Meny
Bli medlem

Fylkesleiar si tale til årsmøtet 2015

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
-Gode årsmøte. Ordstyrarar, gjester, presse, velkomen til årsmøte i Senterpartiet, til Førde og to dagar med gode diskusjonar. Eg håpar dette skal bli ein verkstad der me får tid til å diskutere både politikk og organisasjon, og samstundes ha to trivelege dagar i lag.

Årsmøtet dette året må i stor grad retta blikket fram mot hausten med kommune- og fylkestingsval, som vil vera den store organisatoriske og politiske utfordringa.

Skal me bli største partiet i fylket, få fleire ordførarar og få att fylkesordføraren må me bruke tida fram til valet godt. Me må ha ein sterk organisasjonen og ein god, svært god valkamp.

Alder så lite organisasjonsarbeid først;                                                                               
Medlemsverving. Her har me ikkje vore flinke nok. Men no skal eg ikkje koste alle under same kam. For er det nokon som fortener skryt så er det Senterungdomen, og lokallaga i Balestrand, Hyllestad og Årdal. Dei har teke vervinga på alvor, og har rekruttert mange nye medlemar. Og det treng dei applaus for!! Nokre lokallag har også gjort ein flott innsats, andre har vore mindre flinke. Me kan ikkje lena oss tilbake i stolen og tenkja at slik blei det. Nei, det er berre å kome seg opp og ut, kontinuerleg arbeid må til!!! Og alle må bli med, vervar me ein kvar, så blir det ikkje så verst!

Senterpartiet er, slik eg opplever, det tydelegaste opposisjonspartiet til sitjande regjering. Mange ser dette og gir tilbakemelding. Det er og mange som røystar Sp i Sogn og Fjordane, mange fleire enn det medlemstalet vårt viser. Difor er det gjerne no det er tid for verving. At partiet har klart å snu ein lang periode med tilbakegang i medlemstalet til ein auke, er eit godt signal. Så mi oppmoding til fylkesårsmøtet er: ikkje lat potensielle framtidige medlemar bli verande som potensielle, berre fordi det ikkje var nokon som spurde dei om å vera med i Senterpartiet. Ver frimodig, det er ikkje farleg å spørje! Du risikerer berre at nokon vil svare nei, men det må vegast opp mot alle dei som svarar;  ja, det vil eg gjerne, Senterpartiet har dei beste politikarane og det beste politikken!

Våren 2014 blei ikkje akkurat slik me hadde sett føre oss. Ei utfordrande tid for Senterpartiet, og mykje tid gjekk med på den uro det blei internt i partiet. Sjølv om me i Sogn og Fjordane ikkje såg nokon grunn til skifte av partileiar, så støtta me Liv Signe, om enn motvilleg, då ho gjorde sitt val om å stille sin plass til disposisjon og ha ekstraordinært landsmøte i april.

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko seiest det!! No har Liv Signe meir tid til oss her «heime». Og heldigvis for det, for jammen slepp både ho og me vere arbeidslause. Det syter den nye regjeringa for. Den eine saka føre, og den andre etter blir servert. Me er vitne til ei omfattande sentralisering på bortimot alt. Politi, brann- og alarmsentral, høgskule, tingrett, jordskifterett, skatt, regionkontoret til fiskeridirektoratet i Måløy er berre nokre av områda. Og fellesnemnar stort sett  ikkje sentralisering internt i fylket, men ut av fylket vårt. Regional og distriktspolitikken står for fall, ei svært negativ utvikling for fylket vårt.

Året 2014 har som sagt vore  eit mellomvalår, og  har soleis vore eit år der me har førebudd organisasjonen fram mot kommune- og fylkestingsvalet 2015. Ein god takk til alle for den innsatsen de har lagt ned for partiet i 2014.

Så, meir over til politikken….

Akkurat no,  er det i alle fall to politiske saker i den nasjonale politikken som opptek oss sterkt i  Sogn og Fjordane – då me ser dei store negative lokale konsekvensane.

