Meny
Bli medlem

Fylkesleiar sin tale til fylkesårsmøtet 2014

Sist endret: 27.09.2020 #Sogn og Fjordane
Gode årsmøte. Ordstyrarar, gjester, presse og ikkje minst partileiar Liv Signe Navarsete. Velkomen til Balestrand og to dagar med gode diskusjonar. Eg håpar dette skal bli ein verkstad der me får tid til å diskutere både politikk og organisasjon, og samstundes ha to trivelege dagar i lag.

Det er skjebnetid; Senterpartiet har mista makta, er ute av regejering og det er uro i partiet.    JA - Det er fristande å starte slik for å understreka alvor og endringar for oss i Senterpartiet.

Årsmøtet i fjor, og heile 2013 var retta mot stortingsvalet og fokus på å få Liv Signe på tinget. Det klarte me, 20,6% oppslutnad i Sogn og Fjordane, og eg vil nytta høvet til nok ein gong å takka dykk alle her, men og resten av organisasjonen som sto på i valkampen.

Sjølv om regjeringa og SP kunne syne til svært gode resultat og peika på eit Europa rundt oss med store økonomiske og sosiale utfordringar , så var ikkje det nok til å snu bølgja og kravet om endringar.

At stortingsvalet 2013 enda med regjeringsskifte som resultat så er det på mange måtar eit dårleg år for oss. Me har i ein lang periode, og i dei siste åtte åra i regjering, hatt avgjerande og stor innflytelse på mange politikkområde i kongeriket. Denne situasjonen må me berre innsjå vert vesentleg endra framover når det gjeld den nasjonale politikken.

Det er eit paradoks at me ikkje greier ein større oppslutnad enn 5,5% på landsbasis medan me i vårt fylke passerar 20%.

 

Me blei ikkje største partiet i Sogn og Fjordane som var målet vårt, men ein god nr. 2. Det syner at folk i fylket har stor tiltru til oss. Men uansett resultat i Sogn og Fjordane så gjekk alle tre regjeringspartia (Ap, Sp og Sv) tilbake på landsplan, og dei «blå-blå» med støtte frå Venstre og Krf kunne ta over roret.  

 

Valkampen og valet vart krevjande av fleire grunnar. Det var utfordrande å nå fram med gode politiske synspunkt i debattane når me heile tida blei møtt med at no var det trong for endring, og at me kom med «skremselspropaganda» om me prøvde å synleggjere konsekvensane av høgresida sin politikk. Eg må sei at det i valkampen ikkje alltid var så enkelt å forstå kva me trengte forandring i frå.

 

Meiningsmålingane og kommentarane til desse viste og at det bles ein kraftig blå-blå vind med krav om skifte og ny regjering etter så lang tid med raud-grønt. Med klar margin i målingane så vart det for mange og av våre tilhengjarar som ikkje trudde det var mogeleg å vinne fram med fortsatt raud-grønt.

 

Etter valnederlaget og regjeringsskifte må me nok bu oss på endringar, endringar som utfordrar mange politikkområde som er og som har vore viktig for Senterpartiet.

På NRK for ei stund sidan var det stor ståhei,100 dagar med ny regjering. FRP og Djuvik blei intervjua og la vekt på at dei  hadde vore altfor lite flinke til å få fram det dei hadde fått til.

Men  kva er me stilt i utsikt då, - eg har fått med meg: søndagsopne butikkar, me kan kjøpe sprit på julafta, dieselavgifta auka, regionale utviklingsmidlar (distriktsmidlar) teke ned med fleire millionar, småkommunetilskotet teke bort, midlar til utjamning av nettleige redusert, oppheving av priskontroll på landbrukseigedommar, endring i konsesjonslov og store endringar i landbrukspolitikken….o.s.v..

Ikkje mykje – av dette-  som kjem Sogn og Fjordane til gode.  Det vert krevjande tider, ikkje minst for distriktspolitikken.

Eg meiner me kan rette ryggen, vår politikk står seg. Me vil ha norsk kortreist mat som blir produsert i heile landet. Me vil at unge og gamle skal ha dei same moglegheitene til skule og omsorg uansett kvar dei bur. Me vil bruke veg og bane for å knyte landet enda tettare saman. For oss handlar det om å skape gode liv i heile Norge, me vil halda på ein politikk som gjer at me kan ta heile landet i bruk – og me må gjerne bli endå flinkare til å fornya politikken vår i eit slikt perspektiv. Det arbeidar me for kvar dag i kommunane, fylka og på Stortinget.

 

Grunnlov, EU, EØS

Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanifrå. Me vil ha eit samfunn med frie sjølvstendige menneske som har tru på eigne evne og tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet, naturen og miljøet. Partiet sitt menneskesyn spring ut ifrå eit kristent verdigrunnlag og humanistiske verdiar i pakt med dette. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og respekten for menneskeverd er overordna andre verdiar.

