Meny

Fylkesleiars tale til årsmøtet i Hordaland, Myrkdalen 2015

Ordstyrar, årsmøte, gjester og presse. Eg vil få ynskja dykk velkomen til årsmøtet her i Myrkdalen. Eg vil spesielt få ynskja velkomen dei som er på fylkesårsmøtet for fyrste gong.

Tale til Årsmøte i Hordaland Senterparti, Myrkdalen 2015.

Ordstyrar, årsmøte, gjester og presse. Eg vil få ynskja dykk velkomen til årsmøtet her i Myrkdalen. Eg vil spesielt få ynskja velkomen dei som er på fylkesårsmøtet for fyrste gong.

Eg håpar at me og i år skal ha eit årsmøte i god gammal senterpartitradisjon. Eit godt møte og ein god fest der me knyter oss tettare saman og byggjer nye relasjonar mellom partivener over heile fylket. Eg håpar de nyttar moglegheita og byggjer senterpartilaget vårt sterkare.

Eg håpar me skal ha eit konstruktivt og byggjande fylkesårsmøte som gjer oss klar til det som skal skje i september. Då skal Senterpartiet i Hordaland ha drive ein super valkamp i alle kommunar i fylket og me skal auke talet på ordførarar og Benthe skal få med seg fleire i fylkestingsgruppa slik at Senterpartiet i igjen vert ein del av eit fleirtall som tek over styringa av Hordaland fylke etter valet. Det fortener hordalendingane og det fortener Senterpartiet. Med blå-blått styre, både av landet og fylket, ser me og eg håpar mange veljarar forstår at det er behov for meir av vår politikk og våre løysingar, slik at det vert like gode muligheiter for å leva gode liv både i by og på land.

Me skal seinare i dette møtet behandla og gjer vedtak om fylkesprogrammet for neste periode. Dette er Hordaland Senterparti sitt viktigaste dokument og signal til veljarane våre kva me vil med Hordaland dei komande åra. Slik meiningsmålingane og styringsfarten til dei blå-blå som styrer i dag i Bergen og Hordaland fylkeskommune ser ut pt., er eg overtydd om at vårt program vert viktig i forhandlingane når me skal ta over styringa av fylket.

Skal me lukkast med å få fleire ordførarar og overta styringa i Hordaland må me bruke tida fram til valet til å bygge organisasjon og kunnskap. Senterpartiet er det tydelegaste opposisjonspartiet til dagens regjering å det er det mange som ser og gjer tilbakemelding på. Det er no det er tid for å auke medlemstalet ved å verve nye medlemmar til partiet. At partiet no har klart å snu ein lang periode med tilbakegang i medlemstalet til ein auke, er eit tydeleg signal på dette. Så mi oppmoding til fylkesårsmøtet er: ikkje lat potensielle framtidige medlemmar forbli potensielle, berre fordi det ikkje var nokon som spurde om dei ville vera med i Senterpartiet. Ver frimodig det er ikkje farleg å spørje, du risikerer berre at nokon vil svara nei det vil eg ikkje, men det vert jo vege opp av alle dei som svarar ja, det vil eg gjerne vera med på de har jo dei beste politikarane og det beste politikken.

Det einaste positive eg ser med dagens regjering er at det vert tydelegare at Senterpartiet trengst og at me dermed vert eit tydeleg alternativ for fleire veljarar. Me i Senterpartiet har ei stor oppgåve i å verta like aktuell for byveljarane som me er for veljarar i mindre samfunn. Me ser framfor vala når valgomatane dukkar opp på alle aviser sine nettsider og veljarane går inn og tar testen så havnar ca. 16% på Senterpartiet fordi dei er einige med politikken vår. Utfordringa er å få desse veljarane til å leggja vår liste i konvolutten når dei står i valavlukka.

Eg er overtydd om at om alle som sit i denne sal i dag bestemmer seg for, at kvar og ein frå no av og fram til valet, vil gjera det eg kan for at flest mogleg veljarar skal putte Sentrepartiet si liste i konvolutten ja så når me måla våre. Ved førre val var det slik at om alle dei som røysta Senterpartiet ved kommunevalet hadde røysta det same ved fylkestingsvalet så hadde me hatt 4 representantar inne, og Jon hadde vore fast inne på tinget i staden for 3 representantar i inneverande periode. Det hadde vore av stor verdi når me veit at fleirtalet som styrer fylkeskommunen no er basert på ei stemmes overvekt kjøpt med fylkesvaraordførarposten til Venstre. Me hadde då dekka alle utval med eigne representantar og varafolk. Nei, kjære fylkesårsmøte, me har ein jobb å gjere fram til valet.

Det at regjeringa slit på meiningsmålingane no kan me bruke til inspirasjon i det vidare arbeidet. Me i Senterpartiet vert sterkt utfordra av den politikken som dagens regjering vil gjennomføre. Det er vel nokre få ord som dekkjer kva den politikken går ut på, sentralisering, effektivisering og marknad, koste kva det koste vil. Det er ikkje så nøye med arbeidsvilkåra til dei som skal yta tenestene i kommunane berre private aktørar kan skape ein marknad og moglegheit for utbytte i sine selskap. Du må nesten ha gått på NHH og vere medlem av Høgre for å vera så blå at du meiner formålet med å drive offentlege tenester er å skape eit best mulig resultat i ei privat bedrift.