Den første er ny organisering, strukturendringar i høgare utdanning og for vår del Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei står framfor viktige strategiske val. Og der eg, og eg meiner eg kan seie me i Senterpartiet, slit med å forstå at Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje kan stå på eigne bein med dei resultat dei syner.  Høgskulen leverer særs godt både i høve studentresultat, fullførte studiar på normert tid og studenttilfredsheit. Samarbeidet med næringslivet er godt og høgskulen er ein ressurs for kommunane våre, både med tanke på generell kompetanseheving og som ein leverandør av heilt nødvendig arbeidskraft til heile fylket. Skulane våre i Sogn og Fjordane er blant dei beste i heile landet. Og eg torer påstå at høgskulen medverkar sterkt til dette.

Skal me greie å oppretthalda ei god regional utvikling med spreidd busetnad  i landet,  treng me jamn tilgang på arbeidskraft  med høgare utdanning i alle kommunane, dette er og høgskulen  ein viktig leverandør av.                                                                                                  

Det er på tide me sler ring rundt og støttar opp om Høgskulen vår i Sogn og Fjordane –og arbeider politisk på brei front for å få gjennomslag for høgskulen sine vedtekne strategiar.  Eg håpar årsmøte vil vere med på at det blir laga ein god uttale med tydelege signal frå oss i Senterpartiet. Det er å håpa at alle partia i Sogn og Fjordane kan stå på for det same - men det er gjerne å håpe på for mykje.

Den andre, dagsaktuelle saka, er Politireforma. Her er me vitne til at regjeringa og Venstre lanserer tidenes sentralisering av norsk politi. Eg trur Sogn og Fjordane vert den store taparen med nedlegging av eige politidistrikt og flytting av politimeistaren til Bergen. I tillegg vert det opna for rasering av tal lensmannskontor i fylket.

Det er fristande å sitere Erling Kjekstad i Nationen. «Folk i distrikts-Norge har fått ei lekse av den blåblå regjeringa. Et nyord må pugges der ute mellom bakker og berg. «Nærhetspoliti» betyr «En politipatrulje som kan slumpe til å være et sted nær deg når du trenger den».

For meg er det i allefall uforståeleg korleis ein kan kome fram til at færre lensmenn og lensmannskontor vil gjere kvardagen tryggare for folk. Eg meiner det er dramatisk at fylkesmodellen for organisering av politiet ikkje er valt. Det hadde vore den klart beste modellen. At Sogn og Fjordane ikkje lenger vert eige politidistrikt  vil vere eit stort tap for polititenestene i fylket og også for andre beredskapstenester.

Me må vere klar over at me eksporterar både tryggleik og kompetanse. Beredskapssamarbeidet i fylket blir sterkt svekka og vanskeleg å vidareføra når ein forlet fylkesmodellen. Det er svært alvorleg og dramatisk at gode fagmiljø og kompetansearbeidsplassar forsvinn ut av fylket. Vidare er det med stor undring eg ser i avtalen mellom FrP, H og V at  brann- og alarmsentral skal følgja med på lasset, og at gjerne AMK-sentralen reiser same vegen.

Meiner verkeleg Djuvik, Lødemel og Rotevatn at det vil vere til det beste for fylket vårt?    Me skal byggja vidare på dei gode fagmiljøa me har i dag, sa Høgre sin representant i fylkesutvalet onsdag. Med andre ord, byggje vidare på dei gode fagmiljøa me ikkje lenger har. 

Men i følgje Lødemel og kompani så er det ikkje måte på kva funksjonar som skal flyttast ut igjen i distriktet , tilbake til fylket, i denne reforma…………. så då så, ingen problem.  

Når me i tillegg veit at brysomme politikarar her ikkje skal ha noko å seia, alt ligg i hendene på politimeistaren….. så er det no endå greiare.                                                                         

Politisk dumskap, seier eg, det held på å byggje ned fylket og øydelegg dei gode fellesstrukturane me over tid har bygd opp i Sogn og Fjordane. Desse har synt seg effektive og  velfungerande i mange alvorlege hendingar i den seinare tid.

