitikken, men ei stor sak for dei som vert råka er rovdyr og dyrevelferd. Senterpartiet vil ha ein rovdyrpolitikk som byggjer på prinsipp om regional forvaltning, effektivt uttak av rovdyr som representerar eit skadepotensial og erstatning for tap påførd av rovdyr.

Senterpartiet arbeider for å redusera bestandsmål for alle dei store rovdyra. Mange stader er hausting av utmarksressursane heilt umogleg fordi rovdyr blir prioritert framfor beitenæringen og andre utmarksnæringar.  Dette vil føre til attgroing av kulturlandskap, svekking av lokalsamfunn og redusert verdiskaping. Beitenæringane, både landbruket og reindrifta, og hausting gjennom jakt og fiske må ha forrang framfor rovdyra – dette er ein føresetnad for eit beitebruk som utnyttar utmarsksressursane våre.

 

Skulane våre i Sogn og Fjordane er blant dei beste i heile landet. Og eg torer påstå og har nemnt at høgskulen medverkar sterkt til dette. Hausten i fjor var prega av høglytt diskusjon om kompetansekrav til lærarar. Senterpartiet var det einaste partiet som i vår stemde imot at lov om kompetansekrava i norsk, matte og engelsk skulle ha tilbakeverkande kraft. Berre me som meinte det burde vera ein firårig grunnutdanning med praksisår og krav om mastergrad seinare. Vedtaket betyr at ca. 30 000 lærarar med utdanning før 2014 no ikkje lenger har godkjent grunnutdanning. For Sogn og Fjordane vil det bety at omtrent halvparten av lærarane må ta vidareutdanning for å fylle krava om tal studiepoeng…..sjølv om me er eit av dei beste skulefylka i landet.

I debatten om å stille kompetansekrav til lærarane må me også vere obs på andre fag. Det er viktig at ikkje grunnutdanninga blir for smal. I utgangspunktet ynskjer me oss faglærarar i alle fag. Samstundes veit me at det kan gi store problem med å oppretthalda skular nær folk om me skal gå vekk i frå allmennlæraren (no grunnskulelæraren).

Senterpartiet vil og at elevane må få tilbod om praktisk arbeidslivsfag i ungdomsskulen og alle elevar  i grunnskulen og vidaregåande bør lære og erfare entreprenørskap. Det er faktisk me som må vise elevane at me likestiller praktisk teoretisk utdanning i ord og i gjerning. Berre når praksis og teori går hand i hand blir det utvikling. Dette meiner eg er ei av dei viktigaste sakene me jobbar med framover. Dette betyr noko for eleven, ungdomen, arbeidsplassane og viktig for å kunne ha eit allsidig næringsliv.

Ungdommen og utvikling i næringslivet vert avgjerande viktig for distriktsnorge og Sogn og Fjordane framover.

 

Ei anna sak som pregar kvardagen både i by og bygd her hjå oss samtidig som det er i ferd med å kunne kallast nærast ei global krise er flyktningesituasjonen.

Me opplever den største flyktningkatastrofen i Europa sidan 2. verdskrig. Dei tragiske krigshandlingane me ser frå omverda generelt, og gjennom dei siste åra frå Syria spesielt vekkjer kjensler i oss. Denne situasjonen gir Europa og Norge store utfordringar. Og det gir utfordringar for kommunar og lokal-samfunn.  Utfordringar som krev handling og leiarskap både nasjonalt og lokalt.

I 2016 skal det busetjast 18 000 flyktningar i norske kommunar. Det vil bli eit stort press på kommunane for å busetje og integrere nye asylsøkjarar. Presset vil nok i stor grad koma på velferdstenester i kommunane, men og på dei tenestene som fylket og staten yter. Eg trur det blir avgjerande at kommunane, som sit med hovudansvaret for busetjing og integrering, klarar å samarbeide og dele kunnskap og kompetanse. I dette arbeidet må me engasjere frivilleg sektor, næringsliv og andre gode krefter som kan bidra til at dei som kjem hit vert tekne vare på og inkluderte. Dei må bli engasjerte i lokalsamfunna og dei må få arbeid. Eg trur at for å lukkast med integreringsarbeidet, så må me som bur og lever i desse små lokalsamfunna evna å  sjå på dei «nye» innbyggjarane som kjem som ein ressurs. Sogn og Fjordane treng auke i folketalet og er me gode på integrering vil innvandrarane bidra til både folketalsvekst og til nyskaping.  

Politisk leiarskap i denne situasjonen er ikkje å søka konfrontasjon. Det er heller ikkje å stigmatisera grupper av menneske, men å sjå kvar og ein. Politisk leiarskap i denne samanheng er ikkje å skapa uro og frykt gjennom mistenkeleggjering og ordbruk som verkar splittande meir enn samlande. Eg tykkjer det er all grunn til å gje honnør til partileiaren vår som ved fleire høve har stilt seg i spissen for å skapa breie forlik i Stortinget for korleis me som nasjon skal handtera denne krevjande situasjonen.