Målet med offentleg verksemd må vera best mulig kvalitet i tenestene til innbyggjarane våre til ein lågast mulig kostnad for skattebetalarane. Politikk handlar etter mi meining om å setje seg mål for ei ynskt samfunnsutvikling, for så å setje inn verkemiddel for å nå desse målsetjingane.

Eg må innom Sanner si kommunereform også. Slik eg ser det er denne reforma ei gigantisk sentraliseringsreform, der alt som er stort er robust. Resultatet kan lett verte mindre demokrati og meir byråkrati, slik som det vart i Danmark. Ikkje slik som Sanner prøver å framstille det som meir demokrati og betre tenester. Innbyggjarane i små kommunar er minst like nøgde som innbyggjarane i store kommunar, det viser mange undersøkingar. Når det gjeld kommunestruktur er Senterpartiet det einaste partiet som tørr å stå opp mot vinden som bles og kjemper for moglegheita som er i ein desentralisert kommunestruktur. Det gjer oss moglegheita til å fordela velferda nokolunde likt over heile landet. uavhengig kvar du måtte velje å leve livet ditt.

Det er ikkje berre kommunane som må bli større for å ha livets rett i den blå-blå regjeringa sitt framtidsbilde. Og politi, lensmann, brannvesen, og naudetatar må organiserast i større einingar. Eg trur innbyggjarane i Lærdal i dag er glad for at dei hadde ein lokal beredskap, med god lokal kunnskap i  januardagane i 2014, for det redda liv når katastrofen ramma. 

Likeeins var det lensmannen i Odda som berga at det ikkje gjekk liv under flaumen i Odda i haust, når han tok bilen og kjørde ein tur sørover i Oddadalen for å rekognosere flaumen såg han kor mykje vatn som var på veg, og forsto at dette var alvorleg ut frå sin lokalkunnskap og erfaring. Han returnerte til Odda og sette i gang evakuering langs Opoelva omgåande, og sende skuleelevane heim klokka 12. Det fyrste huset gjekk i elva rundt klokka 17. Trur me evakueringa hadde skjedd tidsnok dersom politiet hadde vore organiset i ei stor og ”robust” eining i Bergen?

Kjersti Toppe vår stortingsrepresentant har ei formidabel oppgåve som nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Ho reiser landet rundt for å ivareta lokalsjukehus med akuttmottak slik at tryggleiken til folk vert ivareteken om ein forsett å velja å bu i distrikts-Noreg. Kjersti har ein unik status i norsk helsepolitikk der ho med sin kunnskap og sitt engasjement utgjer det største hinderet i vegen for at Helseminister Bernt Høye skal få gjennomført regjeringa sin politikk å leggje ned lokalsjukehusa i landet. Jobben Kjersti gjer er høgt verdsett av tilhengarane av lokalsjukehusa i heile landet, eg er sikker på at innsatsen til Kjersti gjer oss mange nye Senterpartiveljarar ved neste val. Hordaland Senterparti er glade for at me har den mest profilerte stortingspolitikaren frå Hordaland i inneverande periode.

Produktivitetskommisjonen til økonomiprofessor Jørn Rattsø har nyleg presentert sin rapport. Utvalet har som oppgåve å utreda kva som skal til for å få opp produktivitetsveksten i Noreg. Rapporten konkludera med at Noreg må satsa endå meir på å utvikla byane, slå saman kommunar rundt byane for å få meir effektiv samferdsel og arealforvaltning. For at prosessane Rattsø anbefaler i sin rapport skal kunne gå fort nok i eit produktivitetsperspektiv, anbefaler han regjeringa å bruke "en passe dose politisk brutalitet". At anbefalingane vil skapa motstand og demokrati er jo berre plynder og heft i produktivitetens verd. Marit Arnstad, vår parlamentariske leiar, har vore klar og tydeleg og representerer motkreftene til ei slik utvikling. Dette viser at det er behov for Senterpartiet, og at me må tilbake å styra landet.

Noreg skal forhandle med EU om import og eksport i Art 19. forhandlingane framover. I ein debatt i Dagsnytt 18 med bondelagsleiaren var ein av statssekretærane som skal forhandle for regjeringa og debatterte saka, der han aktivt kopla fisk og landbruk som utgangspunkt. Før forhandlingane hadde han noko å gje til EU frå ei "byrdefull næring som landbruk" i byte mot fri marknadsadgong for fisk. Det seier mykje om regjeringa sitt syn på landbruk, og korleis dei vil ivareta viktige norske interesser i forhandlingane.

Eg har lyst å oppsummera korleis eg føler at Senterpartiet no står i inngangen til ein ny valkamp. Eg meiner me har god grunn til å vera optimistar. Meiningsmålingane går rette vegen for oss, og galne vegen for regjeringa. Det vert arbeida godt og målretta i heile organisasjonen vår med fullt fokus og trøkk på politikkutforming og organisasjonsbygging. Me vert fleire i partiet vervinga går rett veg. Senterpartiet sine kjernesaker er i fokus. Så håpar eg at me her i salen har 110 senterpartistar som etter dette møtet er klare til å vinne valet for Senterpartiet i heimkommunen og på fylket.

Lukka til! Eg gler meg til å vera med å leia dette laget vidare fram mot valsigaren i fylket og ordførarkjede i Kvam.

Takk for merksemda.