Dette kan me og slett ikkje akseptere. Her må det kjempast til den bitter end for fylkesmodellen slik at me får behalde eige politidistrikt og dei gode beredskapstrukturane.

Kommunestrukturen er og under press.
Klart me må innom Sanner si kommunereform desse dagane. Etter mitt syn endå eit stort sentraliseringsprosjekt, sjølv om Sanner gang på gang fortel oss om betre tenester og meir lokaldemokrati.  Danskane si erfaring etter si reform er meir makt til administrasjon og mindre til politikaren, med andre ord mindre demokrati og meir byråkrati. Me kan og vere uroa for at regjeringa sin reformprosess kan forsterke sentralisering av busetnad og arbeidsplassar.

Kommunereforma blir i desse dagar drøfta og utgreia i kommunane i fylket vårt.

Eg håpar me får ein god diskusjon, gode tilbakemeldingar  på denne saka i årsmøte. Eg skal lytte!

Samstundes håpar eg me held fast på respekt for avstandar, geografi og busetjingsmønster. At me vil vere med å kjempe for busetnad og arbeidsplassar i heile landet, vera med å sikra tilgang til likeverdige offentlege og private tenester uavhengig kvar me bu. Senterpartiet fredar heller ikkje kommunestrukturen, men vil at endringar skal skje ut frå lokale behov, der det naturleg ligg til rette for det og basert på frivillegheit. Dette må vera  ei reform basert på frivillige og lokalstyrde prosessar og der resultatet blir ein variert og tilpassa kommunestruktur.

I den nasjonale politikken så er det vel berre Senterpartiet som reserverar seg mot større endringar i struktur. Det hadde vore av stor verdi at AP snart gav uttrykk for kva dei verkeleg meinar i saka. Skal me forsvare vårt syn og ha håp om å vinne fram så må me ha AP på laget i denne saka

Men ein ting er sikkert, det lokale folkestyret skal forvaltast av innbyggjarane i kommunane og fylka våre, og ikkje  av Erna Solberg og Jan Tore Sanner.

Og rapporten frå Produktivitetskommisjonen føyer seg godt inn i så måte. Ekspertutvalet  til økonomiprofessor Jørn Rattsø har nyleg presentert sin rapport. Utvalet hadde som oppgåve å greie ut kva som skal til for å få opp produktivitetsveksten i Noreg. Rapporten konkluderar med at det er meir effektivt med større og færre kommunar, småkommunetillegget må fjernast. Det må satsast meir på å utvikle byane, slå saman kommunar rundt byane for å få meir effektiv samferdsel og arealforvaltning. Det er dårleg samfunnøkonomi å ta vare på matjord. Samstundes med aukande folketal og verdensavlingar som minkar så meiner utvalet at det er vanskeleg å sjå nokon risiko for matmangel.

Og vidare når det gjeld landbruket så meiner utvalet at nedbygging av importvernet gjennom «lufting» av tollsatsane, ei oppmjuking av jordvernet med å fastsetje ein pris pr. dekar omdisponert jord og avvikling av jordbruksavtalen må til for å få redusert samfunnskostnadane med landbruket me har i Norge i dag.  

Kva er dette her for noko tøv? Reinspikka bedriftsøkonomisk teori – eller er det eit bestillingsverk frå regjeringa? Rapporten må passa  bra for ei regjering som allereie er godt i gang med sentraliseringa.

«Eit angrep på den norske samfunnsmodellen», seier vår Tryggve Magnus. «Eg kjenner meg ikkje att», seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.

Det gjer ikkje eg heller. Kva og kven skal denne rapporten tene? Er det for å få ein grunn til å byggja ned norsk matproduksjon, norske distrikt, lokalsjukehus, norske skular, storstila kommunesamanslåing og sentralisert bruk av samferdslepengane.

