Meny
Bli medlem

Fylkesmannen må sikre nynorsken!

Sist endret: 27.09.2020 #Telemark
Stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide krev at fylkesmannen brukar pengar på å støtte språkdeling.

 

Senterpartiet sin stortingskandidat Beate Marie Dahl Eide er bekymra for nynorsken sine kår i Telemark. No vil ho ha Fylkesmannen i Telemark på banen. Dahl Eide ber fylkesmannen i Telemark kjempe for nynorsken:
 
- Eg meinar fylkesmannen må bidra til å sikre nynorsken sine kår i Telemark! Dette kan Fylkesmannen mellom anna gjere gjennom å gje ekstra skjønnsmidlar til kommunar som har ekstra utgifter knytt til språkdelte klasser. - Vi ser at fleire og fleire vel bokmål som hovudmål. Det er viktig at dei som ynskjer å nytte nynorsk får gjere det, og at kommunane har ressursar til å dele klassene.
 
Regjeringa har bedt Fylkesmennene om å vurdere dette når ein fordelar skjønnsmidlar. I Telemark vel Fylkesmannen i Telemark å ikkje ta omsyn til dette når midlane vert fordelt. Dette meiner Dahl Eide er feil;
 
- Språkleg mangfold skal ikkje vere avhengig av god eller dårlig kommuneøkonomi. Eg meinar det er viktig og riktig å bruke skjønnsmidler på språkdelte klassar, seier Dahl Eide.
 
Fleire andre fylker, I t.d. Hordaland og Rogaland, nyttar i dag ein del av skjønnsmidlane til å styrke kommunar som har som har ekstrautgifter knytt til dette. Dette bør og gjerast i Telemark, meiner Dahl Eide.
 
- I eit fylke med sterke nynorske diktartradisjonar og eit flott dialektmangfald er det viktig å styrke språkopplæringa, seier Dahl Eide. - Vi har flotte talsmenn og -kvinner for det nynorske språket og dei flotte Telemarksdialektane i t.d. Odd og Åsmund Nordstoga, Ingebjørg Harman Bratland, Ni Liv og mange andre som nyttar dialekt i sitt arbeid. Det at barn og unge i Telemark får god språkopplæring er med å gje dei eit grunnlag for å bli like stolte og flotte nynorskbrukarar, seier Dahl Eide.
 
- Regjeringa har sagt at fylkesmennene skal vurdere dette når ein fordelar skjønnsmidlar. Det er gitt eit tydelig signal frå regjering som eg meiner fylkesmannen i Telemark må følge, seier Dahl Eide