I eit år med 200-årsjubileum for grunnlova er det på sin plass å ta med seg kva fundament Senterpartiet byggjer på. Me vil byggja samfunnet nedanifrå, me vil ta heile Norge i bruk.

Me feirar 200 års jubileum for grunnlova, og det er 20 år sidan landet stemde nei til EU og samstundes har me den mest EU vennlege regjeringa på lang tid. Me har til og med ein eigen EU minister og han har det travelt, kanskje for travelt.

 

I januar 2014 blei det presentert ei meiningsmåling i samband med Grunnlovsjubileet. Målinga viste svært interessante tall om det norske folk si haldning til Grunnlova:

 87% av dei spurde meinte at den norske grunnlova var svært viktig, 93% meiner at Grunnlova er viktig for demokratiet, og kun 5% meiner at EU-reglar skal kunne overstyre den norske grunnlova.

 

Det er vel ikkje tvil om at EØS utfordrar oss på mange viktige samfunnsområde og påverkar utviklinga av det norske samfunnet. Her kan nemnast heimfallsretten, den differensierte arbeidsgivaravgifta, EØS-reglar for innkjøp og prosenttoll. Eg meiner at Senterpartiet har vore, er , og skal vera garantisten for at Norge framleis har sjølvråderett i eige land.  Med Senterpartiet i regjering viste me og at det er handlingsrom i EØS avtalen til å bruke vetoretten, og vårt NEI i -72 og -94 er framleis med og sikrar oss styring på viktige og avgjerande område.  Og eg meiner at me som senterpartistar kan vera stolte av det partiet har stått for og oppnådd for både landet og folket vårt.

 

Kommunereform

 

I desse dagar er det vel ikkje mogleg å vera samla til politisk møte utan at me skal snakke om kommunereform. Den nye regjeringa vil slik eg forstår gjennomføre store endringar. Då må kommunepartiet framfor alle ,Senterpartiet, vere på bana og delta.

 

I Sp sitt program står det: «Norge er et variert land. Dette, sammen med geografisk variasjon, gjør at det er riktig å beholde en mangfoldig kommunestruktur».

 

Det er eg heilt einig i. Senterpartiet har vore tydelege på at me ikkje ynskjer å freda dagens kommunestruktur, og at  endringar skal skje ut i frå lokale behov. Eg håpar at me i drøftingane framover held fast på kravet om dette skal kome ut av frivillige og  lokalt styrde prosessar. Innafor slike rammer har Senterpartiet sine lokalpolitikarar og ofte vore pådrivarar i samanslåingsprosessar. Senterpartiet har vore og vil framleis vere ein pådriver for reformer i kommunesektoren. Eg er heilt einig i at folkestyret kan me ikkje ta for gitt, det må vitaliserast om og om igjen.

Men ein ting er sikkert, det lokale folkestyret skal forvaltast av innbyggjarane i kommunane og fylka våre, og ikkje  av Erna Solberg og Jan Tore Sanner. Me kan og vere uroa for at regjeringa sin reformprosess kan forsterke sentralisering av busetnad og arbeidsplassar.

 

Eg håpar at Senterpartiet vil vere med å kjempe for at me har busetnad og arbeidsplassar i heile landet. At Senterpartiet vil vera med å sikra tilgang til likeverdige offentlege og private tenester uavhengig kvar me bu. At me har respekt for avstandar, geografi og busetjingsmønster. Då vil resultatet av kommunereforma bli ein variert og tilpassa kommunestruktur, ein struktur der velfungerande og gjerne betre fungerande  interkommunale ordningar inngår som ei høgst aktuell og nytta løysing.

 

Me har og sett dette interessante  tema, kommunereform, på dagsorden seinare i møte, og då er me så heldige at me har fått  Dagfinn Sundsbø  med oss til å innleie til drøfting.

 

 

Beredskap

 

Alt heng i hop med alt. Skal me kunne bu og virke i Sogn og Fjordane så vel som midt i Oslogryta så må tryggleiken i ein krisesituasjon vere den same. Sogn og Fjordane har verkeleg fått prøvd seg på ulike situasjonar i det siste. Bussulukke, tunnelbrann, drap og no sist, men ikkje minst storbrannen i Lærdal. Eg håpar verkeleg at det ikkje er berre Senterpartiet som meiner at beredskap – og beredskap i distriktsnorge -må takast på alvor.

 

Det kan vere at det skal tenkjast nytt med tanke på ressursutnytting, organisering, samarbeid og samvirke mellom politi, helse, brann og redning - både lokalt og regionalt. Men i botnen må det vere som Senterpartiet og står for, og som er heilt avgjerande: ein desentralisert og lokal beredskap anten det gjeld politistruktur, helse eller brann og redning for å sikre beredskap og nødvendig lokalkunnskap, eg meiner og at det må innførast ei geografisk definert responstid for politiet.