Meiner regjeringa verkeleg alvor med dette er eg redd me har starta nedbygginga av landet vårt. Senterpartiet blir sterkt utfordra av den politikken regjeringa vil gjennomføra. Eg tykkjer det er to ord som dekker det meste , sentralisering og minst mogleg politikk: Det vil sei marknad for mest kvar ein pris, men markedet er eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv. Politikk handlar om å setje seg mål for ei ynskeleg samfunnsutvikling og deretter setje inn politiske virkemiddel for å nå målsetjinga.

Eg registrerar og at for å få prosessane til kunne gå fort nok med å få «Norge» samfunnsøkonomisk , anbefalar Rattsø regjeringa å bruke politisk brutalitet. Heldigvis har Marit Arnstad og Senterpartiet vore klar og tydeleg, og vist at me representerer motkreftene til ei slik utvikling. Dette viser at det er behov for Senterpartiet, og at me må tilbake å styra landet.

Kjære årsmøtedelegatar. Kanskje tykkjer de eg seier mykje nei, og syter og klagar i dag.  Ja , eg gjer gjerne det, det er frustrerande å sitja i stor grad på sidelinja å sjå at viktige verdiar for oss, og distrikts og regionalpolitiske tiltak og tenester går fløyten. Eg seier i frå at den politikken som den blåblå regjeringa, med god støtte frå Venstre og til dels Kristeleg Folkeparti ikkje passar for Sogn og Fjordane. Eg og Senterpartiet kan gjerne vere med på endringar. Men ikkje endringar som byggjer ned heile fylket- som gir blanke i distrikts- og regionalpolitikken.

Kjære årsmøte, er det ikkje snart på tide å ta eit oppgjer med markedsfokus, sentralisering, nedbygging og «salg av Norge» den sitjande regjeringa vil piske igjennom?

Me er inne i eit valår og kommune- og fylkestingsvalet blir eit viktig val for Senterpartiet. Sjølv om det er eit lokalval så vert det og ein temperaturmålar på den statlege politikken og den sitjande regjeringa. Den politiske avstanden mellom sitjande regjering og opposisjon blir tydelegare og tydelegare. Statleg tenester og tilbod står oppe i store strukturendringar med sentralisering der vårt fylke på mange område tapar posisjon, arbeidsplassar og fagmiljø. For utvikling i fylke og kommunar der me i stor grad tek ansvar vert dette utfordrande. I tillegg kjem pålegg om ei kommunereform der ein kan lure på mål og meining, men sentralisering og større einingar er og dei sentrale stikkorda også her. Det er stor grunn til uro for denne utviklinga, som vil byggja ned fylket vårt,  eit viktig mottiltak på kort sikt vil vere at me i Senterpartiet kan verta valgvinnar denne hausten.

Høge mål har me sett oss, største partiet i fylket, Jenny i fylkesordførarstolen, og fleire ordførarar enn sist.

Dette kjem til å bli eit spennande år og ikkje minst haust. Krevjande, og  fylkeslaget greier ikkje denne jobben åleine. Her trengst  det at me alle brettar opp ermane og står på fram mot valdagen 14. september 2015!!

Og skal eg prøve meg på ei lita oppsummering av situasjonen me står i no så er den både positiv og negativ.

Utviklinga på meiningsmålingane og blant folk flest peikar i positiv retning for vår del. Det vert arbeida godt i heile organisasjonen med full fokus på politikk. Medlemsutviklinga går rett veg. Mange av våre kjernesaker er i fokus fram mot valet.

-Så det er gode odds for at me kan gjere eit godt val, vinne valet, men det kan vere grunn til uro for å tape viktige politiske saker i tida  framover så her må me trø til å få fleire med oss-

Det var så mykje mykje meir eg skulle ha snakka om, EU/EØS, søndagsåpne butikkar, det fylkeskommunale inntektssystemet, Avinor og flyplasstruktur m.m., men pga den blåblå regjeringa vinn eg diverre ikkje meir, og tida fer i frå meg.

Med gode kommunevallister, ei god og slagkraftig fylkestingsliste med Jenny  på toppen, ein erfaren, solid og dyktig fylkesordførarkandidat og  gode og framtidsretta valprogram, så brenn eg for å kome i gang, og  gler meg til valkamp!   

Takk for merksemda!