Meny
Bli medlem

Fylkesmann utan heimel

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Til vanleg er Fylkesmannen oppteken av at kommunane fylgjer lovar og reglar. Når det gjeld kommunereformsaka driver Fylkesmannen utan lovheimel og pressar kommunane inn i eit reformarbeid. Gjeld ikkje legalitetsprinsippet Fylkesmann? Når Fylkesmannen trugar kommunane med at det er risikosport å ikkje slå seg saman, er det fordi Fylkesmannen legg til grunn lovar som det korkje er gjort framlegg om eller er vedteke? Kan vi akseptere at Fylkesmannen piskar kommunane inn i ein hastverksprosee utan heimel? Eg gjer ikkje det, skriv Jon Rikard Kleven i eit avisinnlegg i VTB idag.