 

Den elektroniske motorvegen

 

Ingen er vel i tvil om at samferdsle er viktig, og eg meiner at den elektroniske motorvegen  er like viktig som anna vegutbygging. Behovet for høgare kapasitet i Sogn og Fjordane er stort.

Fiber/breiband er ein så viktig aktivitetsfaktor både for busetnad, for nye etablerarar og for det etablerte næringslivet, beredskap og for verdiskaping at dette er eit av dei viktigaste infrastrukturtiltaka me står overfor.

Me veit at dette er ei kapitalkrevjande utbygging, og at me er i eit område der tilbydarane ikkje står i kø for å få desse utbyggingsprosjekta. Nytt i år er og at det no ikkje lenger er fylkeskommunen som får ei ramme som blir fordelt ut att på prosjekt i fylket. Frå i år er det post- og teletilsynet som har ansvaret og kommunar og fylkeskommunar kan søke om midlar. Det blir no avgjerande at kommunane og fylkeskommunen samarbeider for å få til så gode søknadar  som mogleg, ikkje minst når eitt av kreteriane som blir vekta svært høgt er tal husstandar som blir løyst ut.

Eg er uroa for at distrikta og bygdene kjem sist i køen, igjen. Det er ikkje rett. Eg meiner at utbygginga av den elektroniske motorvegen må vere eit samfunnsansvar på lik linje med all anna vegutbygging.

Senterpartiet må stå på, vere ein pådrivar for utbygging som sikrar like vilkår uansett kvar i landet me bur.

Landbruk

Me må innrømme og vere stolte av at mange stemmer Senterpartiet fordi me har den beste landbrukspolitikken.

Eg kan nemne fleire ting som gjer at eg meiner nettopp det. Sp vil                                                  

1. styrka inntektene i landbruket slik at inntektsgapet mellom landbruket og andre yrkesgrupper blir jamna ut.                                                                                                       2.at Norge skal utnytte handlingsrommet i WTO-avtalen til å styrke importvernet på landbruksvarer for å sikre auka matvaretryggleik til eigne innbyggjarar.                               

3.sikra at landbruket kan fornye produksjonsapparatet gjennom betre driftsøkonomi, investeringsvirkemidlar og fondsordningar.                                                                              4.sikra ein velfungerande markeds- og produksjonsregulering og samvirke si rolle som markedsregulator, og mottakar av norske råvarer frå heile landet.                                              5.styrke norsk matproduksjon basert på eige ressursgrunnlag slik at sjølvforsyningsgraden, korrigert for importerte fôrråvarer kan oppretthaldast.                                                            6.at norsk matproduksjon, basert på eigne areal skal auka med 20% i løpet av dei neste 20 åra.

 7.gjeninnføre beredskapslagring av korn gjennom styrka gardslagring og styrka nasjonal silokapasitet.

Utan tvil, det blei eit tydeleg skifte i retninga i 2005 med den raudgrøne regjeringa. Landbruket opplevde å få ei kronemessig lik inntektsutvikling som andre. I perioden 2006-2012 har inntektene til landbruket auka med 110 000 kroner per årsverk, eller 70 %. Dei raudgrøne utnytta og handlingsrommet når det gjaldt overgang frå kronetoll til prosenttoll på norske standardostar, storfekjøt og lam. Importvernet er ein berebjelke i landbrukspolitikken.

Og utan tvil, eg er spent på kva jordbruksforhandlingane til våren vil bringe. Landbruks- og matministeren reiser landet rundt for å høyra på oss, seier ho. Det kan tyde på at ho høyrer dårleg etter for eksempel når det gjeld oppheving av priskontroll for landbrukseigedomar. Skriv til kommunane om å sjå bort frå noverande priskontroll går ut samstundes med høyringsbrev.

At berre 3% av arealet i Noreg er dyrka og vel 1% er eigna til korndyrking i ein verden som treng meir og meir mat må me ta inn over oss. Det ser ut som om folk etter kvart er meir opptekne av å ta vare på matjorda. Jordvern er ikkje vern av bonden som nokre trur! Det ser og nesten ut som om «folk flest» forstår dette betre enn ministaren som ikkje vil gripa inn i salet av kornsiloane i Stavanger. Eg er redd for at den kortvarige gevinsten ein kan få med å selja i staden for beredskapslagring av korn for folk og dyr kan visa seg å vera ei  dårleg avgjerd.

Me skal og ta med oss den raudgrøne regjeringa halverte nedbygging av matjord i sin periode. Starten på blå blå perioden lovar ikkje bra. Senterpartiet var tydelege før valet på at dette var eit retningsval. På enkelte områder var signala meir tydelege enn andre. Det kan dessverre sjå ut til at me får meir rett enn me likar!

Karen Marie Hjelmeseter
fylkesleiar