Og så det som er mest triveleg; kommune og fylkestingvalet. Senterpartiet gjorde det beste kommunevalet på 20 år. Berre to ganger i historien 1991 og 1995 hadde Sp fleire stemmer!!

Først må eg starte med å takke alle for god innsats i valkampen. For eit lag me var!

Så kan me framleis kose oss litt med talJ                                                                                                                                                               

Over 200 000 stemde på Senterpartiet i kommunevalet 2015. Me får 1776 folkevalde i kommunane – 361 fleire enn sist.

165 000 (165 071) stemde på Senterpartiet ved fylkestingsvalet. Me får 79 folkevalde i fylka – 18 fleire enn sist.

Sp gjekk fram i alle fylka, størst framgang i Sogn og Fjordane med +6,9% til 33,3%, deretter Nord-Trøndelag med +5,8% til 26,8% ! !

På kommunevalet slo Nord-Trøndelag oss, 29,1%, og me på ein flott andre plass med 26,7% ! !

Og tek me utgangspunkt i fylkestingsvalet ville Senterpartiet fått 16 mandat på Stortinget. Saman med Ap og Sv ville me ha hatt fleirtal (85 mandat). Dagens samarbeidsparti ville ha fått 74. (MDG 8, Raudt 1 og ikkje fordelt). Er ikkje det eit godt utgangspunkt for komande val, så veit ikkje eg!!!!

Så er me heilt nøydd å innom nokon kommuneresultat også.

I Luster gjorde me reint bord og fekk over 50%,  Ivar Kvalen og Co kan gjere nesten nett som dei vil!!!

I Ap-bastionen Årdal gjekk Senterpartiet fram med 29,5% til 38,8%, og gjekk frå 3 til 8 i kommunestyret. Eit historisk valresultat, der Ap kom under 50% for første gong på mange, mange år. Med Aleksander Øren Heen i spissen gjorde Senterpartiet i Årdal eit strålande val!!

Elles og , mykje godt arbeid og gode resultat.

Det blei enkelt å vera eit lag som drog i lag, og i same retning. Me hadde aktivitet rundt i heile fylket, jobba i saman, lokalt-regionalt-sentralt, og hadde eit tydeleg bodskap. Senterpartiet var eit veldig godt alternativ til regjeringa sitt sentraliseringsalternativ. 

Organisering av valkampen er også viktig. Me tok utgangspunkt i tidlegare organisering med valkamputvalet og måndagsklubben i spissen, endra litt og gjorde noko litt nye ting. Me starta tidlegare, før sommarferien, reiste på husbesøk, var rett og slett mykje ute og snakka med folk. Og ikkje minst under valkampleiar Per Rune Vereide si kyndige leiing, så blei dette ein suksess.

 

Me gjorde eit historisk val og fekk 33,2% av stemmene i fylket. Målet vårt blei oppfylt, og me fekk Jenny i fylkesordførarstolen. Litt stang ut på ordførarane, der me stoppa på 8 senterpartiordførar. 6 i Sogn, 1 i Sunnfjord og 1 i Nordfjord, og 5 varaordførar. Men likevel så bra, og me er veldig stolte!

Senterpartiet i Sogn og Fjordane gjekk til val på:

JA til aktiv næringsutvikling i heile fylket

NEI til sentralisering

JA til vidareutvikling av det gode skuletilbodet

 

Frå Senterpartiet sentralt kom det og tydeleg bodskap:

JA til norsk mat

Nei til tvangssamanslåing

JA til tenester nær folk

 

Smak på dette folkens! Enkle og tydelege bodskap. Det er god politikk!!

 

Valresultatet ga oss vel eit tydeleg signal om at folk i fylket har stor tru på kandidatane våre og den politikken me står for.

Kvifor lukkast me? Då er det verdt å nemne engasjementet i lokallaga, Senterungdomen sin framifrå innsats i skulevala og Senterkvinnene sitt fokus på saker som opptek kvinner var svært viktig, og ikkje minst deira flotte valkampturnè innom alle kommunane i fylket! Og Liv Signe sin gode innsats, ikkje minst. Ho var med oss og stilte opp og var ein god og viktig støttespelar i heile valkampen.

Vidare er me også i den heldige situasjon å ha eit fylkeskontor som er svært godt drilla på valkamp, og den rutinen er viktig for å sikre at alt blir handtert rett i ei hektisk tid.  Mange frivillige tek og eit tak som me er avhengige av for å få eit godt resultat.

Summert opp var me eit godt lag som jobba i saman, var synlege, slo ring om og støtta kvarandre, hadde ein god tone, godt humør og var truverdige i bodskap og meiningar.

Me skal heller ikkje undervurdere at mange av forslaga frå regjeringa er dårleg politikk i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane, og dette gav god grobotn i valkampen for våre argument og løysingar.

Takk for merksemda og godt årsmøte.